Gå til innhold Gå til hovedmeny
Fjærland , ved fjorden

Hotel Mundal

Hotel Mundal Foto: Hotel Mundal, Fjærland Hotel Mundal Foto: Fotograf: Trond J. Hansen. Hotel Mundal, Fjærland. Hotel Mundal Foto: Arne Glenn Flåten Hotel Mundal Foto: Arne Glenn Flåten Hotel Mundal Foto: Arne Glenn Flåten Hotel Mundal Foto: Hotel Mundal, Fjærland Hotel Mundal Foto: Marit
Hotel Mundal Foto: Hotel Mundal, Fjærland
Hotel Mundal Foto: Fotograf: Trond J. Hansen. Hotel Mundal, Fjærland.
Hotel Mundal Foto: Arne Glenn Flåten
Hotel Mundal Foto: Arne Glenn Flåten
Hotel Mundal Foto: Arne Glenn Flåten
Hotel Mundal Foto: Hotel Mundal, Fjærland
Hotel Mundal Foto: Marit

Fasiliteter

Vis alle
  • Restaurant
  • Bar
  • Internett-tilgang i fellesområde

Kontaktinformasjon

Beskrivelse

Hotel Mundal er eit tradisjonsrikt hotell innerst i Fjærlandsfjorden, ein arm av Sognefjorden. Hotellet vart bygd i 1891 og har vore drive av same familien sidan den gong. Det har vore viktig for familien å ta vare på bygningen både utvendig og innvendig slik at ein framleis skal kunne oppleve mykje av den opphavelege roa og stemninga. I dag byr hotellet på moderne komfort og alle romma har eigne bad.

I spisesalen får ein servert frukost, lunsj etter avtale og fire rettars middag. Supper og sauser blir laga frå botnen av gode råvarer. Oppskriftene har vore brukt på hotellet i fleire generasjonar. Hotellet har alle sjenkerettar. Kaffi og te blir servert i salongen etter måltidet. Frokost blir servert mellom 08:00 og 10:00 i spisesalen. Onkel Mikkel er Hotel Mundal sin kafe, der det blir servert enkle smårettar til lunsj, som t.d. suppe med rundstykke, rundstykker, kake, og heimebakt kringle. Kaffi, caffelatte, espresso, te, øl, vin og mineralvatn.

I Fjærland er det mange aktivitetar for deg som er glad i friluftsliv og vakker natur. Det er fleire bygdevegar som er godt egna til sykling, jogging og turgåing. I tillegg er det 13 merka trimpostar og eige turkart over Fjærland og breen kan fåes kjøpt på Turistinformasjonen.

I Fjærland kan ein besøke Norsk Bremuseum, som er eit museum egna for heile familien. Den norske bokbyen ligg i Mundal og har 4 kilometer med bruktbøker i fleire sjarmerande utsal. Lett tilkomst til breen med buss to ganger dagleg eller 15 minutter med bil frå Mundal.

Dagsturar til kysten, til stavkyrkjene i Sogn og til fleire brearmar av Jostedalsbreen, Astruptunet, Eikaasgalleriet, Sognefjord Akvarium m.fl. Matopplevingsturar til bygdene inne i fjordarmane.

Hotellet har 34 rom. Alle romma er smakfullt restaurert i stil med bygget.

Velkomen!

Kategorier

  • Hoteller Hoteller

Fasiliteter

  • Restaurant
  • Bar
  • Internett-tilgang i fellesområde
  • Generelle fasiliteter 

    • kursfasiliteter
    • kafé
    • bar
    • restaurant
    • trådløst internett
    • internett-tilgang i fellesområde
    • gateparkering
    • hage
    • parkeringsplass ute - gratis
  • Kapasitet 

    • totalt antall rom
  • Mat og drikke 

    • frokost
  • Kredittkort 

    • Visa
  • Museum, Gallerier og kunsthåndtverk 

    • veving
  • Aktiviteter 

    • fiskemuligheter
    • fjellvandring
    • fotturer
    • rideturer
    • foredrag
    • brevandring
    • folkedans
  • Båter 

    • robåt
  • Spesial 

    • ved fjorden
Juridiske forbehold

Dette nettstedet inneholder informasjon om produkter og tjenester fra tredjepart, som kan komme fra leverandøren av disse produktene/tjenestene, eller en tredjepart. Selv om vi etter beste evne forsøker å holde informasjonen korrekt og oppdatert, kan vi likevel ikke garantere for nøyaktigheten av informasjonen. Informasjon om pris og tilgjengelighet kan endres uten varsel. Du bør alltid sjekke om informasjonen som er oppgitt stemmer overens med tilbyderen av produktet/tjenesten. Innovasjon Norge er ikke på noen måte erstatningspliktig for krav som oppstår i forhold til informasjonen som er tilgjengelig på dette nettstedet. Innovasjon Norge er heller ikke ansvarlig for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til. Se juridisk forbehold.

Mer om dette området

Turforslag ved Sognefjorden

Opplev området rundt Sognefjorden med bil, båt eller til fots.

Korleis kjem eg til Sognefjorden?

Den inste halvdelen av Sognefjorden ligg sentralt plassert i Sør-Noreg, på grensa mellom Austlandet og Vestlandet.

Attraksjonar ved Sognefjorden

Det majestetiske landskapet innst i Sognefjorden har lokka til seg turistar, vandrarar, fjellklatrarar, eventyrarar og kunstnarar i meir enn 150 år.

Overnatting ved Sognefjorden

I Sogn bur du godt langs smaragdgrøne fjordar, inntil blå brear, under mektige fossar, på idylliske gardsbruk og høgt til fjells mellom steile tindar.

Sognefjorden

Sognefjorden er Norges lengste fjord og strekker seg fra foten av Jotunheimen mot Vestlandskysten. Området byr på aktiviteter som vandring og kajakk.

Rundtur i hjertet av fjordene

Her er severdighetene mange. Du trenger en uke på denne turen.

Hotel Mundal tilbyr
også følgende

ANNONSER

TEKSTANNONSER