Gå til innhold Gå til hovedmeny
Luster

Urnes Stavkyrkje

Urnes Stavkyrkje Foto: Luster Reiselivslag
Urnes Stavkyrkje Foto: Luster Reiselivslag

Kontaktinformasjon

Beskrivelse

Urnes Stavkyrkje er den eldste i Norge, og står på UNESCO si verdsarvliste. Ho er bygd kring 1130, men dei spesielle utskjeringane på nordportalen kjem frå ei enda eldre kyrkje.
Denne eldste stavkyrkja i landet er den einaste i sitt slag på UNESCO si verdsarvliste. Ho står høgt og fritt med utsikt mot Lustrafjorden slik ho har stått sidan tidleg på 1100-talet. Men der den noverande kyrkja står er det funne spor etter etter ei anna kyrkje som skal vere bygd rundt 1050.

Den særmerkte Urnes-stilen har namnet sitt frå Urnes stavkyrkje. Denne stilen er kjenneteikna ved flotte utskjeringar med svært høg kvalitet. Vi ser stiliserte dyr i kamp, med kroppane samanfiltra. Dette er ein utløpar frå stilartene i vikingtida slik vi også kjenner dei frå runesteinar i Sverige og på dei britiske øyar. Inne i kyrkja er stavane i midtrommet utsmykka med rikt dekorerte søylehovud.

På garden ved sida av kyrkja (Urnes Gard) er det kafeteria, der ein også til tider kan få kjøpt nyplukka frukt og bær frå dei frodige hagane på Urnes.

Kategorier

  • Kulturarv Kulturarv
  • Bygninger og monumenter Bygninger og monumenter

Når

Hvor: Urnes
25.05.2010 - 30.09.2010
man - søn
10:30 - 17:30
Juridiske forbehold

Dette nettstedet inneholder informasjon om produkter og tjenester fra tredjepart, som kan komme fra leverandøren av disse produktene/tjenestene, eller en tredjepart. Selv om vi etter beste evne forsøker å holde informasjonen korrekt og oppdatert, kan vi likevel ikke garantere for nøyaktigheten av informasjonen. Informasjon om pris og tilgjengelighet kan endres uten varsel. Du bør alltid sjekke om informasjonen som er oppgitt stemmer overens med tilbyderen av produktet/tjenesten. Innovasjon Norge er ikke på noen måte erstatningspliktig for krav som oppstår i forhold til informasjonen som er tilgjengelig på dette nettstedet. Innovasjon Norge er heller ikke ansvarlig for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til. Se juridisk forbehold.

Mer om dette området

Aktiviteter ved fjell og fjorder

Se filmer og les artikler fra Vestlandets varierte landskap. Rafting og brevandring er to av mange spennende aktiviteter man kan gjøre i området.

Vinter ved Sognefjorden

Ser du etter den ultimate vinteropplevinga i Noreg bør du reise til Sognefjorden. Den unike plasseringa gir eit kjempeutval av vinteraktivitetar.

Attraksjonar ved Sognefjorden

Det majestetiske landskapet innst i Sognefjorden har lokka til seg turistar, vandrarar, fjellklatrarar, eventyrarar og kunstnarar i meir enn 150 år.

Sognefjorden

Sognefjorden er Norges lengste fjord. I tillegg til sjølve fjorden lokkar attraksjonar som isbrear, fossefall og stavkjyrkjer turistar.

Jotunheimen

Jotunheimen har Nord-Europas største konsentrasjon av fjelltopper som er høyere enn 2400 meter. Turen over Besseggen er en av Norges mest populære.

Mat og drikke ved Sognefjorden

På grunn av det gode klimaet, den friske lufta og rikeleg tilgang til saftige fjellbeite, produser ein i Sogn dei beste råvarene du kan tenkje deg.

Fortidsminneforeningen
tilbyr også følgende

ANNONSER

TEKSTANNONSER