I fjordbygda Dale kan du kjøpe flotte sko produsert i bygda. Dale senter midt i bygda tilbyr eit rikt butikkutval.
Helle knivfabrikk er vel verdt eit besøk for varige minne. I Værlandet og Bulandet finn du galleri og kan kjøpe med deg vakre kunstverk.
Askvoll sentrum byr på ulike butikkar, frisør og husflid.
Florø sentrum framstår som eit travelt og sjarmerande bysentrum. Her finn du fleire små butikkar med eit rikt vareutval. Her finn ein unike butikkar og galleri som tilbyr handlaga særeigne produkt. I tillegg har Florø Amfi kjøpesenter eit variert butikktilbod over tre etasjar.
På øyane Store Batalden og Svanøy finn ein kunstgalleri der ein kan kjøpe vakre kunstverk.
I Kalvåg finn ein eit levande kunstnarmiljø, med sjarmerande små butikkar som tilbyr unike produkt. Her finn ein noko for ein kvar smak.
Måløy er ein fiskeriby der du finn fine butikkar i eit levande maritimt miljø. Kaibutikken er ein butikk med tradisjon, her finn ein svært mykje forskjellig og eit besøk her er ei oppleving i seg sjølv. Butikken er kanskje spesielt interessant for menn, utanfor finn du ei benk der kvinner kan vente.
Gammel Sjarm i Selje er ein butikk med særpreg. Vi anbefaler ein tur innom denne butikken, da den har ein heilt spesiell atmosfære.
I Nordfjord finn du også eit utval i norske handverkstradisjonar som treskjering, veving og strikk, og du kan og gjere gode kjøp av kunst og brukskunst av høg kvalitet.
Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website
Forhåndsvisning
FjordKysten har eit rikt utval av lokale butikkar med eigne spesialitetar. Her er galleri, sjarmerande små butikkar og norske handverktradisjonar.
Shopping langs FjordKysten
Kilde:: Visitnorway
Dette tar lengre tid enn forventet.
Vi ber deg prøve på nytt senere. Gi oss gjerne beskjed hvis problemet oppstår på nytt, kontakt reservation@booknorway.no
Finn, sammenlign og bestill overnatting i Norge.
Beste utvalg av flyruter.
Sammenlign priser per reisemål på leiebiler fra Norges ledende aktører.
Garantert beste pris på ferger til og fra Norge.
Se alle oppføringer for Fjordkysten (136)