|  
Besseggen i Jotunheimen, Norge Foto: Terje Rakke/Nordic Life AS/Innovation Norway

Vandring i Jotunheimen

Turforslag i Jotunheimen omfattar Besseggen, barnevennlege Hulderstigen og Galdhøpiggen.

Besseggen

Ta båten frå Gjendesheim til Memurubu Fjellhytte om morgonen, og gå tilbake til Gjendesheim langs den oppmerka stien på Besseggen, 1 743 m.o.h. Besseggen-turen tar 6–8 timer, avhengig av tempoet ditt.

Du kan også starte frå Gjendesheim og ta båten tilbake om ettermiddagen eller neste morgon. Du kan overnatte på Memurubu Fjellhytte.

Aursjøen kultursti

Denne ruta gir deg ein flott tur, samtidig som du lærer om korleis folk i gamle dagar strevde med å vatne markene og avlingane. Årleg faller det 300 mm regn her, akkurat som i Sahara. Informasjonstavler langs ruta gir deg informasjon om det imponerande gamle vatningssystemet.

Ruta følgjer i starten ei menneskeskapt grøft, som vart laga for å få det livbringande vatnet frå fjella ned til markene i dalen. Ved det vesle Flåtåtjønn vart det skapt ein demning som skulle samla opp smeltevatn. Her kan du også sjå restane etter eit reinsdyrgravsystem.

Halvvegs på vegen finner du ei lita, open steinhytte der du kan laga ein kopp kaffi eller te. Denne staden er godt egna som rasteplass. Du bør ha med niste. Ha ein fin tur, og sørg for at du ikkje skadar noko i naturen. Vatningssystemet er framleis i bruk.

Kvar ligg dette
I nærleiken av Aursjøen, ved utkanten av Reinheimen nasjonalpark. Følg riksveg 15 vestover frå Bismo og fortsett til Gjøingsli. Etter tre kilometer følgjer du skiltingen til Aursjøen. Det er ti kilometer opp fjellet. Parkeringsplassen ligger på det høgaste punktet, og derfrå kan du sjå innsjøen.

Start til høyre for informasjonstavla. Rundturen er fem kilometer lang, enkel, relativt flat og tar opptil to timar. Stien er tråkka og oppmerka med rødt.

Sesong
Midten av juni til slutten av september.

Hulderstigen i Sjodalen

Ein natur- og kultursti langs fem kilometer enkelt terreng. Det er informasjonstavler langs stien. Deler av ruta kryssar Stuttgonglia naturreservat. Hulderstigen er skiltet frå fylkesveg 51. Ruta passer for barn, og er både lærerik og morosam. Du kan også fiske langs ruta.

Galdhøpiggen

Med sine 2 469 m.o.h. er dette Noregs høgaste fjell. Galdhøpiggen er både barnas og de vaksne sin favoritt om sommaren. Turen opp til Spiterstulen tar ca. fire timer, eller du kan gå saman med ein guide over isbreen frå Juvasshytta på ca. tre timer. Guiden kostar 150,- for vaksne og 100,- for barn opptil 15 år.

Turen går daglig kl. 10 mellom 20. juni og 25. september (samt kl. 11.30 i juli og halve august). Møt opp på Juvasshytta ein halvtime i førevegen. For overnattingsgjester går det daglig guida turar frå Raubergstulen.

Tidspunkt for turen

Sist oppdatert:  28. januar 2011
Besseggen i Jotunheimen, Norge - Foto: Terje Rakke/Nordic Life/IN
Besseggen i Jotunheimen, Norge
Soleggen i Jotunheimen, Norge - Foto: Jotunheimen Bre og Fjellføring
Soleggen i Jotunheimen, Norge

Interesse:  Forslag til turer, Fjelltur, Fjell

Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Besseggen i Jotunheimen, Norge - Foto: Terje Rakke/Nordic Life AS/Innovation Norway

Vandring i Jotunheimen

Turforslag i Jotunheimen omfattar Besseggen, barnevennlege Hulderstigen og Galdhøpiggen.

Vandring i Jotunheimen

Kilde:: Visitnorway

Aktivitetar i Jotunheimen

Bli med på rafting i Sjoa eller stå på ski om sommaren på Galdhøpiggen.

Sommerski

Stryn Sommerski ligger ved foten av Jostedalsbreen og er Norges største sommerskisenter.

Korleis kjem eg til til Jotunheimen?

Jotunheimen ligg i hjertet av Noreg, sentralt mellom Oslo, Bergen og Trondheim og er lett å nå også med offentleg transport.

Om Jotunheimen

Fakta om Jotunheimen

Navnet Jotunheimen ble først tatt i bruk av Aasmund Olavsson Vinje, som gikk mye i området i 1860-årene. Navnet betyr kjempenes hjem.

Turistinformasjon i Jotunheimen

Hjå turistkontora i Jotunheimen får du informasjon og tips om kva som skjer i området, aktivitetar, opplevingar, servering og overnatting.

ANNONSER

Jotunheimen

Kveld
Sol/skyfritt, Laber bris
5°C

Relaterte filmer

Relatert

Forslag til turer

Fjelltur

Fjell

ANNONSER

TEKSTANNONSER