Gå til innhold Gå til hovedmeny
Batalden

Store Batalden

Store Batalden Foto: Siri Stavang Store Batalden Foto: Eivind Hauge Store Batalden Foto: FjordKysten Store Batalden Foto: FjordKysten
Store Batalden Foto: Siri Stavang
Store Batalden Foto: Eivind Hauge
Store Batalden Foto: FjordKysten
Store Batalden Foto: FjordKysten

Fakta om turen

Vanskelighetsgrad
  • Middels
Varighet
  • 3 timer
Landskap
  • Fjell
  • Kyst
  • Ved fjorden
Sesong:
Hele året

Kontaktinformasjon

Beskrivelse

La utsikta ta pusten og nyt utsynet over mylderet av øyar frå den høgste toppen i Flora skjergarden! Med sine 495 m.o.h. er Store Batalden den høgste fjelltoppen på øyane vest for Florø. Her kan du nyte synet av den vakre naturen som gjer skjergarden rundt Florø heilt unik!

På Store Batalden kan du også besøke den prisbelønte Batalden Havbu med museum og kunstutstilling. Batalden Havbu har mellom anna blitt tildelt Olavsrosa for si formidling av kystkultur.

Turen tek ca 2,5 timar tur/retur. Løypa er middels krevjande, og burde passe for dei fleste som er vant med å gå i ulendt terreng.

Korleis kjem ein seg til oppmøtestaden?

Florø er lett tilgjengeleg med fly, ekspressbåt og med eigen bil.

Det går fly til Florø frå både Oslo og Bergen fleire gongar dagleg. Sjå www.dat.no

Ein kan også ta ekspressbåt frå Bergen og Selje. Når ein kjem til Florø tar ein lokal rutebåt ut til Store Batalden. Sjå www.fjord1.no eller www.ruteinfo.net for ruteinformasjon.

Med bil frå Bergen:
Følg E39 nordover mot Ålesund/Førde/Lavik. Når du kjem til Oppedal tar du ferja til Lavik. Sjå www.ruteinfo.net for rutetider. Frå Lavik følgjer du E39 vidare til Førde. Her tar du av på Naustdalsvegen (veg 5) og følgjer den til Florø. Det tar ca 3 timar å køyre frå Bergen til Florø.


Turbeskrivelse:
Tid: 1 time kvar veg.
Høgd: 492 moh.
Lengd: 4 km.

Turen startar frå kaia på Store Batalden. Ein kryssar fjæra og går til venstre ved husa. Det er litt merking og god sti oppover. Ein kjem til eit vatn bak husa, og skal gå på venstre side av det. Første del av turen går i nokså flatt terreng over tidlegare innmark før ein kjem over i eit område med delvis ur og fastare grunn. Her går det ganske bratt til ein er omtrent halvvegs oppe. Derfrå er det litt slakare det siste stykket opp mot toppen. På toppen kan ein nyte den fantastiske utsikta over øyriket utanfor Florø! Returen går tilbake same veg.

Om ein ynskjer ei lettare oppstigning kan ein gå nordover langs austsida av øya frå kaia. Oppstiginga skjer då frå nordaust, og ein går over berg og lungrabbar heile vegen opp. Denne turen tar noko lengre tid enn den andre løypa.

Etter turen til toppen bør ein besøke Batalden Havbu – eit restaurert fiskerimiljø på øya! I husa frå 1800-talet er det både museum og kunstgalleri i tillegg til overnattingsmuligheiter. Her er det gamle autentiske miljøet tatt vare på, og Batalden Havbu har blitt tildelt fleire prisar for si formidling av kulturhistorie.

Museet viser lokal fiskerihistorie og levesett gjennom foto, reiskapar og utstyr, bøker og modellbåtar. På kunstgalleriet blir kunstnarar frå vestlandet ofte inviterte til å stille ut i sommarmånadane, i tillegg til at Gunhild Bjelland som driv galleriet stiller ut eigne måleri.

Kategorier

  • Vandring Vandring

Fasiliteter

  • Sesong 

    • hele året
  • Natur og terreng 

    • kupert
    • utsiktspunkt
    • sjø
    • fjell
    • fjellterreng
    • natur
    • utsikt
    • hav/fjord
    • utsiktsplass
    • kyst
  • Gradering 

    • middels
  • Varighet 

    • 3 timer
Juridiske forbehold

Dette nettstedet inneholder informasjon om produkter og tjenester fra tredjepart, som kan komme fra leverandøren av disse produktene/tjenestene, eller en tredjepart. Selv om vi etter beste evne forsøker å holde informasjonen korrekt og oppdatert, kan vi likevel ikke garantere for nøyaktigheten av informasjonen. Informasjon om pris og tilgjengelighet kan endres uten varsel. Du bør alltid sjekke om informasjonen som er oppgitt stemmer overens med tilbyderen av produktet/tjenesten. Innovasjon Norge er ikke på noen måte erstatningspliktig for krav som oppstår i forhold til informasjonen som er tilgjengelig på dette nettstedet. Innovasjon Norge er heller ikke ansvarlig for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til. Se juridisk forbehold.

Mer om dette området

Overnatting ved FjordKysten

Langs kysten av Sogn og Fjordane finn du mange hyggelege og komfortable overnattingsstader.

Turistinformasjon langs FjordKysten

Langs kysten er det flere turistkontorene som kan gi deg den informasjonen du trenger for reiser langs FjordKysten.

Shopping langs FjordKysten

FjordKysten har eit rikt utval av lokale butikkar med eigne spesialitetar. Her er galleri, sjarmerande små butikkar og norske handverktradisjonar.

Aktivitetar ved FjordKysten

Den varierte naturen langs FjordKysten tillet mange ulike aktivitetar. Alt frå fisking og båtturar til sykling og riding, samt tilrettelagte turer.

Turforslag på FjordKysten

Alle reisemåla ligg langs ruta Bergen - Selje. Du kjem inn til alle stadene med båt.

Attraksjonar langs FjordKysten

Fjordkysten er kjent for sin vakre natur med fjord og fjell. Og vi deler gjerne våre kystperler med deg.

ANNONSER

TEKSTANNONSER