Gå til innhold Gå til hovedmeny
Stryn

Jostedalsbreen Nasjonalpark

Les mer: Lodalskåpa Jostedalsbreen Nasjonalpark Foto: Innvik Fjordhotell Jostedalsbreen Nasjonalpark Foto: Briksdal Adventure
Les mer: Lodalskåpa
Jostedalsbreen Nasjonalpark Foto: Innvik Fjordhotell
Jostedalsbreen Nasjonalpark Foto: Briksdal Adventure

Kontaktinformasjon

Beskrivelse

Jostedalsbreen Nasjonalpark vart oppretta i 1991 og dekkjer eit område på 1310 km2. Jostedalsbreen er den største isbreen på fastlandet i Europa, og dekkjer 487 km2 av parken. Nasjonalparken har òg mange andre store og mindre brear. 7 kommunar har område i nasjonalparken og Jostedalsbreen skil to av dei lengste fjordane i verda, Sognefjorden og Nordfjorden. I 2008 fekk Stryn status som Nasjonalparkkommune.

Isbreane er naturlaboratorium, særleg for klimaendringar, geologi og vegetasjon/planteliv. Brerørslene er med på å stadig endre landskapet. Smeltevatn frå isbreane renn saman og samlar seg i breelvar, ein av dei særskilte kvalitetane ved Jostedalsbreen Nasjonalpark. Nasjonalparken varierer frå frodige dalar til alpine fjell og arktisk klima. Kjernen av nasjonalparken er urørt landskap og kan berre nåast til fots. Ved breen er eit interessant kulturlandskap, framleis i bruk til landbruk og beiting. Jostedalsbreen Nasjonalpark har kring 600 000 besøkande kvart år.

Noko av det mest spesielle med Jostedalsbreen i gamle dagar var slektskapet og samhaldet mellom bygdene på kvar side av breen. Dei gamle ferdselsvegane kryssa breen.

I Nordfjord kan du sjå brearmar av Jostedalsbreen. Nokre av desse er Briksdalsbreen, Kjenndalsbreen og Bødalsbreen.

På Jostedalsbreen Nasjonalparksenter kan du lære meir om nasjonalparken.

Dersom du ynskjer å oppleve breen på nært hald kan du vere med på ein guida bretur.

Kategorier

  • Naturattraksjoner Naturattraksjoner
Juridiske forbehold

Dette nettstedet inneholder informasjon om produkter og tjenester fra tredjepart, som kan komme fra leverandøren av disse produktene/tjenestene, eller en tredjepart. Selv om vi etter beste evne forsøker å holde informasjonen korrekt og oppdatert, kan vi likevel ikke garantere for nøyaktigheten av informasjonen. Informasjon om pris og tilgjengelighet kan endres uten varsel. Du bør alltid sjekke om informasjonen som er oppgitt stemmer overens med tilbyderen av produktet/tjenesten. Innovasjon Norge er ikke på noen måte erstatningspliktig for krav som oppstår i forhold til informasjonen som er tilgjengelig på dette nettstedet. Innovasjon Norge er heller ikke ansvarlig for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til. Se juridisk forbehold.

Mer om dette området

Mat i Stryn og Nordfjord

Nordfjord er kjend for lokal gourmetmat, fantastisk fisk, frukt, og restaurantar av høg kvalitet.

Aktivitetar i Stryn og Nordfjord

Prøv vandring i fjella, breklatring, sykling, fiske, hesteridning og båtturar. Etterpå kan du unne deg sjølv ein time med spa.

Handel i Stryn og Nordfjord

Kjøp motekle frå Moods of Norway, kunst, antikvitetar, eller varer som treskjeringsprodukt og strikka genserar.

Nordfjord

Nordfjord ligger mellom Geirangerfjorden og Sognefjorden på Vestlandet. Besøk Briksdalsbreen eller prøv sommerski i Stryn.

Sommerski

Stryn Sommerski ligger ved foten av Jostedalsbreen og er Norges største sommerskisenter.

ANNONSER

TEKSTANNONSER