I Hardanger er det mykje å fylle tida med, og du vel sjølv om du vil vere i aktivitet eller berre slappe av og la omgjevnadane fylle deg med energi. Av aktivitetar kan du velje mellom oppdagingsferd langs fjorden, vandring, ski, rafting, elvepadling, havkajakk, klatring, rappellering og andre spanande aktiviteta. Dette er tilbod som er tilgjengelege både sommar og vinter.
La tida stå stille og nyt kjensla av gode augneblink for deg sjølv eller saman med andre. I Hardanger får du gode opplevingar gjennom alle årstider.
Vandring
I Hardanger er det tre område som utmerkar seg for vandring, Hardangervidda Nasjonalpark, Folgefonna Nasjonalpark og Kvamskogen. Opplev fjord, fjell, fossar og bre samt ein rikdom av frukt. Det er store kontrastar innanfor korte avstandar, på same turen kan du oppleve både vår og sommar.
Valmogelegheitene er store du finn mellom anna korte turar, kulturstiar og dagsturar.
Car Walks kan anbefalast. Dette er ein kombinasjon av biltur med innlagde turforslag i merka løyper. På heimesida til Car Walks er det tilgjengelege kart og informasjon. På kartet er det forslag til parkering av bil samt merka startpunkt for gåturen.
Du finn godt tilrettelagde natur og kultur stiar både ved fjorden og på fjellet.
Den Norske Turistforening byr på hytter og velmerka løyper både sommar og vinter.
Gardsbesøk
I Hardanger er det gode mogelegheiter for eit gardsbesøk hos både frukt og kjøtprodusentar. Tek du ein tur innom får du gjerne smake eller kjøpe av dei lokale spesialitetane. Det er også anledning til å vere med å bake lefser saman med bakstkoner i eit tradisjonelt eldhus. Nokre av gardane i området tilbyr og hesteriding eller andre familieaktivitetar.
Ynskjer du å sjå korleis Hardangersider og eplejuice vert laga bør du legge turen innom Hardanger Saft- og Siderfabrikk i Ulvik eller Hardanger Cideri på Jåstad.
Brevandring
Isbreen Folgefonna er den tredje største på fastlands-Noreg. Tek du ein tur til breen får du god tilgang til mange og varierte aktivitetar. I sesongen mai til oktober tilbyr Folgefonni Breførarlag ulike former for guida turar på Folgefonna, på desse turane vert fantastisk naturoppleving kombinert med kunnskap om breen.
Fjordcruise
I perioden mai til september tilbyr Tide Reiser fjordcruise på Hardangerfjorden. Dette er ein fantastisk måte å oppleve det vakre fjordlandskapet. Fjordcruiset korresponderer med buss til Norheimsund eller Voss.
Reiser du til Voss tek du buss vidare til Ulvik og går om bord båten der. Cruiset startar og endar i Norheimsund, undervegs er det stopp i Herand, Utne, Lofthus, Kinsarvik, Ulvik og Eidfjord.
Ein tur med båten MS Peer Gynt innover det tronge Fyksesundet til den veglause bygda Botnen er ei spesiell oppleving. Turen startar i Øystese eller på Steinstø.
Det er og mogeleg å chartre ein båt med guide, eller berre ta med eiga piknikkorg, leige ein båt og oppleve fjorden på eiga hand.
Kajakk
Med kajakk eller kano har du unik moglegheit til å komme tett inn på fjordlandskapet. Er du heldig møter du på sel, nise eller havørn. På Hardangervidda er padling på eit eller fleire av vatna ei fantastisk oppleving.
Aktivitetsselskap i Hardanger tilbyr instruksjon for både nybyrjarar og erfarne padlarar, og guidar deg gjerne på tur i det fantastiske landskapet.
Moro i snøen
Heile året er Hardanger eit snø- og skieldorado. Du finn kvit og rein snø både i turløyper og alpinbakkar sommar som vinter.
Med dei gode puddersnøtilhøva er Røldal truleg ein av dei beste skidestinasjonane i Noreg. Her kan du stå på ski frå desember til mai. Andre skiområde er Eikedalen og Furedalen som ligg på Kvamskogen og Sysendal som ligg langs Nasjonal Turistveg (rv. 7) i starten av Hardangervidda.
FlatEarth er det einaste selskapet i Noreg som tilbyr snøkajakk. Denne aktiviteten vert gjennomført i moderate løyper med spesialkajakkar. Aktiviteten er både er kjekk å prøve og sjå på. Snøkajakk er ein aktivitet i startgropa og derfor open for teknikkutprøving. Bli ein pioner innanfor denne greina!
Hardangervidda er også eit fantastisk område for snøkiting.
Ikkje gå glipp av ein bretur med Folgefonni Breførarlag. Dette er ein dagleg aktivitet i perioden mai til august, deretter på førespurnad.
Folgefonna Sommarskisenter ligg på isbreen Folgefonna 1200 moh. berre 19 kilometer frå ferjekaia i Jondal. Her er det gode mogelegheiter både for alpint og turski. På bretoppen 1640 m.o.h. er det merka løyper.
Sykkel
På sykkel i Hardanger kan du velje mellom den kjende Rallarvegen, tur langs fjorden eller utforsykling ned Måbødalen. Rallarvegen er ei populær sykkelrute som startar på Hardangervidda og endar i Flåm og Aurlandsfjorden eller Voss.
Jakt og fiske
I Hardanger er det er mange gode fiskeplassar både i elv, vatn og fjord. Fiske i fjorden er gratis men ynskjer du å fiske i elvar og vatn må du kjøpe fiskekort anten på turistinformasjonen eller andre turistverksemder.
Sesongen for småviltjakt er i perioden september til februar. For meir informasjon kontaktar du lokale turistinformasjonar i Hardanger.
Golf
I Øystese og Odda finn du sekshols golfbaner. Til og med på Hardangervidda finn du ein golfpark!
Kulturopplevingar og besøkssenter
Besøk eit av opplevingssentra i regionen og lær om naturen og kulturen i Hardanger. Mat fisken på Hardanger Akvasenter på Steinstø. Lag ditt eige tau på Hardanger Fartøyvernsenter, eit levande museum med båtrestaurering.
Ta turen til Hardangervidda Natursenter og sjå den spektakulære supervideografen laga av Ivo Caprino. På Hardanger Folkemuseum er historie og kultur i fokus. I Mikkelparken i Kinsarvik er eit rikt utval av aktivitetar for barn og godt tilrettelagt for ein familiedag.
Rundt heile Hardangerfjorden er det spanande utstillingar i dei mange ulike musea. På kunsthuset Kabuso i Øystese er det utstillingar, konsertar og andre kulturarrangement gjennom heile året.
Aktivitetsselskap i Hardanger
Følgjande selskap arrangerer spanande aktivitetar for individuelle og grupper som besøkjer Hardanger:
- FlatEarth
- Folgefonni Breførarlag
- Hardanger Opplevelse
- Opplev Odda
- Hardangerfjord Adventure