Gå til innhold Gå til hovedmeny
Skjåk

Tørrstugu

Tørrstugu Foto: Morten Kielland
Tørrstugu Foto: Morten Kielland

Kontaktinformasjon

Beskrivelse

Ein km vest for Bismo sentrum langs rv 15 finn du ei tørrstugu som har vore brukt til tørking av korn. Denne tørrstugu var bygd i 1922/23 og var i bruk til ut på 30-talet. Folk i Skjåk valde denne tørrstugu til kommunen sitt kulturminne i samband med kulturminneåret i 1997. Ei tørrstugu er eit minne frå ei tid der skjåkværen sette æra si i å dyrke godt korn. Det er framleis korndyrking i Skjåk, men ikkje på langt nær i slikt omfang som tidlegare. For at kornet skulle få god kvalitet og tåle lagring måtte det tørkast godt før maling. Dei gamle låvane hadde hesjer på solveggen der kornbanda hekk til tørk. Etter trusking vart kornet tørka i ei tørrstugu som var felleseige for fleire gardar. Denne tørrstugu hadde 20 eigarar. Det vart fyra godt på omnen før kornet vart lagt på hyllene – dei såkalla skjellane. I denne tørrstugu var det sju skjellar i to høgder. Dei kunne tørke om lag eit tonn korn på ein gong. Det var ikkje berre korn som vart tørka i tørrstugu. Malt til ølbrygging vart også tørka der, da var det ei god søtleg lukt rundt tørrstugu. Malt er korn som er spira i rennande vatn og er basis for ølbrygging. Før det vart vanleg med komfyr på gardane, var det ikkje uvanleg at kvinnfolk tok med brøddeigen og fekk steikt brød i den gode varme omnen der. Det er gangveg til tørrstugu frå Bismo sentrum. Du kan og nytte parkeringsplassen til Ottadalen Billag.

Kategorier

  • Kulturarv Kulturarv
Juridiske forbehold

Dette nettstedet inneholder informasjon om produkter og tjenester fra tredjepart, som kan komme fra leverandøren av disse produktene/tjenestene, eller en tredjepart. Selv om vi etter beste evne forsøker å holde informasjonen korrekt og oppdatert, kan vi likevel ikke garantere for nøyaktigheten av informasjonen. Informasjon om pris og tilgjengelighet kan endres uten varsel. Du bør alltid sjekke om informasjonen som er oppgitt stemmer overens med tilbyderen av produktet/tjenesten. Innovasjon Norge er ikke på noen måte erstatningspliktig for krav som oppstår i forhold til informasjonen som er tilgjengelig på dette nettstedet. Innovasjon Norge er heller ikke ansvarlig for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til. Se juridisk forbehold.

Mer om dette området

Fjell Norge

Opplev fjellandskapet på Østlandet. Besøk Lillehammer, Gudbrandsdalen og fjellområdene Jotunheimen, Rondane og Dovre.

Vinter på Høvringen

Fjellgrenda Høvringen ligger på 1000 m.o.h. nord i Gudbrandsdalen og er porten til Rondane fra vest.

Attraksjoner på Bjorli og Lesja

Lesja Bygdetun, rester etter jernverket på Lesjaverk og sagbruket ved Sagelva på Bjorli er noen av de mange attraksjonene du må se når du er i Lesja.

Jotunheimen

Gå Beseggen eller Galdhøpiggen eller prøv rafting i Sjoa. Jotunheimen er den mest populære nasjonalparken i Norge.

Overnatting i Jotunheimen

Du reiser på ferie for å oppfylle draumar og oppleva noko nytt og annleis. Finn deg ein stad, sit ned og la augo kvile på den flotte naturen.
Kart over
Norge

ANNONSER

TEKSTANNONSER