|  
Fallskjermhopping i Voss Foto: Steve Newman/Voss Fallskjermklubb

Aktivitetar på Voss

Frå fotturar til fallskjermhopping og frå jazz til ekstremsport; Voss tilbyr eit bredt spekter av aktivitetar og festivalar året rundt.

Voss byr på adrenalinkick for store og små med vindtunel, klatrepark, rafting, paragliding og fallskjermhopp som nokre av aktivitetene du kan ta del i.

Crossover på Voss

"Crossover" har blitt ein måte å forklara besøkande og lokalbefolkning at på Voss ligg det godt til rette for å oppleve særpreget i vår lokale kultur og tradisjonar gjennom aktivitetar som rafting, fallskjermhopping, vandring, sykling og skikøyring. Begrepet "crossover på Voss" er til døme knytta til det årlige arrangementet "Vossa Jazz", gjennom ein såkalt Extremejazz-konsert. Då ekstremjazz vart introdusert for fyrste gong kunne publikum oppleva ein jazzkonsert på toppen av fjellet Hanguren. Ein scene var bygd av snø og is, der fallskjermhopparar og paraglidarar skapte ei fargerik ramme rundt konserten.

Som besøkande til Voss har du muligheten for å utnytta mangfaldet i aktivitetstilbodet, slik at du finn fram til din crossover oppleving som passar ditt behov og utfordrar deg innan dine grenser.

På Voss er det noko som skjer kvar dag, heile året.

Vinter

Med to skisenter er det totalt 55 kilometer løyper og 19 heisar løyper som passar for heile familien. Sesongen vil variere ut frå snø og vêrforhold, men ein kan seie at skisentra har sesongope om lag frå midten av november/desember fram til april/mai.

Voss Resort

Voss Resort er eit tradisjonsrikt og veletablert skisenter med 12 heisar, 19 løyper og terrengpark. Velkomstsenteret ligg i Bavallen, 5 kilometer frå Voss sentrum der du i gåavstand kan koma deg til skisenteret via gondolbanen Hangursbanen. Gratis buss frå Voss sentrum.

Voss Fjellandsby – Myrkdalen

Voss Fjellandsby – Myrkdalen er eit forholdsvis nytt skisenter med 7 heisar, 15 løyper og terrengpark. Skianlegget ligg i Myrkdalen 25 minuttars køyring frå Voss sentrum. Gratis buss frå Voss sentrum i helger og feriar.

Andre vinteraktivitetar

  • Norge i eit nøtteskal. Ein rundtur med tog, buss og fjordcruise, som inkluderer Flåmsbana og Nærøyfjorden.
  • Kanefart og opplevingar med hest
  • Sightseeing i helikopter
  • Tandem paragliding
  • Utandørs boblebad og sauna
  • Klatrepark
  • Rappellering
  • Vindtunnel (innandørs)
  • Shopping

Sommar

I nesten 200 år har Voss teke i mot besøkande på jakt etter opplevingar basert på natur og lokal kultur og tradisjonar.

Voss er òg eit framifrå utgangspunkt for å utforske regionen, lokalisert kun ein times tid frå Bergen og mellom dei kjende fjordane Hardangerfjorden og Sognefjorden

Utandørs opplevingar

Bli med på rafting og elvepadling, fly i Noregs fyrste vindtunnel, nyt naturen gjennom eit slag golf, tandem paragliding eller i eit tandem fallskjermhopp. Voss kan tilby utandørs aktivitetar for dei som søker både ekstreme og mindre ekstreme opplevingar.

Vandring og fotturar

På Voss er det varierte muligheter for vandring, frå kortare turar på stølsvegar og merka stiar til lengre turar i kjende Stølsheimen eller andre fjellområde på Voss. Ta kontakt med Voss Turistinformasjon for turforslag og kart. Hugs at veret kan skifte fort i fjellet og godt utstyr er difor viktig når du tek fjellet fatt.

Guida fotturar på Voss og området rundt

  • Vossafjell  
  • Voss Rafting Senter
  • Heritage Adventures 
  • Voss Resort

Sykling i Vossaområdet

Rallarvegen, den kjende anleggsvegen langs Bergensbanen frå Haugastøl leier òg til Voss. Om du tek toget til Finse så kan du sykle Rallarvegen til Voss på ein dag. I tillegg til rallarvegen, så finst det fleire sykkelruter, for det meste langs bygdevegar som tek deg innover i kulturlandskapet på Voss, samt område eigna for fjellsykling. Ta kontakt med Voss Turistinformasjon for meir informasjon om sykkelruter på Voss.

Events

Gjennom året kan Voss presentera ei rekkje årlege og tradisjonsrike arrangement, som har vakse seg fram til å bli velkjende både nasjonalt og internasjonalt:

  • Vossa Jazz 
  • Ekstremsportveko
  • Smalahovesleppet
  • Osafestivalen
  • Balkanfest

Spesielle begivenheter er Voss 2013 - FIS Freestyle World Championships, som finner sted både i Voss Resort og Voss Fjellandsby (i mars 2013) og Landskytterstemnet 2012, eit nasjonalt skytemeisterskap (frå 9. til 17. august 2012).

Tidspunkt for turen

Sist oppdatert:  24. mai 2012
På sykkel i Voss - Foto: Voss klatrepark
På sykkel i Voss
Rafting i Voss - Foto: Voss Rafting Senter AS
Rafting i Voss

Interesse:  Hanggliding og paragliding, Rafting, Kano og kajakk, Sykling, Fjelltur, Ridning og sledekjøring

Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Fallskjermhopping i Voss - Foto: Steve Newman/Voss Fallskjermklubb

Aktivitetar på Voss

Frå fotturar til fallskjermhopping og frå jazz til ekstremsport; Voss tilbyr eit bredt spekter av aktivitetar og festivalar året rundt.

Aktivitetar på Voss

Kilde:: Visitnorway

Om Voss

Voss

Voss - bygd for sterke opplevingar! I nesten 200 år har Voss teke imot turistar som søkjer aktivitetar basert på natur og kultur.

Turistinformasjon på Voss

Voss Turistinformasjon kan hjelpe deg med å planlegge opphaldet ditt, både før og under reisa og ligg sentralt plassert i Voss sentrum.

Fakta om Voss

Voss ligg sentralt plassert på Vestlandet, langs Bergensbanen og E16 (Oslo – Bergen). Bygda er eit levande regionsenter med over 14 000 innbyggjarar.

ANNONSER

Voss

Kveld
Sol/skyfritt, Svak vind
23°C

Relaterte filmer

ANNONSER

TEKSTANNONSER