I Hardanger er det rikeleg med råvarer av høg kvalitet. Gode eksempel er frukt, bær, lam, geit, hjort, reinsdyr, fisk og anna sjømat.
Klimaet langs fjorden er ideelt for dyrking av frukt og bær, dette skuldast Golfstraumen, den seine våren og det lyse, varme sommarhalvåret. På grunn av dette modnar frukta langsamt og vært smakfull.
Om lag 40 prosent av all norsk frukt vert dyrka i Hardanger, og området står for nær 80 prosent av den norske morellproduksjonen.
På grunn av dei gode veksttilhøva i Hardanger får frukt dyrka i dette området ein passande og karakteristisk balanse mellom syre- og sukkerinnhald, og dette gjer dei ideelle til bruk i mat og siderproduksjon.
Hausten 2004 starta prosjektet "Ein smak av Fruktbare Hardanger" opp. Prosjektet har til hensikt å fremme den lokale matproduksjonen og gjere produkta tilgjengelege for folk flest. Dette inneber at ein skal kunne kjøpe produkta direkte frå produsentane eller i gardsbutikkar.
Dersom ei verksemd skal nytte merket "Hardanger Meny" må den tilby ein eller fleire rettar basert berre på lokale råvarer.
Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website
Forhåndsvisning
Bøndene i Hardanger er spesialistar på frukt- og bærdyrking, og Hardanger er Noregs mest fruktbare region for dyrking av eple og morellar.
Mat i Hardanger
Kilde:: Visitnorway
Dette tar lengre tid enn forventet.
Vi ber deg prøve på nytt senere. Gi oss gjerne beskjed hvis problemet oppstår på nytt, kontakt reservation@booknorway.no
Finn, sammenlign og bestill overnatting i Norge.
Beste utvalg av flyruter.
Sammenlign priser per reisemål på leiebiler fra Norges ledende aktører.
Garantert beste pris på ferger til og fra Norge.
Se alle oppføringer for Hardanger (289)