Besseggen (1 743 m.o.h.)
Båt frå Gjendesheim til Memurubu turisthytte. Frå her går du attende til Gjendesheim. Turen startar med bratt stigning, deretter forholdsvis slak stigning, til du skal gå over sjølve eggen. Nedstigninga er også eit til dels bratt parti.
Du kan og starte vandringa ved Gjendesheim og avslutte med båt attende om ettermiddagen eller dagen etter. Turen tek ca. 6 - 8 timar, alt etter kor fort du vel å gå.
Galdhøpiggen (2 468 m.o.h.)
Denne turen tek deg opp på Noregs høgste fjell. Hit kjem du enten på eiga hand frå Spiterstulen (4 timar opp), eller du går med førar over Styggebreen frå Juvasshytta (3 timar opp). Sesongen er frå 20. juni til 10. september. Det går turar kvar dag kl. 10.00 (i juli og fram til 15. august også tur kl. 11.30).
Tur med førar kostar kr. 160,- pr. person (110,- kr for barn) og det er oppmøte ein halv time før avgang ved Juvasshytta.
Raubergstulen har daglege føringar for eigne gjestar. Det finst og andre aktivitetsbedrifter som arrangerer turar til Galdhøpiggen. Jotunheimen Bre og Fjellføring tilbyr soloppgangsturar i sommar.
Andre toppturar
Det finst eit uttall av toppturmoglegheiter i Jotunheimen. Vi nemner nokon: tur til Loftet, Fannaråken, Glittertind, Surtningssui, Besshø, Nautgardstind, Knutshø, Kyrkja, Skridulaupen og Lomseggen.
Klatrestigen til Lomseggen
Ved Nissegarden i Lom kan du gå klatrestigen Via Ferrata til topps på Lomseggen. Klatrestigen passar for alle både vaksne og born. På toppen får du flott utstyn over heile Nasjonalparkriket og nasjonalparkane Jotunheimen, Rondane, Dovrefjell og Reinheimen.
Bordvassvegen og andre vassvegvandringar
Vassvegar er eit kulturhistorisk fenomen i Ottadalen. I Lom og Skjåk finst mange vassvegar (kanalar som leder vatn frå fjellet og ned til bygda og gardane). Bordvassvegen er ei fantastisk vandring langs vassveg frå Lom sentrum. Turen er 8,3 km lang. Aursjoen kulturstig i Skjåk er ein annan flott vassvegvandring. Denne turen er 5,5 km lang.
Geologistig til Storbreen
Ei flott oppleving med informasjon om geologi til foten av Storbreen i Leirdalen. Turen tek om lag 2 timar.
Naturstigar
I Heidal, Vågå, Lom og Skjåk er det tilrettelagde stigar.
Ulvestigen og andre turstigar i Nordherad
I Nordherad i Vågå (5 minutt med bil fra Vågå sentrum) finner du et fantastisk rutenett av turstier. Her finnes også Ulvestien som er en kultursti på ca. 8 km. Kulturstien har fått navnet sitt etter ei godt vedlikeholdt ulvegrav ved garden Aabakken. Stien går langs vatningsveiter, gjennom beitemark og bortom fra flytta boplasser.
Med bil: Blåhø (1 617 m.o.h.)
Ta bilen til Blåhø og opplev det fantastiske utsynet til Jotunheimen, Rondane og Dovrefjell. Avkøyring frå Vågå sentrum.
Sognefjellsvegen – Gamle Strynefjellsveg – Valdresflye
Langs desse flotte opplevingsvegane finn du det beste av kva området har å by på.
Sognefjellsvegen - vegen over Norges tak
Mellom Lom og Gaupne, i majestetisk fjellandskap, langs blåis, spisse tindar og smaragdgrøne vatn hever Sognefjellsvegen seg heilt opp til 1 434 m.o.h.
Gamle Strynefjellsveg - langs steinmurar og stabbesteinar
Mellom Grotli og Videseter ligg eit vegsmykke av gamalt handverk. Her slynger Gamle Strynefjellsvegen seg i eitt med naturen akkurat slik den gjorde på byrjinga av forrige århundre, med grusdekke og stabbesteinar.
Valdresflye – der vegen svevar
Turen over Valdresflye gjev endelaust vidsyn til uttallege fjell og vatn. Vegen svevar fritt og lett over vidda. Den passerar sitt høgste punkt 1 389 m.o.h. og stryk langs Jotunheimen nasjonalpark.
Dagsturar til fjordane
Jotunheimen er eit flott utgangspunkt for turar til fjordane. Både Geirangerfjorden og Sognefjorden er flotte dagsturmål frå området vårt.