Gå til innhold Gå til hovedmeny
Suldalsosen

Bygdetunet Kolbeinstveit (Ryfylkemuseet)

Bygdetunet Kolbeinstveit (Ryfylkemuseet) Foto: Reisemål Ryfylke
Bygdetunet Kolbeinstveit (Ryfylkemuseet) Foto: Ryfylkemuseet
Bygdetunet Kolbeinstveit (Ryfylkemuseet) Foto: Reisemål Ryfylke, M.Tysdal
Bygdetunet Kolbeinstveit (Ryfylkemuseet) Foto: Reisemål Ryfylke, M. Tysdal
Bygdetunet Kolbeinstveit (Ryfylkemuseet)
Bygdetunet Kolbeinstveit (Ryfylkemuseet) Foto: Olav Breen

Kontaktinformasjon

Beskrivelse

Kolbeinstveit er ein museumsgard som ligg langs riksveg 13 om lag fem km aust for Suldalsosen i Ryfylke. Hovudbygningane i tunet er stovehuset og løa frå ca. 1850. Heimehuset er eit typisk Ryfylke-hus. Løa på garden var moderne for tida sidan mest alle driftsfunksjonane var samla under eitt tak.

I tunet står også Guggedalsloftet frå Bråtveit, den eldste bevarte trebygningen i Rogaland, bygd i 1281.

Nedanfor tunet ligg Suldalsdampen, båten som gjekk i rute på Suldalsvatnet frå 1885 og nærmare hundre år framover.

Det er gjort utførleg greie for gardshistoria og bygningane i tunet i ”Folk i Ryfylke,” årboka til Ryfylkemuseet, for 2004.

I sommarsesongen blir garden driven som eit levande museum med vertskap, utstillingar, aktivitetar, dyrehald og servering av tradisjonskost. Kolbeinstveit er godt eigna for eit besøk med barn.

Fast utstilling
"Garden og folka" er ei utstilling som fortel om dei som har levd på Kolbeinstveit, og korleis dei har brukt husa og utnytta ressursane på garden.

Skiftande utstillingar
Det blir kvar sommar arrangert salsutstilling med kunst og handverk.

Servering
- Smørgraut
- Lunsjtallerken
- Vaflar
- Suldalsbete
- Kaffi

Aktivitetar
Om sommaren er det konsertar og aktivitetar av ulike slag. Sjå lokalpressa eller høgre spalte på heimesida. Opningstidar og meir informasjon på www.ryfylkemuseet.no.

Aktivitetar for barn:
Mating av dyra, leikar ute, oppgåver mm.

Kategorier

  • Museer og gallerier Museer og gallerier

Når

18.06.2011 - 14.08.2011
man - søn
11:00 - 17:00

Fasiliteter

  • Generelle fasiliteter 

    • parkeringsplass
    • wc
  • Sesong 

    • sommer
  • Museum, Gallerier og kunsthåndtverk 

    • omvisning i åpningstiden
    • faste utstillinger
    • skiftende utstillinger
    • omvisning etter avtale
    • bygdegård
    • kunsthåndverk
  • Natur og terreng 

    • fotturområde
  • Dyr/fiske slag 

    • husdyr
Juridiske forbehold

Dette nettstedet inneholder informasjon om produkter og tjenester fra tredjepart, som kan komme fra leverandøren av disse produktene/tjenestene, eller en tredjepart. Selv om vi etter beste evne forsøker å holde informasjonen korrekt og oppdatert, kan vi likevel ikke garantere for nøyaktigheten av informasjonen. Informasjon om pris og tilgjengelighet kan endres uten varsel. Du bør alltid sjekke om informasjonen som er oppgitt stemmer overens med tilbyderen av produktet/tjenesten. Innovasjon Norge er ikke på noen måte erstatningspliktig for krav som oppstår i forhold til informasjonen som er tilgjengelig på dette nettstedet. Innovasjon Norge er heller ikke ansvarlig for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til. Se juridisk forbehold.

Mer om dette området

Handel i Ryfylke

Få med deg lokale produkt som husflid, røykelaks og Suldalsskinke.

Turforslag i Ryfylke

Køyr nasjonal turistveg Ryfylke eller ta eit fjordcruise på Lysefjorden.

Overnatting i Ryfylke

Mange overnattingsstader i Ryfylke ligg nær vatn eller sjø. Uansett hvor du bor så vil du sannsynlegvis vakne opp til ein nydeleg utsikt.

Mat frå Ryfylke

Laks og kveite er viktige produkt frå havbruket i Ryfylke og i lokal matlaging.

Rundtur Sørlandskysten og Telemark

Atmosfæren fra seilskutetiden, hvitmalte hus i trange smug og deilige badestrender gir hvert stopp langs denne ruten en egenart.

ANNONSER

TEKSTANNONSER