Gå til innhold Gå til hovedmeny
Grotlesanden i Bremanger, Norge - Foto: Vestkysten Reiseliv AS
  |  
Grotlesanden i Bremanger, Norge Foto: Vestkysten Reiseliv AS

Fakta om FjordKysten

FjordKysten i Sogn og Fjordane strekkjer seg frå Gulen i sør, forbi Sognefjorden, til Selje i nord ved Nordfjord.

FjordKysten ligg i skjeringspunktet mellom storhavet i vest og dei verdskjende fjordane austover i landet, og omfattar kommunane Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Flora, Bremanger, Vågsøy og Selje.

Vi tek deg med på eineståande opplevingar langs FjordKysten av Sogn og Fjordane. Her finn du det beste av det ekte og reine Noreg har å by på. Vi kallar desse kystperlene våre små hemmelegheiter, og deler gjerne med deg!

FjordKysten er også innfallsporten til nokre av dei flottaste fjordopplevingar i verda. Du får dermed kremen av Noreg servert med korte reiseavstandar.

Naturkrefter og historie

Der fjordane møter storhavet er naturkreftene sterke. Her har vind og sjø forma naturen gjennom tusenvis av år, og forma særmerkte landemerke. Nokon av landemerka langs FjordKysten har vore viktige seglmerke lang tid tilbake. Naturen i skjeringspunktet mellom fjord og hav byr på storslåtte sanseinntrykk og opplevingar.

FjordKysten har ei rik og spennande historie. Her finn du godt bevarte fornminne, mange spennande historiske stadar frå vikingtida, mellom anna Gulatinget, "demokratiets vogge".

Her er også nyare industrihistorie som syner noko av den store trafikken frå den tida då sjøen var riksveg nr. 1 langs norskekysten.

Byar

To viktige byar langs FjordKysten er Måløy og Florø. Måløy ligg nord i FjordKysten og er 2,03 km2. Byen har ei befolkning på 3 062 menneskje. På slutten av 1800-talet utvikla Måløy seg til ein av dei lendande fiskeområda i Noreg. Grunnlaget for denne utviklinga var fiskesesongen for torsk og sild. I dag er Måløy ein av de travlaste eksporthamnene i Noreg.

Den vestlegaste byen i Noreg, Florø, vart etablert i 1860. På den tida var sildefisket like viktig for Noreg som oljeindustrien er i dag, og Florø var ein av dei største plassane for slikt fiske.

Byen Florø er 5,98 km2 og har ei befolkning på 8 230 menneskje. Florø er ein idyllisk by med mykje vakker natur.  

Sist oppdatert:  20. oktober 2008
Strand langs FjordKysten, Norge - Foto: Steinar Engeland
Strand langs FjordKysten, Norge
Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Grotlesanden i Bremanger, Norge - Foto: Vestkysten Reiseliv AS

Fakta om FjordKysten

FjordKysten i Sogn og Fjordane strekkjer seg frå Gulen i sør, forbi Sognefjorden, til Selje i nord ved Nordfjord.

Fakta om FjordKysten

Kilde:: Visitnorway

Om FjordKysten

FjordKysten

Eventyra ligg framfor deg langs kysten av Sogn og Fjordane. Øyhoppingparadiset lengst vest i Norge, ekte og urørt, ventar på deg!

Turistinformasjon langs FjordKysten

Langs kysten er det flere turistkontorene som kan gi deg den informasjonen du trenger for reiser langs FjordKysten.

Fakta om Stryn og Nordfjord

Nordfjord består av kommunane Stryn, Hornindal, Gloppen, Eid, Vågsøy og Selje.

ANNONSER

Relaterte filmer

ANNONSER

TEKSTANNONSER