|  
Fleischer's Hotel i Voss, Norge Foto: Fleischer's Hotel

Overnatting på Voss

Komfortabelt hotell og høgstandard hytter, fjellstove med særpreg eller enkle campinghytter? På Voss har du eit mangfald alternativ å velja i.

Hotell, vandrarheimer og fjellstover

For overnatting med frukost har du valet mellom hotell med internasjonal standard, vandrarheimar og fjellstover.

Fleischer's Hotel
Hotellet ligg i Voss sentrum, ope heile året og er ein del av "Dei historiske hotell".

Park Hotel Vossevangen
Hotellet ligg i Voss sentrum, ope heile året. 

Voss Vandrarheim
Vandrarheim som ligg i Voss sentrum, ope heile året. 

Engjaland Gard
Fjellpensjonat som ligg på Vossestrand, circa 20 kilometer frå Voss sentrum. Sommarope.

Voss Fjellandsby Hotel
Hotellet ligg i Myrkdalen, cirka 25 kilometer frå Voss sentrum. Ope heile året.

Sjølvhushald på Voss: hytter, feriehus og leilegheiter

Sjølvhushald er ei populær overnattingsval i blant mange av våre besøkande. Standard varierer i alt frå komfortable høgstandard hytter og leilegheiter som er fullt utstyrt med varmekablar på badet, tv og oppvaskmaskin til campinghytter som er meir sparsamt innreia og utan innlagt vatn. 

I tillegg varierer lokaliseringa av hyttene, i frå større hyttegrender, til klynger på eit gardstun eller eit hus meir tilfeldig plassert i flott natur.

Overnatting i våre skisenter

Voss har to skisenter som kan by på opplevingar og overnatting heile året.

Voss Resort
Vårt sentrumsnære skisenter tilbyr overnatting i høgstandard hytter og leilegheiter, heile året. Velkomstsenteret ligg i Bavallen, 5 kilometer frå Voss sentrum.

Voss Fjellandsby
Dette skisenteret litt i Myrkdalen, berre 25 kilometer frå Voss sentrum. I Voss Fjellandsby kan du bu i høgstandard hytter og leilegheiter eller i hotel (sjå informasjon ovanfor), heile året.

Gardsovernatting

På Voss så er det mange gardseigarar som har bygd om fleire av gardshusa slik at dei no kan tilby overnatting til besøkande. Unikt med denne typen sjølvhushald, er det at bygningane ofte ligg som del av eit opprinneleg gardstun og ein kan oppleva at det er eit personleg preg over dekoren og innreiinga.

Haugo Utleige
Hytte eller rom i hus (med delt bad og kjøkken), ligg cirka 1,5 kilometer frå Voss sentrum. Ope heile året.

Eenstunet
Ferieleiligheter, ligg circa 6 kilometer frå Voss sentrum. Ope heile året.

Tunet–Voss
Hus som ligg circa 8 kilometer frå Voss sentrum. Ope heile året.

Stalheim Fjord og Fjellhytter
Hytter som ligg på Stalheim, circa 35 kilometer frå Voss sentrum. Ope heile året.

Campingplassar

På campingplassane på Voss, så kan du bu i enkelt innreia hytter or i eigen bubil, campingvogn eller telt.

Voss Camping
Ligg i Voss sentrum. Ope heile året.

Myrkdalen Camping
Ligg i Myrkdalen, 25 kilometer frå Voss sentrum. Ope heile året.

Sist oppdatert:  05. april 2011
Tunet Voss, Norge - Foto: Tunet Voss
Tunet Voss, Norge

Interesse:  Hoteller, Camping, Leiligheter, Hytter og feriehus, Bondegårdsferie, Hostel og pensjonat

Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Fleischer's Hotel i Voss, Norge - Foto: Fleischer' Hotel

Overnatting på Voss

Komfortabelt hotell og høgstandard hytter, fjellstove med særpreg eller enkle campinghytter? På Voss har du eit mangfald alternativ å velja i.

Overnatting på Voss

Kilde:: Visitnorway

Om Voss

Voss

Voss - bygd for sterke opplevingar! I nesten 200 år har Voss teke imot turistar som søkjer aktivitetar basert på natur og kultur.

Turistinformasjon på Voss

Voss Turistinformasjon kan hjelpe deg med å planlegge opphaldet ditt, både før og under reisa og ligg sentralt plassert i Voss sentrum.

Fakta om Voss

Voss ligg sentralt plassert på Vestlandet, langs Bergensbanen og E16 (Oslo – Bergen). Bygda er eit levande regionsenter med over 14 000 innbyggjarar.

ANNONSER

Voss

Kveld
Sol/skyfritt, Svak vind
23°C

Aktuelle filmer

ANNONSER

TEKSTANNONSER