Gå til innhold Gå til hovedmeny
Geirangerfjorden, Norge - Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norway
  |  
Geirangerfjorden, Norge Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norway

Attraksjonar ved Geirangerfjorden og Trollstigen

Den spektakulære naturen vår, med Geirangerfjorden og Trollstigen, er det som lokkar deg hit til oss.

Geirangerfjorden

Perla blant norske fjordar er uttrykk som ofte blir brukt om denne vel 20 kilometer lange fjordarma mellom Hellesylt og Geiranger, som også er med på UNESCO si verdsarvliste.

Du skal vere godt vant om du ikkje let deg imponere over naturen sitt fantastiske skaparverk her, dramatisert av menneska sin vilje til å klore seg fast for levebrødet i steile fjellsider.

Her finn du dei berømte fossefalla Dei sju systre, Friaren og Brudesløret, som sender imponerande fossar kaskadar av buldrande vatn utfor stupbratte fjellsider, eller kjælar med fjellveggen i tynne, florlette dusjar som skaper vakre regnbogar på kryss og tvers.

Og på hyller oppe i dei stupbratte fjellsidene, eller nesten heilt ned ved fjorden vil du kunne sjå dei fråflytte fjell- og fjordgardane, mellom anna gardane Skageflå, Knivsflå, Blomberg, Matvik og Syltevik. Dei krydrar opplevinga og vitnar om ei tid som var - ei tid som er vanskeleg å skjøne i dag.

Trollstigen

Slyngande oppetter steile fjellsider, fossefall og stabbesteinar, smalt og nervepirrande, men fram for alt fascinerande. Dette er Trollstigen, vegen som vitnar om framragande ingeniør- og byggekunst med enkle arbeidsreiskap frå dei harde 1930-åra.

Den trollbind og skræmar mange enno, vel 70 år etter opninga i 1936. Den er ein naturleg attraksjon å ta med på turen hit, og er inngangsportalen til destinasjonsområdet frå nord.

Gudbrandsjuvet

Gudbrandsjuvet er eit fem meter smalt og 20-25 meter høgt juv som elva Valldøla presser seg gjennom. Vatnet har forma eit system av djupe jettegryter og finurlege formasjonar.

I samband med at denne vegstrekninga i 2009 får status som nasjonal turistveg har Gudbrandsjuvet fått ei opprustning med nye gangbruer og utsiktspunkt. Juvet ligg lett tilgjengeleg ved riksveg 63 mellom Valldal og Trollstigen.

Geiranger Fjordsenter

Geiranger Fjordsenter er eit interaktivt kunnskaps- og opplevelsessenter om norsk fjordkultur i verdsarvsområdet. Med utgangspunkt i fjordfolkets sitt liv og virke kan du oppleve ei unik og lærerik historie, eit fargerikt folkeslag og ein fantastisk natur.

Dagens teknologi vert nytta til å formidle informasjon om ras og rasområder, kraftutbygging, flora og fauna, vegbygging, turisme og transport, folkeliv og natur. Multimediaforestilling "Frå fjell til fjord", viser deg verdsarvsområdet slik det tar seg ut gjennom dei fire årstidene.

Du får ei flott historie og ei komplett kultur- og naturoppleving, alt på same stad og på same tid. I Geiranger Fjordsenter finn du også eit kunstgalleri der kjente, norske samtidskunstnarar presenterer sine verk.

Dalsnibba

Mest truleg verdas mest fantastiske utsikt – 1500 m.o.h. Nibbevegen tek deg frå Djupvasshytta på 1038 m.o.h. til utsiktspunktet Dalsnibba på ca. 1500 m.o.h. Du får ei uforgløymeleg oppleving av fjordkultur, utsikt mot dei ville snødekte fjella, rein luft og verdsarvområdet, alt på same tid.

Nibbevegen, eit pionerprosjekt og sjølve symbolet på turismen i Geiranger, vart opna i 1939. Det flotte panoramaet frå toppen rommar fjord, tindar og høgfjellsterreng og er ein sjølvsagt del av eit Geirangerbesøk. Nibbevegen er bomveg og er normalt open i tidsrommet juni-oktober.

Flydalsjuvet

Flydalsjuvet byr på imponerande utsikt og er eit godt fotopunkt over Geiranger og Geirangerfjorden med dei mange cruisebåtane. Her ifrå stammer eit av Noregs mest brukte fotomotiv i reiselivsreklamen.

Utsiktpunkt finst på to platå, eit øvre og eit nedre, med gangsamband mellom. Utsiktspunkta er modernisert gjennom prosjektet Nasjonale Turistvegar, og dei nye installasjonane vart offisielt opna med ei markering 21. juni 2006.

