|  
Lom stavkirke, Norge Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Innovation Norway

Attraksjonar i Jotunheimen

I Jotunheimen finn du bygder som byr på kultur, opplevingar og rekreasjon. Opplev Ridderspranget, Lom stavkyrkje og Norsk Fjellmuseum.

Gjennom generasjonar har vi vore opptekne av å ta vare på miljøet rundt oss, og vi kan i dag tilby deg som gjest mange kulturminne. Gamle tradisjonar innafor byggjeskikk, matt og folkemusikk er levande og det er eit rikt kulturliv i bygdene. Her kan du vere sikker på å finne noko som freistar deg.

Ridderspranget

Namnet har Ridderspranget frå sagnet om Valdresriddaren Sigvat Kvie som etter eit brurerov, flykta over juvet med brura Skårvangssola.

Lom stavkyrkje

Lom stavkyrkje er ei av dei største og vakraste stavkyrkjene i landet. Ho skriv seg frå ellevehundre-talet og er framleis i bruk som hovudkyrkje i Lom. Stengt ved kyrkjelege handlingar. Vågåkyrkja er og verd eit besøk.

Norsk Fjellmuseum og Jotunheimen Nasjonalparksenter

Norsk Fjellmuseum – Jotunheimen Nasjonalparksenter viser samspelet mellom menneske og fjellnaturen frå siste istid og fram til i dag. Spennande utstillingar, kom og sjå mammuten!

Jutulheimen bygdemuseum

Jutulheimen bygdemuseum i Vågå og Lom Bygdamuseum er flotte opplevingar som viser kultur og tradisjon frå området.

Fossheim steinsenter

Fossheim steinsenter i Lom har ei fantastisk utvalg av mineral og smykkesteinar – Noregs største! Her finn du verkstadar, geologisk museum, smykkegalleri og butikkar.

Haukdalen

Haukdalen i Lia i Lom er Kitty Wenzel sin kunstnarheim. Her finn du historia til Kitty saman med ein fantastisk blomstrande hage. Haukdalen er vel verd eit besøk.

Diktarheimar

Det er fleire diktarar frå området og både Hamsunstugu, Tor Jonssonstugu og Lyvjaberg (diktarheimen til Olav Aukrust) er det mogleg å besøke dersom du ynskjer deg.

Former, fargar, dufter, smakar

Sørvendt med solbrune tømmerveggar som bakgrunn ligg urtehagen på Nordgard Aukrust. Her finn du om lag 150 ulike artar merka med skifterskilt på norsk og latin. Noko å sanse og oppleve både for nybyrjaren og den urtekyndige. Her er både eige urteri og gardsbutikk.

Flåklypa

Namnet er knytt til to steinar i elva Bøvra. Når gardbrukrane køyrde heim høy frå setrene på vinterføre vart delar av lasset flådd av i den tronge passasjen. Her henta Kjell Aukrust ideen til filmsuksessen "Flåklypa Grand Prix".

Galleriar

Galleri Jotunheimen på Hindsæter Fjellhotell er verd eit besøk – her er mange spennande kunstnarar presentert. Galleri Mathilde i Skjåk har flotte utstillingar heile sommaren med lokale kunstnarar.

Gjende og Jotunheimen nasjonalpark

Ta Gjendebåten over innsjøen, Gjende og sjå og kjenn den vakre Jotunheimen nasjonalpark. Båtene tar deg til hjartet av Jotunheimen og fra stoppestadene Memurubu og Gjendebu har du mange flotte ruter for vandring.

Besseggen

Besseggen er kanskje den mest kjende vandringsruta i Noreg. Turen tek seks timar.

Galdhøpiggen

Noregs høgaste fjell, 2.469 m.o.h. Det går guida turer til Galdhøpiggen kvar dag gjennom sommaren frå Juvasshytta. Turen tek om lag 3 timar opp og 2,5 timer attende. Her starter du på 1840 m.o.h. Du kan og gå til Galdhøpiggen på eiga hand langs merka sti frå Spiterstulen. Stien er merka med røde T-ar. Det tek om lag 4 timar opp og 2,5 attende til Spiterstulen. Du starter turen på 1100 m.o.h. 

Sist oppdatert:  25. august 2008

Interesse:  Bygninger og monumenter, Museer og gallerier, Gårdsbesøk, Fjell

Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Lom stavkirke, Norge - Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Innovation Norway

Attraksjonar i Jotunheimen

I Jotunheimen finn du bygder som byr på kultur, opplevingar og rekreasjon. Opplev Ridderspranget, Lom stavkyrkje og Norsk Fjellmuseum.

Attraksjonar i Jotunheimen

Kilde:: Visitnorway

Vandring i Jotunheimen

Turforslag i Jotunheimen omfattar Besseggen, barnevennlege Hulderstigen og Galdhøpiggen.

Sommerski

Stryn Sommerski ligger ved foten av Jostedalsbreen og er Norges største sommerskisenter.

Korleis kjem eg til til Jotunheimen?

Jotunheimen ligg i hjertet av Noreg, sentralt mellom Oslo, Bergen og Trondheim og er lett å nå også med offentleg transport.

Om Jotunheimen

Fakta om Jotunheimen

Navnet Jotunheimen ble først tatt i bruk av Aasmund Olavsson Vinje, som gikk mye i området i 1860-årene. Navnet betyr kjempenes hjem.

Turistinformasjon i Jotunheimen

Hjå turistkontora i Jotunheimen får du informasjon og tips om kva som skjer i området, aktivitetar, opplevingar, servering og overnatting.

ANNONSER

Jotunheimen

Kveld
Sol/skyfritt, Laber bris
5°C

Relaterte filmer

ANNONSER

TEKSTANNONSER