|  
Geiranger, Norge Foto: Per Eide

Overnatting ved Geirangerfjorden og Trollstigen

Om du søkjer det enkle, eller luksus har vi eit overnattingstilbod som passar deg, anten i Geiranger, Valldal eller ei anna av våre idylliske bygder.

Hotell

Om du ynskjer å ha det komfortabelt, og kanskje litt luksuriøst når du er på ferie, finst det i vårt område totalt åtte hotell. Dei har alle sitt eige særpreg.

Hotel Union er eit familiedrive hotell, som har opna ei heilt ny SPA-avdeling. Elles kan Villa Norangdal tilby nyoppussa rom med design frå ulike tiår.

Det nyaste tilbodet på hotellfronten er Juvet Landskapshotell ved Gudbrandsjuvet i Valldal, der eitt og eitt rom er plassert midt ute i naturen.

Campingplassar, hytter og vandrarheim

Anten du har med deg telt, vil bu i ein enkel campinghytte, eller boltre deg i ei stor og velutstyrt utleigehytte, finn du alt her hjå oss. Hyttene kan leigast både for kortare og lengre periodar, og ofte er båt tilgjengeleg.

Om du helst vil bu heilt nede ved fjorden er Geirangerfjorden Feriesenter eit fint alternativ. Eller kanskje Solvang Camping ved det idylliske Eidsvatnet, eller nye utleigehytter på Omenås i Valldal er din drøymeferiestad?

Om du ynskjer å bu billeg og likar kome i kontakt med folk frå heile verda, er vandrarheimen på Hellesylt den rette staden for deg.

I fjellet kan du overnatte i ei av dei mange hyttene til Ålesund-Sunnmøre Turistforening, nokre av dei er betente, andre ubetente.

Sist oppdatert:  27. august 2008

Interesse:  Hus og hage, Camping, Hytter og feriehus, Hostel og pensjonat

Del:
Lukk
Del med andre
Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Geiranger, Norge - Foto: Per Eide

Overnatting ved Geirangerfjorden og Trollstigen

Om du søkjer det enkle, eller luksus har vi eit overnattingstilbod som passar deg, anten i Geiranger, Valldal eller ei anna av våre idylliske bygder.

Overnatting ved Geirangerfjorden og Trollstigen

Kilde:: Visit Norway

Del dine meninger om denne artikkelen

Relatert

Overnatting i Ålesund og Sunnmøre

Bo på det historiske Hotel Union på Øye i Hjørundfjorden, overnatt på Molja fyr ved Ålesund eller lei hytte ved Austefjorden på Sunnmøre.
Interesse: Fyr, Rorbu, Hoteller, Hytter og feriehus

Om Geirangerfjorden og Trollstigen

Fakta om Ålesund og Sunnmøre

Ålesund, med 40.000 innbyggere, er den største byen på Sunnmøre, en region som er kjent for fiske, maritim teknologi og møbelproduksjon.

Turistinformasjon ved Geirangerfjorden og Trollstigen

Ta kontakt med eller stikk innom ein av våre lokale turistinformasjonar for tips og råd om overnatting, transport, fjellturar og aktivitetar.
Interesse: Turistinformasjon

Fakta om Geirangerfjorden og Trollstigen

Den unike naturen i området vart forma av den siste istida, då isbreane grov ut djupe fjordar og forma høge fjell.

Turistinformasjon i Ålesund og Sunnmøre

Turistinformasjonen i Ålesund er på Skateflukaia, sentralt plassert i byen. Ulsteinvik, Fosnavåg, Ørsta og Stordal har også turistinformasjon.
Interesse: Turistinformasjon

ANNONSER

Ålesund

Kveld
Skyet, Frisk bris
5°C

Relaterte filmer

Relatert

Camping

Hytter og feriehus

Hostel og pensjonat

ANNONSER

TEKSTANNONSER