|  
Fanaråken i Jotunheimen, Norge Foto: Mari Beate Kleiven

Fakta om Jotunheimen

Navnet Jotunheimen ble først tatt i bruk av Aasmund Olavsson Vinje, som gikk mye i området i 1860-årene. Navnet betyr kjempenes hjem.

Vakre bygder i Ottadalen

- Det er synd at ein skal brenne så fagre bygder, sa Olav den Heilage den gongen han fòr på kristningsferd for omlag 1.000 år sidan. Det endte godt. Ottadølane vart kristna og bygdene spart.

Trass i ei rivande utvikling med industri og forureining er det framleis høve til å oppleve den reine og urørte naturen i bygdene våre. Ottadalen finst bygdene Lom, Skjåk og Vågå. Det bor omlag 10.000 menneskje til saman i dalføret.

Folk blir bergtekne av denne vakre og ville naturen som er innfallsporten til Vestlandet og som alltid har vore eit viktig knutepunkt mellom aust og vest. Rv. 55 over Sognefjellet (Nord-Europas høgste fjellovergang) er framleis ein av dei mest nytta vegane sommartid i Noreg og kanskje også ein av vegane med den mest storslagne utsikten. I Lom sentrum yrer det av liv i sommarmånadene.

Skjåk

I Skjåk finn ein mange merka turstigar. Det er laga ein naturstig som tek for seg bruken av vatnet ved Aursjøen og elles er det merka turstigar i Botn området ved Dønfoss. Andre populære turmål er Skridulaupen som er ein topp nord for Grotli og området rundt Sota Sæter.

Vågå

Vakre Vågå er fyrste bygda innover Ottadalen. I Vågå finn du eit triveleg sentrum med houvdattraksjonen Vågåkyrkja som midtpunkt. Jutulheimen bygdamuseum ligg i gangavstand frå sentrum og det er mange fine turstigar som startar her.

Besseggen som kanskje Noregs mest kjende turmål, ligg i Vågå, nærare bestemt ved Gjende i Jotunheimen. I nær tilknyting til sentrum finst Blåhø, eit fantastisk utsiktspunkt. Frå her ser du til både Jotunheimen, Rondane, Reinheimen og Dovrefjell på ein klår dag.

Området byr på meir enn natur. Vi tek var på kulturen i området, og tradisjonar blir haldne i hevd. Mykje av dette kan du oppleve. I området finst også mange kunsthandverkarar som tilbyr produkt knytt til lokale tradisjonar.

Lom

Midt i Ottadalen ligg fjellbygda Lom. Dei høgaste fjelltoppane i Noreg finn du her, og meir enn halvparten av Jotunheimen nasjonalpark ligg i Lom. 90% av kommuna ligg over 900 m.o.h. og kjente fjelltoppar som Galdhøpiggen og Glittertind er berre to av dei meir enn 150 fjelltoppane over 2 000 m.o.h.

Kommunesenteret Fossbergom er eit moderne bygdesenter der dei fleste har sitt arbeid i reiseliv, handel og tenesteyting. Kultur og miljø vert teke vare på og ein set si ære i å kunne tilby tradisjonsrike produkt. Fossbergom står fram som ein tettstad med særpreg, og politikarane i Lom har heile tida lagt stor vekt på byggeskikk og lokale tradisjonar.

Jotunheimen

"Jøtunheimen" døypte Aasmund Olavsson Vinje fjella her i 1862, inspirert av det ville landskapet og norrøn mytologi. Jotnane - trolla - har heimen sin her. Jøtunheimen vart seinare til Jotunheimen, og det namnet brukar vi i dag på dette mektige området med dei høgaste fjella i Nord-Europa

Høge tindar og store sjøar

Jotunheimen på fylkesgrensa mellom Oppland og Sogn og Fjordane er eit stort sett urørt fjellområde prega av majestetiske fjell og isbrear. Dei harde, seige bergartane her vart danna under stort trykk langt nede i jordskorpa og har sinare vorte pressa opp til overflata.

