|  
Båttransport på Gjende i Jotunheimen, Norge Foto: Gjendebåtane

Korleis kjem eg til til Jotunheimen?

Jotunheimen ligg i hjertet av Noreg, sentralt mellom Oslo, Bergen og Trondheim og er lett å nå også med offentleg transport.

Med buss og tog

Ekspressbussar frå Oslo, Bergen, Trondheim stoppar i området fleire gongar i døgnet. Ynskjer du å reise med tog, er Dovrebanen eit godt alternativ. Dovrebanen går tvers gjennom Nasjonalparkriket og Gudbrandsdalen på vegen mellom Oslo og Trondheim. Stoppestad for å koma til oss er Otta. Frå her tek du buss inn i Jotunheimen.

Med bil

Er du på ferie med eigen bil, er valmoglegheitene mange. Frå sør kjem du til Jotunheimen langs E6 frå Oslo/Lillehammer eller E16 til Fagernes og fv. 51 over Valdresflye.

Frå Bergen er raskaste vegen til Jotunheimen E16 gjennom Lærdalstunnelen og ferje til Kaupanger. Herifrå tek du fv. 55 frå Sogndal over Sognefjellet. Kjem du frå Stryn/Geiranger er fv. 15 vegen inn i området.

Transport i Jotunheimen

I Jotunheimen er det enklast å nytte eigen bil. Det er mange flotte opplevingsvegar i området. Dei nasjonale turistvegane Sognefjellsvegen (fv. 55) og Gamle Strynefjellsveg (fv. 258) finst her saman med den framtidige turistvegen over Valdresflye (fv. 51).

Til fjells kjem du enkelt med buss. Det er rutebussar til fjells kvar dag i sommarsesongen. Det går og buss dagleg mellom Vågå/Lom og Sogndal over Nord-Europas høgstliggjande fjellovergang, Sognefjellsvegen.

På Gjende kan du ta båten MS Gjende inn i hjertet av Jotunheimen. Det er høve til å leige bil i området og drosjer finst i alle bygdene.

Distanser til Jotunheimen

  • Bergen - Skjåk 386 km
  • Stryn - Skjåk 113 km
  • Geiranger - Skjåk 77 km
  • Sogndal - Lom 137 km
  • Fagernes - Vågå 130 km
  • Lillehammer - Vågå 144 km
  • Oslo - Lom 360 km
  • Trondheim - Lom 300 km

Distanser innan Jotunheimen

  • Skjåk - Lom 18 km
  • Lom - Vågå 31 km
  • Lom - Gjende 70 km
  • Lom - Sognefjellet 54 km
  • Lom - Grotli 60 km
Sist oppdatert:  13. oktober 2010

Interesse:  Transport, Fjell

Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Båttransport på Gjende i Jotunheimen, Norge - Foto: Gjendebåtane

Korleis kjem eg til til Jotunheimen?

Jotunheimen ligg i hjertet av Noreg, sentralt mellom Oslo, Bergen og Trondheim og er lett å nå også med offentleg transport.

Korleis kjem eg til til Jotunheimen?

Kilde:: Visitnorway

Vandring i Jotunheimen

Turforslag i Jotunheimen omfattar Besseggen, barnevennlege Hulderstigen og Galdhøpiggen.

Sommerski

Stryn Sommerski ligger ved foten av Jostedalsbreen og er Norges største sommerskisenter.

Attraksjonar i Jotunheimen

I Jotunheimen finn du bygder som byr på kultur, opplevingar og rekreasjon. Opplev Ridderspranget, Lom stavkyrkje og Norsk Fjellmuseum.

Om Jotunheimen

Fakta om Jotunheimen

Navnet Jotunheimen ble først tatt i bruk av Aasmund Olavsson Vinje, som gikk mye i området i 1860-årene. Navnet betyr kjempenes hjem.

Turistinformasjon i Jotunheimen

Hjå turistkontora i Jotunheimen får du informasjon og tips om kva som skjer i området, aktivitetar, opplevingar, servering og overnatting.

ANNONSER

Jotunheimen

Morgen
Klart, Flau vind
2°C

Relaterte filmer

Relatert

Transport

Fjell

ANNONSER

TEKSTANNONSER