Gå til innhold Gå til hovedmeny
Tyssedal

Trolltunga

Trolltunga Foto: Till Hanten Trolltunga Foto: Jay Patel Trolltunga Foto: Terje Nesthus Trolltunga Foto: Stig Tronvold Trolltunga Foto: Opplev Odda Trolltunga Foto: Harald Hognerud
Trolltunga Foto: Till Hanten
Trolltunga Foto: Jay Patel
Trolltunga Foto: Terje Nesthus
Trolltunga Foto: Stig Tronvold
Trolltunga Foto: Opplev Odda
Trolltunga Foto: Harald Hognerud

Fakta om turen

Vanskelighetsgrad
  • Utfordrende
Varighet
  • 8 timer
Landskap
  • Fjell
Sesong:
Juni - September

Kontaktinformasjon

Beskrivelse

Trolltunga er ein av dei mest spektakulære fjellformasjonane i Noreg. Den ligg 1100 moh, omlag 700 meter over Ringedalsvatnet i Skjeggedal. Her er det fantastisk og luftig utsikt. Fotturen til Trolltunga går i høgfjellet, tar 8-10 timar t/r og høgdeforskjellen er ca. 900 meter. Trolltunga er tilgjengeleg frå omlag midten av juni til midten av september. Dette er ein tur som høver for folk i normalt god form. Planlegg godt og start tidleg på dagen. Det er inga mobiltelefondekning undervegs.

















Frå Odda køyrer ein til Tyssedal på riksveg 13. Deretter føl ein skilting frå Tyssedal mot Skjeggedal. Det er om lag 7 km å køyre inn til parkeringsplassen. Det kostar 100 kr. pr. dag å parkere her og 300 kr. for årskort. Pengane går til tiltak i området. Fotturen startar på høgre side av Mågelibanen (ikkje drift) og er merka med raude T'ar og skilt i stikryss.

Nær Trolltunga ligg DNT-hytta (Den Norske Turistforening) Reinaskorsbu der ein kan overnatte. For å komme inn i hytta treng ein DNT-nøkkel som ein til dømes kan få på turistkontoret i Odda. OBS! Reinaskorsbu har berre 6 sengjeplassar og vert raskt full i sesongen! Om ein vil overnatte på turen er det derfor ein god idè å ta med telt.

All ferdsel i naturen og bruk av informasjon er på eige ansvar. Du må sjølv vurdere om du er i god nok form og har rett fjellutstyr for turen. Hugs godt fottøy, gode klede, mat, drikke, kart og kompass. Sjekk vervarsel for området. Vis respekt for naturen og fjellet!

Kontakt Odda turistkontor for meir detaljert informasjon om turen, overnatting og kart.

Kategorier

  • Vandring Vandring

Når

15.06.2013 - 15.09.2013
man - søn

Fasiliteter

  • Sesong 

    • august
    • juli
    • juni
    • september
  • Natur og terreng 

    • fjellterreng
    • fjell
  • Gradering 

    • krevende
  • Varighet 

    • 8 timer
Juridiske forbehold

Dette nettstedet inneholder informasjon om produkter og tjenester fra tredjepart, som kan komme fra leverandøren av disse produktene/tjenestene, eller en tredjepart. Selv om vi etter beste evne forsøker å holde informasjonen korrekt og oppdatert, kan vi likevel ikke garantere for nøyaktigheten av informasjonen. Informasjon om pris og tilgjengelighet kan endres uten varsel. Du bør alltid sjekke om informasjonen som er oppgitt stemmer overens med tilbyderen av produktet/tjenesten. Innovasjon Norge er ikke på noen måte erstatningspliktig for krav som oppstår i forhold til informasjonen som er tilgjengelig på dette nettstedet. Innovasjon Norge er heller ikke ansvarlig for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til. Se juridisk forbehold.

Mer om dette området

Fjell & Fjord regionen

Fjell & Fjord regionen er et nettverk av veier gjennom Hallingdal og Hemsedal, over fjellene i Hardanger, og til fjordene på Vestlandet.

Attraksjonar i Hardanger

Ta eit båtcruise på den fantastiske Hardangerfjorden, ein fjelltur over Hardangervidda eller utforsk isbreen Folgefonna.

Attraksjoner i Fjell & Fjord regionen

Se bjørnene i Vassfaret eller bli med på båttur på Nærøyfjorden.

Fakta om Region Hardangerfjord

Sidan 1800-talet har Hardanger vore eit viktig europeisk reisemål. Området er perfekt både for spanande naturopplevingar og avslapping.

Mat i Fjell & Fjord regionen

Gårdsbruk, kafeer og restauranter gjør sitt beste for at du skal få gode matopplevelser langs Fjell & Fjord regionen. Hver dal har sine spesialiteter.

ANNONSER

TEKSTANNONSER