Gå til innhold Gå til hovedmeny
Luster

Jostedal

Jostedal Foto: Terje Rakke / Nordic Life / Luster Reiselivslag
Jostedal Foto: Terje Rakke / Nordic Life / Luster Reiselivslag

Kontaktinformasjon

Beskrivelse

Omkrinsa av brear ligg Jostedalen mellom Jostedalsbreen nasjonalpark og Breheimen nasjonalpark i nasjonalpark-kommunen Luster.

Bygda Jostedalen strekkjer seg gjennom dalen med same namn opp frå Sognefjorden i Gaupne. I dei mange smågrendene som utgjer bygda, frå Myklemyr i sør til Fåberg i nord, bur til saman 420 menneske. Vesle Jostedalen har ein av landets høgste konsentrasjonar av utdanna tindevegleiarar. Kvar sommar vert bygda fylt av breførarar, kajakkguidar og andre som driv med aktivitetsturisme som rafting og riding. I 2008 arbeidde folk frå tolv nasjonar i Jostedalen. Mange kjem att år etter år, og mange har blitt her. Dei har gjort Jostedalen til heilårsbustad.

I dag går 32 ungar på Jostedal skule og 10 i barnehagen i bygda. Ved skulen finst det gymsal, symjehall, kunstgrasbane, ballbinge og lysløype. I grenda Gjerde, òg kalla byen, er det to daglegvarebutikkar og eit heilårsope hotell der bygdefolket møtest heile året. Om sommaren opnar òg Breheimsenteret, slik at me har to godt besøkte møteplassar for middag, treff om kvelden og konsertar. Det unike med Jostedalen er kombinasjonen av dei to uteliva: Her er både eit oppegåande friluftsmiljø og ein oppegåande kafétradisjon for å ta ein kaffi, ei øl og ein prat.

Jostedalen ligg i Luster kommune som nett er blitt kåra til Noregs beste. Kommunen er økonomisk robust og har godt utbygde kommunale tilbod. Her er vatn i kvart basseng og fine idrettsanlegg, her er gode tilskotsordningar for bedriftsetablering og for husbygging, her er gode skular og barnehageplass til alle.
Juridiske forbehold

Dette nettstedet inneholder informasjon om produkter og tjenester fra tredjepart, som kan komme fra leverandøren av disse produktene/tjenestene, eller en tredjepart. Selv om vi etter beste evne forsøker å holde informasjonen korrekt og oppdatert, kan vi likevel ikke garantere for nøyaktigheten av informasjonen. Informasjon om pris og tilgjengelighet kan endres uten varsel. Du bør alltid sjekke om informasjonen som er oppgitt stemmer overens med tilbyderen av produktet/tjenesten. Innovasjon Norge er ikke på noen måte erstatningspliktig for krav som oppstår i forhold til informasjonen som er tilgjengelig på dette nettstedet. Innovasjon Norge er heller ikke ansvarlig for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til. Se juridisk forbehold.

Mer om dette området

Sognefjorden

Sognefjorden er Norges lengste fjord og strekker seg fra foten av Jotunheimen mot Vestlandskysten. Området byr på aktiviteter som vandring og kajakk.

Attraksjonar ved Sognefjorden

Det majestetiske landskapet innst i Sognefjorden har lokka til seg turistar, vandrarar, fjellklatrarar, eventyrarar og kunstnarar i meir enn 150 år.

Korleis kjem eg til Sognefjorden?

Den inste halvdelen av Sognefjorden ligg sentralt plassert i Sør-Noreg, på grensa mellom Austlandet og Vestlandet.

Turforslag ved Sognefjorden

Opplev området rundt Sognefjorden med bil, båt eller til fots.

Shopping ved Sognefjorden

Bygdebyen Sogndal er handels- og servicesentrum i regionen, med meir enn 70 butikkar.

Jotunheimen

Jotunheimen har Nord-Europas største konsentrasjon av fjelltopper som er høyere enn 2400 meter. Turen over Besseggen er en av Norges mest populære.

ANNONSER

TEKSTANNONSER