|  
Familiemoro på Voss Resort, Norge Foto: Photographer Senderud

Vinteraktivitetar på Voss

Voss har tradisjonar, idrettsstjerner og utfordrande, vakker vestlandsnatur. Dei to skianlegga er drivkrefter for ei stadig utvikling av vinter-Voss.

Alpint og snowboard

Voss kan kallast Vestlandet sitt skimetropol, med løyper for heile familien. Dei varierte fjellområda på Voss er som skapt for vintersport og det er ikkje utan grunn at Voss er den staden i verda som har hatt flest deltakarar i vinter-OL, sett i høve til folketalet.

På Voss kan du stå på ski i to skianlegg: Voss Resort og Voss Fjellandsby Myrkdalen. I dei to skianlegga finn du gode bakkar for nybyrjarar og krevjande terreng for dei beste. I tillegg til skisentra er det mange muligheter for langrenn og turgåing vinterstid på Voss.

Voss Resort

I eit samla, komplett heis- og løypenett finn du eit av dei mest tradisjonsrike skisentra i landet. Voss Resort ligg i Bavallen, berre fem kilometer frå Voss sentrum. Det går buss frå Voss til Bavallen kvar dag.

Her er litt for alle. Enkelt eller krevjande, velpreparert eller flotte offpiste-område. Og mellom turane; tre kaféar/varmestover. Løypekart Voss Resort 

Voss Fjellandsby – Myrkdalen

Myrkdalen ligg ein 25 minuttars køyring frå Voss sentrum og er eit av dei mest snøsikre områda i Noreg. I Voss Fjellandsby finn du heisar og løyper som passer for heile familien. Løypekart Myrkdalen

For borna

I Voss Resort finn du tre forskjellige barneområder. To av områdene, Badnakrokjen og Grebbesbakken, er gratis. I helger og ferier arrangeres skiløp og andre barneaktiviteter i Badnakrokjen som er plassert rett ved kaféen Storastova på Slettafjellet.

Voss Fjellandsby Myrkdalen har eit eige barnetrekk og skiband for dei minste. Dei tilbyr aktiviteter for barn i helgene, i feriene og på forespørsel. Skirenn for barn i alderen tre til 12 kan ordnes, samt aktiviteter uten ski som aking, tautrekking, ansiktsmaling og musikkspill.

Heiskort

I Voss kjøper du heiskort på kvart skisenter, Voss Resort eller Voss Fjellandsby Myrkdalen. Keycard må kjøpes for seg. Sjå heimesidene til skisentra for prisar på heiskort:

Voss Resort
Voss Fjellandsby Myrkdalen  

Skiutleige

Begge skianlegga har skiutleige. Dei kan tilby støvler, ski, staver og snøbrett for både born og vaksne.

Skiskule

Dei to anlegga har og skiskule; Voss Resort Skiskule og Voss Fjellandsby Skiskule. Skiskulane tilbyr instruksjon for folk i alle aldre, både på engelsk og på norsk. Instruktørane kan lera deg alpint, telemark, snowboard, langrenn og meir. Her finn ein instruksjon for både nybegynnere og meir erfarne.

Turar og kurs

Off-piste turar med guide vert arrangert i båe skisentra. For booking, kontakt:

Voss Resort tilbyr skiturar med guide, på alpinski eller langrenn. For booking, send e-post til skishop@vossresort.no eller ring 959 82 065.

Sit-ski kurs er skikurs for funksjonshemma på Voss Fjellandsby Myrkdalen. For booking, send e-post til skiskule@vossfjellandsby.no eller ring 959 93 535.

Vinter utan ski

Det er nok å gjera på Voss utan ski, og er er eksempel på andre vinteraktiviteter:
Guida turer 
Utendørs jacuzzi og badstue 
Norge i et nøtteskall ® 
 Sightseeing i helikopter
 Tandem paragliding
 Omvisning på Mølstertunet og Voss Folkemuseum
 Hest og slede 
 Vindtunnel 

Vær oppmerksom på at nokre av aktivitetane i utgangspunktet berre er tilgjengelege for større grupper, men at dei kan verta organisert for enkeltpersoner/mindre grupper på førespurnad. Nokon av aktivitetane forhåndsbestilles.

Langrenn

Om du ynskjer å gå på langrenn på Voss kan du nyte preparerte langrennsløyper fleire steder. I tillegg til dei to skistedene Voss Resort og Voss Fjellandsy , kan du benytte Voss Ski & Tursenter mange løyper. Sjå ein oversikt over nokon av løypene på Voss

Nytt for vinter-Voss

Voss har fått tildelt VM i Freestyle 2013 og konkurransar innan freestyle-sporten vil ta plass både i Voss Resort og Voss Fjellandsby. Følg med!

Sist oppdatert:  22. mai 2012
Voss Fjellandsby, Norge - Foto: Erik Østlie
Voss Fjellandsby, Norge
Voss Fjellandsby, Norge - Foto: Per Berge/Voss Fjellandsby
Voss Fjellandsby, Norge

Interesse:  Ski

Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Familiemoro på Voss Resort, Norge - Foto: Photographer Senderud

Vinteraktivitetar på Voss

Voss har tradisjonar, idrettsstjerner og utfordrande, vakker vestlandsnatur. Dei to skianlegga er drivkrefter for ei stadig utvikling av vinter-Voss.

Vinteraktivitetar på Voss

Kilde:: Visitnorway

Om Voss

Voss

Voss - bygd for sterke opplevingar! I nesten 200 år har Voss teke imot turistar som søkjer aktivitetar basert på natur og kultur.

Turistinformasjon på Voss

Voss Turistinformasjon kan hjelpe deg med å planlegge opphaldet ditt, både før og under reisa og ligg sentralt plassert i Voss sentrum.

Fakta om Voss

Voss ligg sentralt plassert på Vestlandet, langs Bergensbanen og E16 (Oslo – Bergen). Bygda er eit levande regionsenter med over 14 000 innbyggjarar.

ANNONSER

Voss

Kveld
Sol/skyfritt, Svak vind
23°C

Relaterte filmer

Relatert

Ski

ANNONSER

TEKSTANNONSER