Hytter, feriehus og sjøhus/rorbuer
Du kan velje mellom alt frå flotte høgstandard hytter, idylliske feriehus eller rimelege standardhytter. Eller kva med å bu nesten på bryggekanten og sovne til klukkinga frå sjøen.
Batalden Havbu er eit restaurert gards- og fiskebruk med tre sjøhus og to bustadhus frå periodens 1820 - 1900. Likar du god atmosfære, god mat og ramsalt kystkultur? Då er Knutholmen, som er ein del av programmet Håndplukket, og fiskeværet Kalvåg ein stad du vil trivast.
Færøy Feriesenter er eit anna idyllisk feriestad du kan vere, på same måte som Bulandet. Bulandsferie tilbyr fem utleigeeiningar på 30-50 m2 på Bulandet - Noregs vestligaste bygd beståande av 365 øyar, holmar og skjær. Solheim Fiskeferie tilbyr rorbuleilegheiter og hus i Vågsvåg og Oppedal heilt ytst i Nordfjord.
Hotell og gjestehus
Langs kysten av Sogn og Fjordane finn du koselege hotell og gjestehus, som gjerne har vore dreve av den same familien i generasjonar. Her kan ein mellom anna nemne Askvoll Fjordhotell som er eit familiehotell lokalisert ved kysten.
Ein kan også nemne Quality Hotel Florø, som ligg vakkert plassert i sentrum av Florø by. Og kanskje fristar eit besøk på Skandinavias mest unike spa/thalassohotell, Selje Hotell? Selje Hotell ligg ved den vakre stranda Seljesanden.
Camping
Du finn mange fine campingplassar langs kysten av Sogn og Fjordane. Sett opp teltet, parker bubilen eller campingvogna, og samstundes ha tilgong til dei viktigaste servicefunksjonane.
Eller kva med å bli med på Grendacamp, der du bur i eit gjestehus med sjølvhushald? På campingplassane kan du også få leige båt, og det er ofte kort veg til nærmaste badeplass.
Selje Camping og Hyttesenter er eit camping og hyttesenter i familievennlege omgjevnader, 500 meter frå Selje sentrum. Steinvik Camping tilbyr flotte hytter og rom til leige nær sjøen.
Fyrferie
Fyra ligg yttarst på dei brattaste knausar med brusande hav som næraste nabo. Mange av fyra tilbyr overnatting i sommarsesongen. I fint vêr kan du setje deg på terrassen utanfor, og nyte solnedgangen og roen.
Men dersom vinden bles som aller krappast er opplevinga endå større. Ein føler seg liten når bølgjene slår opp over stovevindauget, men samstundes er ein svært trygg inne i eit fyrtårn som har stått mot stormar og vind i over 100 år.
FjordKysten har fleire overnattingsmogelegheiter når det kjem til fyr. Nokre av dei er Geita fyr, Kråkenes fyr, Ulvesund fyr og Skongenes fyr.
Bestill overnatting og transport nå
Laveste pris garanteres av BookNorway.
- Hoteller
Søk etter hotell i hele Norge.
- Hytter og feriehus
Søk blant mer enn 2500 hytter og feriehus.
- Fly
Søk blant alle flyvninger i Norge.
- Leiebil
Søk etter leiebil og sammenlign priser på alle norske reisemål.