|  
Måge Gardsbutikk i Hardanger, Norge Foto: Måge Gardsbutikk

Handel i Hardanger

I Hardanger kan du kjøpe med deg lokalt handverk, frukt og bær, eplejuice og andre gardsprodukt.

Kunst og handverk

Du er truleg kjend med dei berømte måleria frå Hardanger. Kjem du på besøk får du ei rekke opplevingar i same ånd.

Mange av dei som besøkjer Hardanger tek med seg tradisjonelt handverk og produkt frå innovative kunstnarar som suvenirar når dei reiser frå området.
Ein del av produkta vert nytta i kvardagslivet eller dei prydar omgjevnadane i kjøkken og stove.

Hardanger Bestikk
Hardanger Bestikk er den største bestikkprodusenten i Skandinavia. Verksemda held til i Kinsarvik og her kan du kjøpe bestikk på fabrikkutsal. Elles finn du Hardanger Bestikk i mange gullsmedbutikkar og glasmagasin i heile Noreg.

Hardanger Kulturgalleri
Garden Mælen ligg i Herand ikkje langt frå Jondal. Her har kunstnaren Arne Bakke Mælen bygd Hardanger Kulturgalleri, eit moderne galleri og verkstad kombinert med den gamle arkitekturen på garden. Her får du ei kontrastfull oppleving av moderne design i gamle ærverdige omgjevnadar.

Det må og nemnast at Mælen ligg fantastisk til med ei spesiell utsikt over Hardangerfjorden. På Hardanger Kulturgalleri kan du kjøpe med deg keramikk laga av Arne Bekke Mælen.

Hjadlane Galleri
I Osa i Ulvik ligg Hjadlane Galleri som stiller ut samtidskunst. I galleriet finn du ulike eksempel på pastell-, teikne- og maleteknikkar. Kunstnaren Lars G. Polden bur og arbeider på Hjadlane i ein verna bygning oppført av Osa Fossekompani i 1917. Her finn han inspirasjon til arbeida sine.

Bunadar og broderi frå Hardanger

Besøkjer du Hardanger på nasjonaldagen 17. mai vil du møte mange Hardingar oppdressa i den vakre hardangerbunaden. Bunaden er og gjerne kjend som den norske bunaden.

Bunaden har sine røter attende til den tid då kvar bygd hadde sitt eige festantrekk. Det er mykje vakkert handarbeid på bunaden, med det vakre broderiet på forklede og den fargefulle brystkluten er den absolutt verdt eit nærare augesyn.

Gå ikkje glipp av den fantastiske utstillinga av Hardangerbunadar på Hardanger Folkemuseum på Utne. Her kan du og få kjøpt tilbehør til Hardangerbunaden.

På følgjande stadar får du kjøpt bunad med alt tilbehør:

  • Bunadsbua i Øystese
  • Bunadsstova i Jondal
  • Hardanger Flid i Eidfjord
  • Bunadsverkstaden på Nå i Ullensvang

Det tradisjonelle bunadssylvet vert seld hos mange gullsmedar og suvenirbutikkar.

Gardsprodukt

Folk frå heile verda vil kunne fortelje deg om moreller og eplejuice dei smakte på besøk i Hardanger. Etter ein tur i Hardangerområdet sit mange att med eit indre bilete av frukthagar i full bløming.

For ei skikkeleg gardsbesøkoppleving bør du ta turen innom Måge Gardsbutikk i Ullensvang, Bleietunet i Ullensvang, Kjærland Gardsbutikk i Granvin eller Steinstø frukt- og kakebu på Steinstø.

I perioden juli til september kan du på veg gjennom Hardanger kjøpe nyplukka hardangerfrukt som morellar, plommer, eple og pærer rett frå gardsbrukarane.

Isklar - norsk brevatn

Den 6000 år gamle isbreen Folgefonna er opphavet til mineralvatnet Isklar. Vatnet vert teke hand om i den augneblinken det spring ut frå fjellsida, og tappa i flasker på Isklar sine produksjonslokale ved Hardangerfjorden i Ullensvang Herad.

Sist oppdatert:  21. september 2009
Hardangerbunaden, Norge - Foto: Terje Rakke/ Reisemål Hardanger Fjord AS
Hardangerbunaden, Norge
Isklar fra Hardanger, Norge - Foto: Isklar AS
Isklar fra Hardanger, Norge

Interesse:  Shopping

Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Måge Gardsbutikk i Hardanger, Norge - Foto: Måge Gardsbutikk

Handel i Hardanger

I Hardanger kan du kjøpe med deg lokalt handverk, frukt og bær, eplejuice og andre gardsprodukt.

Handel i Hardanger

Kilde:: Visitnorway

Om Hardanger

Turistinformasjon i Hardanger

Turistkontora i Hardanger hjelper deg med informasjon om overnatting, aktivitetar og turar i området.

Fakta om Hardanger

Sidan 1800-talet har Hardanger vore eit viktig europeisk reisemål. Området er perfekt både for spanande naturopplevingar og avslapping.

ANNONSER

Hardanger

Kveld
Klart, Lett bris
21°C

Relaterte filmer

Relatert

Shopping

ANNONSER

TEKSTANNONSER