|  
Pause frå fiskinga ved Geirangerfjorden, Norge Foto: Terje Rakke/Nordic Life

Fakta om Geirangerfjorden og Trollstigen

Den unike naturen i området vart forma av den siste istida, då isbreane grov ut djupe fjordar og forma høge fjell.

Folkesetnad

Det er lenge sidan dei første menneska busette seg i indre fjordstrok. Kort tid etter siste istida for om lag 10 000 år sidan, vart området teke i bruk av reinjegerar.

Elles er det teikn på spreidd busetnad her frå yngre steinalder for om lag 4000 år sidan.

I dag er området vårt delt inn i to kommunar, Norddal og Stranda.

Norddal kommune har om lag 1760 innbyggjarar fordelt på dei fem bygdene Eidsdal, Fjørå, Norddal, Tafjord og kommunesenteret Valldal. Stranda kommune har eit innbyggjartal på 4540, og består av bygdene Geiranger, Hellesylt, Liabygda og kommunesenteret Stranda.

Sommarstid aukar folketalet i begge kommunane svært mykje, som følgje av mange sesongarbeidarar og lokale turistar som har hytter og campingvogner ståande her fast.

Geografi og klima

Den unike naturen i området vart forma av den siste istida, då isbreane grov ut djupe fjordar og forma høge fjell. Her er fjordane om lag 6-700 meter på det djupaste, og fjella opp mot 2000 meter høge.

Geirangerfjorden med omland, ilag med Nærøyfjorden i Sogn, hamna i 2005 på UNESCO si liste over verdas naturarv. Totalt er eit areal på 498 km2 (Geiranger – Herdalen landskapsvernområde) i kommunane Norddal og Stranda innskrive på UNESCO-lista.

Ein del av Reinheimen nasjonalpark, som spesielt skal verne om villreinstammen i Ottadalen, ligg også i Norddal kommune.

Klimaet i området er mildt, noko som til dømes gjer det mogleg å drive frukt- og bærproduksjon. I låglandet er ikkje vintrane særleg kalde, medan det i fjella vanlegvis er mykje snø og fine skiforhold.

Næringsliv

Langs Storfjorden har ein tradisjonelt sett drive med jordbruk, kombinert med jakt og fiske. No er næringsmiddelproduksjon ei stor næring i Stranda kommune – mellom anna spekemat og ferdigpizzaen Grandiosa vert produsert her. Andre viktige næringar er fiskeoppdrett, møbelindustri, og uttak av sand og mineralet olivin.

Det vert framleis drive gardsbruk (med sauer, geiter, kyr) i fjordområda. I Valldal utgjer frukt- og jordbærdyrking ein stor del av verdiskapinga.

Turisme er heilårssysselsetjing for nokre og tilleggsnæring for mange. Den store turisttilstrøyminga om sommaren gjer det også mogleg for handelsstanden å oppretthalde eit breiare tilbod enn kundegrunnlaget elles i året skulle tilseie.

Turisme

På midten av 1800-talet vart Sunnmøre og Geiranger oppdaga som reisemål av britiske fjellpionerar. Ikkje lenge etter, i 1869, sigla det første turistskipet inn Geirangerfjorden.

Det vart oppretta eit eige skysslag i bygda, som frakta turistar opp Geirangervegen (1889) til Djupvasshytta. I starten vert det nytta hesteskyss, men seinare gjekk ein over til importerte bilar ombygde til å passe lokale forhold.

Sidan den tid har mange hotell og hytter vorte bygde for å huse alle turistane. Fleire og betre vegar har gjort det lettare å kome seg hit, mellom anna sommaropne Trollstigen (1936) og Nibbevegen (1939), og den heilårsopne Ørnevegen (1954).

Turismen har, frå den spede starten på 1800-talet, utvikla seg til å verte ei svært viktig næring i distriktet. No reknar ein med at om lag 600 000 turistar er innom Geiranger og Trollstigen i løpet av ein sommar.

Sist oppdatert:  27. august 2008
Cruiseskip på Geirangerfjorden, Norge - Foto: Terje Rakke/Nordic Life AS
Cruiseskip på Geirangerfjorden, Norge
Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Pause frå fiskinga ved Geirangerfjorden, Norge - Foto: Terje Rakke/Nordic Life AS

Fakta om Geirangerfjorden og Trollstigen

Den unike naturen i området vart forma av den siste istida, då isbreane grov ut djupe fjordar og forma høge fjell.

Fakta om Geirangerfjorden og Trollstigen

Kilde:: Visitnorway

Om Geiranger og Trollstigen

Geirangerfjorden og Trollstigen

Fjordlandskapet vårt er unikt og eksepsjonelt vakkert. Nettopp difor står Geirangerfjorden med omland på UNESCO si liste over verdas naturarv.

Fakta om Ålesund og Sunnmøre

Ålesund, med 40.000 innbyggere, er den største byen på Sunnmøre, en region som er kjent for fiske, maritim teknologi og møbelproduksjon.

Turistinformasjon ved Geirangerfjorden og Trollstigen

Ta kontakt med eller stikk innom ein av våre lokale turistinformasjonar for tips og råd om overnatting, transport, fjellturar og aktivitetar.

Turistinformasjon i Ålesund og Sunnmøre

Turistinformasjonen i Ålesund er på Skateflukaia, sentralt plassert i byen. Ulsteinvik, Fosnavåg, Ørsta og Stordal har også turistinformasjon.

ANNONSER

Geirangerfjorden

Kveld
Klart, Flau vind
19°C

Relaterte filmer

ANNONSER

TEKSTANNONSER