På det nedre platået finn ein også installasjonen "Fjordsetet" som vart avduka av dronning Sonja i september 2003 i høve 10-års jubileet til landsdelsselskapet Fjord Norge As.

Flydalsjuvet ligg lett tilgjengeleg ved rv. 63, ca. 4 kilometer frå Geiranger sentrum i retning mot Grotli.

Herdalssetra

Den vakre Herdalen med Herdalssetra ligg 500 m.o.h opp frå bygda Norddal og innanfor UNESCO sitt verdsarvområde. I enden av desse slettene ligg den unike Herdalssetra, som dannar ei tett klyngje med over 30 gamle seterhus. Dette er ei av dei største fellessetrene for geit her til lands, og her har det vore ein ubroten setertradisjon i over 300 år.

Her kan ein få smaksprøvar av geitosten og geitmjølk-karamellen som blir laga på gamlemåten. Å rusle mellom dei gamle bygningane, drage inn frisk fjelluft og angen frå beitande dyr gir ro i sinnet.

Det er høve til å overnatte i seterhusa, kjøpe fiskekort og leige båt på vatnet. Setra har også sin eigen, enkle seterkafé med servering av rømmegraut og spekemat gjennom sommaren.

Ørnevegen - Ørnesvingen

Ørnevegen er namnet på den brattaste vegstrekninga oppgjennom lia frå Geiranger mot Eidsdal på riksveg 63. Her slyngjer vegen seg i 11 hårnålsvingar frå Geirangerfjorden og opptil det høgste punktet på strekninga 620 m.o.h ved Korsmyra.

Vegen vart offisielt opna 15. september 1955 og gav bygda Geiranger heilårs vegsamband. Namnet illustrerer noko vilt og spektakulært som trafikkantane vil oppleve, særleg om dei stansar i Ørnesvingen som er den øvste hårnålsvingen.

Her er det tilrettelagt særskilt slik at ein verkeleg kan få nyte den storslåtte utsikta mot Geiranger, Geirangerfjorden, fossane Dei sju systrer og fjellgarden Knivsflå eller nyte synet av dei mange cruiseskipa på fjorden under.

Dette utsiktpunktet har vorte oppgradert dei siste åra, som ein del av prosjektet Nasjonal Turistveg i regi av Statens Vegvesen.

Sist oppdatert:  28. august 2008
Utsikt over Geirangerfjorden fra Flydalsjuvet, Norge - Foto: Terje Rakke/Nordic Life
Utsikt over Geirangerfjorden fra Flydalsjuvet, Norge
Trollstigen og Bispen, Norge - Foto: Terje Rakke/Nordic Life
Trollstigen og Bispen, Norge

Interesse:  Naturattraksjoner, Museer og gallerier, Gårdsbesøk, Fjell og fjorder

Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Geirangerfjorden, Norge - Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norway

Attraksjonar ved Geirangerfjorden og Trollstigen

Den spektakulære naturen vår, med Geirangerfjorden og Trollstigen, er det som lokkar deg hit til oss.

Attraksjonar ved Geirangerfjorden og Trollstigen

Kilde:: Visitnorway

Geirangerfjorden og Ålesund sett fra luften

Opplev Geirangerfjorden, Ålesund, Trollstigen og Trollveggen fra fugleperspektiv med disse fantastiske 360 panorama-bildene.

Geirangerfjorden

Fjordarmen på Sunnmøre er et av Norges mest besøkte turistmål. Her finner du Brudesløret, Ørnevegen og mange spennende ting å gjøre.

Attraksjoner i Ålesund og Sunnmøre

De mest populære attraksjonene i området er Geirangerfjorden, fugleøya Runde, jugendhusene i Ålesund og Alnes fyr.

Vandring ved Geirangerfjorden og Trollstigen

Ta ein vandringsferie i det storslagne landskapet langs den verdsberømte Geriangerfjorden.

Om Geirangerfjorden og Trollstigen

Geirangerfjorden og Trollstigen

Fjordlandskapet vårt er unikt og eksepsjonelt vakkert. Nettopp difor står Geirangerfjorden med omland på UNESCO si liste over verdas naturarv.

Fakta om Ålesund og Sunnmøre

Ålesund, med 40.000 innbyggere, er den største byen på Sunnmøre, en region som er kjent for fiske, maritim teknologi og møbelproduksjon.

Kampanjer

Vandring i Ålesund og Sunnmøre

Sunnmørsalpene rager opp til 2000 m.o.h. og har flotte vandreruter og vakker fjordutsikt. På øya Runde kan lette turer kombineres med å se på fugl.

ANNONSER

Geirangerfjorden

Relaterte filmer

ANNONSER

TEKSTANNONSER