Gulatinget
På Flolid i Gulen blir det reist ein skulpturpark som markerar at Gulatinget møtte ved Gulafjorden i fem hundre år. Frå år 1300 vart tinget flytta til Bergen. Det var på tinget dei viktige politiske drøftingane gjekk føre seg, og avgjerdene blei tekne.
Tingfolket var representantar for bøndene på Vestlandet og Gulatinget er såleis i slekt med dei representative institusjonane som vi har i dag som kommunestyre og Storting.
Det gamle tinget vart og nytta som lovting, der det blei dømt både i sivile og straffesaker. Den norske bilethoggaren Bård Breivik er ansvarleg for dei kunstnarlege elementa. Eitt kunstverk som i seg sjølv kan nyttast til scenografien for utandørs-, danse og musikkførestillingar i eit vakkert og særprega naturområde.
Kvernsteinparken
Kvernsteinsproduksjonen i Hyllestad starta for over 1000 år sidan, og var truleg ein storindustri allereie i vikingtida og utover i mellomalderen. Kvernstein vart eksportert til til dei danske og baltiske områda, og til øyane i vest.
Svært mange av krossane som står langs kysten er hogde i Hyllestad, mellom anna krossane i Eivindvik og Korssund. Langs naturstiane i Kvernsteinsparken er det spor etter den tidlege industrisoga. Du finn restar av kvernstein, og kan sjå halvt uthogde kvernstein som framleis sitt fast i berget. Informasjonshus. Guida omvising i sommarsesongen og steinhoggarleir med aktivitetar.
Utvær
Lenger mot vest er det ikkje mogleg å reise i Noreg dersom du skal ha fast
grunn under føtene. I dag er det eit par fastbuande på Utvær, men om
sommaren blir det myldrande liv av feriefolk i det gamle fiskeværet. Fyret
vart i 2004 automatisert, men det er høve til å få omvising.
For deg som ønskjer ei litt lenger turoppleving i Solund, kan vi tilby ein todagerstur med overnatting i det gamle skulehuset på Utvær. Skal du besøke Utvær må du i båt. Eigen båt eller lokale skyssbåtar, valet er ditt. Her er tingingsrute frå Kolgrov heile året. I sommarsesongen er det oppsett skyssbåt med avgang i frå Hardbakke og Eivindvik.
Øyhopping
Det er mange øyar å utforske langs kysten av Vestlandet. Rundt Askvoll og Florø finn vi nokre av dei fagraste øyane i landsdelen vår. Bli med oss på rundreise i øyriket. Denne turen tek deg med til nokre av perlene mellom desse øyane.
Besøk Bulandet, ein skjergard med utrulege 365 øyar, og det gamle fiskevéret og handelsstaden Gåsvær. Opplev på nært hald dette ville landskapet ut mot havet, med eit mylder av skjer og øyar forma av det harde vintervêret her ute.
Det einaste du treng å ta stilling til, er om du vil vere her nokre timar, dagar eller veker!
Kinn
Frå kystbyen Florø seglar lokalbåten mellom øyar og skjer ut til sagaøya Kinn. Det er ikkje mange norske kyrkjer som ligg vakrare til enn steinkyrkja på Kinn. Ingen veit for visst når denne kyrkja i romansk stil vart bygd, men den er minst hundre år eldre enn den meisterleg utskorne preikestolen frå 1250.
Tek du turen opp Kinnaklova, det berømte seglingsmerket, får du eit utsyn som nesten kan ta pusten frå deg. Det er mest som om du kan sanse gamal tid, der segl atter fer langs leia.
Askvoll
Mellom Florø og utløpet av Sognefjorden ligg det eit mylder av øyar. Du kan segle denne vakre sjøstrekninga frå Askvoll med ekspressbåt og ta deg tid til å utforske ein av Fjord-Norges triveligaste byar. Florø har eit fint kystmuseum som gir godt kulturhistorisk innsyn, og nær byen finn du òg helleristingar og andre attraksjonar.
Heile regionen er som skapt for fiske og sjøsport, men du kan òg kose deg med å vitje dei vakre øyane, som kvar og ei er særmerkte på sin eigen måte. På ettermiddagen går sjøreisa attende, frå Florø til Askvoll.
Florø
Florø er eit moderne bysamfunn, fylket sin eldste og Noregs sin vestlegaste
by. Til trass for dei store endringane i bybiletet har Florø sentrum klart å halde på sitt særpreg, og står i dag fram som eit travelt og sjarmerande bysentrum.
Byen er omkransa av flott natur som byr på eit variert turterreng, ein fantastisk skjergard og eit levande øyliv. Byen vart etablert i 1860. Det vert ofte sagt at byen vart bygd på "havet sitt sølv", silda, som ein igjen finn igjen i byvåpenet.
Opplev byens historie ved å vandre i gatene, på husveggane finn du informative skilt om livet før. Du kan også besøke Kystmuseet i Sogn og Fjordane
som vil gi deg eit større innblikk byen si historie og kystkultur generelt. Om sommaren kan du vere med på mange flotte arrangement som Verdas Største sildebord, Kinnaspelet, fotballflora og mykje meir.
Svanøy - Sunnfjords perle
Mange held Svanøy for å vere "Sunnfjords perle" og alle som kjem dit blir trollbundne av den vakre smaragdøya. Når du utforskar stiar og småvegar til fots, skjønar du fort kvifor folk har trivdes her i over 4000 år. I meir enn tusen år var Svanøy sete for både verdsleg og religiøs makt.
Utom gravplassen står ein kross til ære for Heilag-Olav med runer frå det 10. hundreåret. Svanøy har òg mange minne frå tidleg på 1800-talet øya var eit av hovudseta til Hans Nielsen Hauge. Gå på omvisning på Svanøy Hovedgård og Norsk Hjortesenter. Bli med på ein heilt spesiell rundtur til Svanøy frå Florø.
Måløy og Vågsøy
Måløy fekk bystatus i 1997. Byen ligg ved Ulvesundet på øya Vågsøy, som kommuna er oppkalt etter, og vert knytt saman med fastlandet via ei 1 224 meter lang bru, ein gong Noregs lengste. Brua er eit flott byggverk som dannar ein majestetisk portal for all sjøgåande trafikk.
Dei mest populære attraksjonane i Vågsøy er Kråkenes fyr, Kannesteinen, Vågsberget og Refviksanden. Bli med på guida vandringar i Måløy sentrum.
Selje
På kysten av Nordfjord, på dei 235 km2 bur det 3 050 personar, og i naturen finn ein både steile fjell og kvite sandstrender.
Selje er ein turistkommune som er rik på storslagen natur og spennande historie. Mange kjem hit for å besøkje Selje kloster som er tufta der helgenen St. Sunniva flaut i land og måtte gøyme seg vekk frå vikingane. Det er og St. Sunniva som prydar kommunevåpenet.
På Vestkapp ytterst på Stad får ein eit fabelaktig utsyn over det ville havet i området.
Gjennom året er det mange spennande arrangement i Selje, mellom anna Seljumannamesse, Sunnivadagane, Sunnivafestspela og mykje meir.