I Flora og Bremanger kan du nyte lokal mat. Her finnes det fleire lokale leverandørar som produserar ulike produkt. Svanøy er kjent for sin gode røykelaks. Røykelaksen kan du få med ulike marinadar og krydder, og den smakar fantastisk. På Svanøy finn du og Norsk Hjortesenter. Kjøtet frå hjorten er av beste kvalitet og serverast på dei finaste restaurantane i Norge.
Fersk sjømat er ein av våre spesialitetar. Knutholmen i Kalvåg er kjent for den gode og varierte sjømaten dei har på menyen. Her kan du velje mellom fisk, reker, krabbe, hummar, kamskjell og mykje meir.
I Måløy sentrum finn du den nyopna fiskerestauranten Kraftstasjonen, denne er vel verdt eit besøk. Vidare nord langs FjordKysten ligg Selje hotell. Her kan du nyte alle måltid frå ein variert meny.
Hjørnevikhagen i Florø er dreve av den talentfulle kokken Tore Skarstein. Han har vunne prisen som beste kokk i Norge ved bruk av lokale råvarer. Hjørnevikhagen tilbyr ein variert meny som passar godt for alle anledningar. Hjørenvikbua i Florø er ein svært god restaurant som er ypperleg dersom du vil nyte lokale råvarer i godt miljø.
På Quality Hotel i Florø finn du Bryggekanten restaurant som tilbyr økologisk mat i eit maritimt miljø. Comfort Hotel Florø åpnar ny restaurant i løpet av vinteren 2008/2009.
Kråkenes fyrkafé ligg i sjølve fyret med panoramautsikt og 30 sitteplassar. Populært er dei nysteikte vaflane, bilete frå havet og stormvideo frå Stadt. Ope frå påske alle sundagar fram til juni. Frå 18. juni til 12. august er det ope kvar dag. Opningstida er frå kl. 12 - 18. Spesielle arrangement etter avtale.
Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website
Forhåndsvisning
Fjordkysten har eit variert utval av lokal mat og restaurantar. Du kan nyte ein av våre lokale spesialitetar eller slappe av med ein koseleg middag.
Mat og servering langs FjordKysten
Kilde:: Visitnorway
Dette tar lengre tid enn forventet.
Vi ber deg prøve på nytt senere. Gi oss gjerne beskjed hvis problemet oppstår på nytt, kontakt reservation@booknorway.no
Finn, sammenlign og bestill overnatting i Norge.
Beste utvalg av flyruter.
Sammenlign priser per reisemål på leiebiler fra Norges ledende aktører.
Garantert beste pris på ferger til og fra Norge.
Se alle oppføringer for Fjordkysten (136)