|  
Treskjerartunet på Voss, Norge Foto: Svein Ulvund

Shopping på Voss

Regionsenteret Voss er eit allsidig handelssenter. Her kan du òg finna fleire lokale kunstnarar og handverkarar som sel produkt i frå eige verkstad.

Handelssenteret Voss

Voss er eit regionsenter for indre Hordaland, tilrettelagt for handel og ulik tenesteyting. I sentrum av Voss finn du handlegata Vangsgata med ei rekkje butikkar av ulike slag inkludert klesbutikkar, gull- og sølvsmed, sportsbutikkar og matvare.

Følgjer du Uttrågata, som ligg parallellt med Vangsgata, gjennom lyskrysset og austover over Langabrua, kjem du til kjøpesenteret Amfi som saman med Vangen utgjer eit allsidig handletilbod på Voss.

Sportsvarer på Voss

Voss har ca. 14 000 innbyggjarar, og heile sju butikkar med klede og utstyr for sports- og friluftslivkan knytast til denne kategorien. Ein av butikkane er Kari Traa-butikken som ligg midt i Voss sentrum. Kari Traa er født og oppvaksen på Voss og kan vise til sportslege bragder innan kulekøyring og freestylesporten der ho har medaljar frå OL og VM. Gjennom Kari Traa AS har ho slått saman sine to interesser sport og kreativitet og laga eit sporty, vågalt og sprudlande kleskonsept.

Vossakunst og handverk

Er du på jakt etter noko spesielt frå lokalområdet, då har Voss ei rekkje lokalkunstnarar og handverkarar som sel produkt i frå eigne verkstad og gjennom andre salsstader.

Linda Lid
Vedbrent keramikk med særpreg. Verkstad og salsutstilling. Sentrumsnært, føl vegen langs Vangvatnet (ikkje E16).

Besøksadresse: Vikjavegen 401, Nesthus, Voss
Telefon: 480 79 468
E-post: lindalid@start.no

Galleri Voss
Galleri i sentrum av Voss, med skiftande utstillingar av norsk samtidskunst og sal av norsk kunst og handverk, inkludert lokal kunst.

Besøksadresse: Stallgata 6-8
Telefon: 56 51 90 18

Husfliden
Butikk i Voss sentrum med sal av lokalproduserte varer.

Besøksadresse: Vangsgata 22
Telefon: 56 51 16 19

StrandaFlid
Handverksmesse på Vinje, ca. 20 km frå Voss sentrum. Open sommarmånadane, med sal av produkt frå ca. 100 lokale leverandørar av trearbeid, rosemåling, vevnad m.m.

Besøksadresse: Vinje, 5713 Vossestrand
Telefon: 975 10 392

Opningstider (sesong juni - august):

  • Måndag og sundag stengt
  • Tysdag - fredag kl. 11 - 18
  • Laurdag kl. 11 - 15

Treskjerartunet Nymark & Mørkve
Verkstadutsal med trefigurar og grafikk. Ligg i Myrkdalen, ca 30 km frå Voss sentrum.

Besøksadresse: Tveitavegen 4, Myrkdalen, 5713 Vossestrand
Telefon: 990 35 733
E-post: arne.morkve@treskjerartunet.no

Opningstider:

  • Måndag - fredag: 10 - 18
  • Laurdag/sundag: Varierande opningstider. Ta kontakt på 990 35 733 for informasjon.

Kulturverkstaden Magasinet
Verkstad for ei rekkje lokale kunstnarar innan trearbeid, bilete, glas, keramikk og grafikk. Høve til å kjøpa kunst direkte frå verkstad. Gangavstand frå sentrum.

Besøksadresse: Magasinvegen 16, Voss (Tvildemoen)
Telefon: Voss Turistinformasjon: 56 52 08 00

Opningstider: Ta kontakt med Voss Turistinformasjon for meir informasjon.

Hendrieke Berg
Verkstad og galleri med ei variert salsutstilling av handgravert glas, handkolorerte koparstikk (grafikk) og smijern. Sentrumsnært, føl vegen langs Vangvatnet (ikkje E16).

Besøksadresse: Vikjavegen 709, Eimstad, Voss
Telefon: 56 51 21 50/907 20 579
E-post: hendberg@online.no

Opningstider: Måndag - laurdag

Sist oppdatert:  22. mai 2012
Keramikk av Gro Nesheim Øvsthus på Kulturverkstaden Magasinet, Norge - Foto: Kari Traa shop
Keramikk av Gro Nesheim Øvsthus på Kulturverkstaden Magasinet, Norge
Keramikk av Linda Lid, Norge - Foto: Linda Lid
Keramikk av Linda Lid, Norge

Interesse:  Shopping

Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Treskjerartunet på Voss, Norge - Foto: Svein Ulvund

Shopping på Voss

Regionsenteret Voss er eit allsidig handelssenter. Her kan du òg finna fleire lokale kunstnarar og handverkarar som sel produkt i frå eige verkstad.

Shopping på Voss

Kilde:: Visitnorway

Om Voss

Voss

Voss - bygd for sterke opplevingar! I nesten 200 år har Voss teke imot turistar som søkjer aktivitetar basert på natur og kultur.

Turistinformasjon på Voss

Voss Turistinformasjon kan hjelpe deg med å planlegge opphaldet ditt, både før og under reisa og ligg sentralt plassert i Voss sentrum.

Fakta om Voss

Voss ligg sentralt plassert på Vestlandet, langs Bergensbanen og E16 (Oslo – Bergen). Bygda er eit levande regionsenter med over 14 000 innbyggjarar.

ANNONSER

Voss

Kveld
Sol/skyfritt, Svak vind
23°C

Aktuelle filmer

Relatert

Shopping

ANNONSER

TEKSTANNONSER