I Jotunheimen ligg dei høgaste fjella i Noreg, Galdhøpiggen når opp i 2469 meter, medan Glittertind, med si iskappe på topp. Nasjonalparken har fleire store innsjøar, med Gjende som den største. Tilførsla av slamhaldig brevatn gjev Gjende ein smaragdgrøn farge på seinsommaren. Det djupblåe Bessvatn ligg like ved.

Mellom dei to vatna går det merkt sti over den smale Besseggen - ein av dei mest vidgjetne attraksjonane i den norske fjellheimen. Det var her - eller langs eggen av Knutshø på den andre sida av Gjende - at Peer Gynt gjennomførte det vågale rittet ned "Gjendin-eggen" på ryggen av ein reinsbukk. Dei villaste og kvassaste tindane i Jotunheimen finn vi i Hurrungane.

Høgderekord for norske planter

Jotunheimen held høgderekorden for mange av fjellplantene våre. Høgast av alle blomsterplantene går issoleia. På Glittertind kan du finne ho på ca. 2 370 m.o.h. - berre 100 meter under toppen. Raudsildra og rosenrota går opp til ca. 2 300 m.o.h.

Berggrunnen i nasjonalparken er mange stader kalkrik, og dette er ein viktig grunn til det rike plantelivet i Jotunheimen. Her veks fleire kravfulle, kalkkrevjande planter, m.a reinrosa.

Somme av planteartane finst berre i spreidde fjellområde rundt den nordlege delen av Atlanterhavet, til dømes fjellskrinneblom, lodnebergknapp og fjelltjæreblom. Dette har undra botanikarane. Desse artane kan ha overlevd den siste istida på isolerte, isfrie område ved kysten eller fjelltoppar som stakk opp over isbreen.

Det meste av parken ligg over skoggrensa. Rundt Gjende står frodig fjellbjørkeskog, og i dei austlege delane av parken går skoggrensa heilt opp i 1200 moh.

Gamal og ny bruk av fjellet

Jegarar og fiskarar har brukt Jotunheimen i fleire tusen år. Ved Gjende og Russvatn er det spor etter buplassar frå 3000 f.Kr. I dag minner dyregravene oss om ei tid då fangst av rein var ein viktig del av næringsgrunnlaget. Fangsten i dyregraver tok ikkje slutt før han vart forboden på 1800-talet. I dag rår villreinen grunnen i vest, medan tamreinen dominerer i andre delar av parken.

Mellom dei varierte kulturminna i Jotunheimen finn vi elles vardar frå gamle ferdsleårer og resar etter falkefangarbuer. Tidlegare var det seterdrift fleire stader, mellom anna var Gjendebu opphaveleg seter. Ved Memurubu har setrene vore i bruk heilt fram til i dag.

Fleire vatn og vassdrag i Jotunheimen har godt aurefiske, særleg dei større sjøane. I mange av vatna og vassfraga vert det drive fiskekultivering. Jotunheimen har sidan 1850-talet vore eit av dei mest populære område i landet for fjellvandring. Hurrungane med Store Skagastølsrind, er eit mekka for fjellklatrarar.

Sist oppdatert:  22. juli 2008
Leirdalen i Lom, Norge - Foto: Mari Beate Kleiven
Leirdalen i Lom, Norge
DNT har merket flere enn 50 turstier i Jotunheimen - Foto: Mari Beate Kleiven
DNT har merket flere enn 50 turstier i Jotunheimen
Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Fanaråken i Jotunheimen, Norge - Foto: Mari Beate Kleiven

Fakta om Jotunheimen

Navnet Jotunheimen ble først tatt i bruk av Aasmund Olavsson Vinje, som gikk mye i området i 1860-årene. Navnet betyr kjempenes hjem.

Fakta om Jotunheimen

Kilde:: Visitnorway

Om Jotunheimen

Turistinformasjon i Jotunheimen

Hjå turistkontora i Jotunheimen får du informasjon og tips om kva som skjer i området, aktivitetar, opplevingar, servering og overnatting.

ANNONSER

Jotunheimen

Kveld
Sol/skyfritt, Laber bris
5°C

Relaterte filmer

ANNONSER

TEKSTANNONSER