Gå til innhold Gå til hovedmeny
Skjåk

Ferdselsveg gjennom Raudalen

Kontaktinformasjon

Beskrivelse

Dette er ein tur for deg som er glad i natur og historie. Sjå etter store steinar som folk har sove uunder og bågåstøer frå reinsjakt før børsa si tid. Denne vegen var ei viktig ferdselsåre mellom aust og vest. Vegen ber i vest preg av at mange hestar har gått her med kløv og i frakt for å bli seldt på fjordingsmarknader i Skjåk og Lom. Frå Pollfoss går du på vegen til Framrustesetrene. To km vest for setrene ligg ”sjomannsslettene”, ein kvileplass for vestlendingane (sjomennene) på veg over fjellet. Det er dyra som har bygd ”vegen”, difor går det mykje opp og ned gjennom Raudalen. Ved Vestre Raudalsåi er det mange tufter etter setrer som var nedlagde på byrjinga av 1800-talet. Du ser dei berre når vatnet er lite. Ved Kringlutevatnet ligg DNT si sjølvbetjente hytte, Skridulaupbu. Ovanfor Skridulaupbu finn du ei restaurert steinbu som framleis er i bruk. Ved Vestre Leirvatnet ligg det og ei restaurert steinbu som er i bruk. Båe desse steinbuene som mange fleire, var brukte av saubudeiene som gjette flokkar på opp til 1200 dyr fram til på slutten av 19. hundreåret. Vest for Vestre Leirvatnet ser du at vegetasjonen ber preg av at det låg is her under den vesle istida, rundt 1750. Det er når du skal ta deg ned til Sundalen at du verkeleg får sjå arbeidet folk la på vegane over fjella før. Her er det bygt om lag 3000 trappesteg gjennom steinurdene for å få hestar opp og ned. Du kan sjølvsagt ikkje sjå alle stega i dag, men mange ligg like fine enda.

Kategorier

  • Kulturarv Kulturarv
Juridiske forbehold

Dette nettstedet inneholder informasjon om produkter og tjenester fra tredjepart, som kan komme fra leverandøren av disse produktene/tjenestene, eller en tredjepart. Selv om vi etter beste evne forsøker å holde informasjonen korrekt og oppdatert, kan vi likevel ikke garantere for nøyaktigheten av informasjonen. Informasjon om pris og tilgjengelighet kan endres uten varsel. Du bør alltid sjekke om informasjonen som er oppgitt stemmer overens med tilbyderen av produktet/tjenesten. Innovasjon Norge er ikke på noen måte erstatningspliktig for krav som oppstår i forhold til informasjonen som er tilgjengelig på dette nettstedet. Innovasjon Norge er heller ikke ansvarlig for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til. Se juridisk forbehold.

Mer om dette området

Aktivitetar i Jotunheimen

Bli med på rafting i Sjoa eller stå på ski om sommaren på Galdhøpiggen.

Mat i Jotunheimen

Jotunheimen ynskjer å dele sitt gode kjøkken med deg og byr gjerne på både vilt, rømmebrød, ulike typar flatbrød, lefser, rømmegraut og spekemat.

Overnatting i Jotunheimen

Du reiser på ferie for å oppfylle draumar og oppleva noko nytt og annleis. Finn deg ein stad, sit ned og la augo kvile på den flotte naturen.

Aktiviteter på Bjorli og Lesja

I Lesja har naturen lagt til rette for mange aktiviteter. Fjell- og skogsturer, sykkeltur langs stier og i fjellet, bading i elvene og jakt og fiske.

Attraksjonar i Jotunheimen

I Jotunheimen finn du bygder som byr på kultur, opplevingar og rekreasjon. Opplev Ridderspranget, Lom stavkyrkje og Norsk Fjellmuseum.
Kart over
Norge

ANNONSER

TEKSTANNONSER