|  
Sommerski på Folgefonna, Norge Foto: Frode Dandbech

Fakta om Hardanger

Sidan 1800-talet har Hardanger vore eit viktig europeisk reisemål. Området er perfekt både for spanande naturopplevingar og avslapping.

Fakta og tal

Hardangerfjordområdet har ein storleik på 6 266 kvadratkilometer og innbyggjartalet er 23 000. Hardangerfjorden er 179 kilometer lang og 860 meter på sitt djupaste.

Hardangervidda ligg i den austlege delen av Hardanger og er det største høgfjellsplatået i Nord-Europa.

Heilt sidan 1800-talet har Hardanger vore eit attraktivt turistmål. Besøkjer du området kan du velje mellom ulike former for overnatting; førsteklasses hotell, hytter på fjellet, gjestehus, hytter eller campingplassar.

Lokalisering

Hardanger ligg ein time køyring frå Bergen og fem timar køyring frå Oslo. Voss og Sognefjorden ligg like nord for Hardanger, og i sør er Ryfylke og Sunnhordland.

Natur og aktivitetar

I Hardanger er det to nasjonalparkar, Hardangervidda Nasjonalpark og Folgefonna Nasjonalpark. I begge områda finn du stort mangfald av merka turstiar og turisthytter, både betente og sjølvbetente.

Hardangervidda er eit eldorado for dei som trivast på tur med telt og fiskestang. Området er kjend for dei mange innsjøane og elvane fulle av aure.

Om sommaren er det godt tilrettelagt for guida breturar og skiaktivitetar på isbreen Folgefonna.

Hardanger passar perfekt om du vil ta ein biltur, gå på tur, ta ein fjordtur eller andre uteaktivitetar. Du finn mellom anna tilbod om guida turar eller utstyrsutleige for kajakk, rafting, sykling, sommarski og snowboard, turar og blåisturar.

Fjordlandskapet er eit vakkert syn med isbreen, bratte fjell, fossar, frodig vegetasjon og frukttre.

Historie og kultur

Det har vore fast busetnad i Hardanger sidan førhistorisk tid. Framleis kan du sjå vakre helleristningar som er meir enn 5000 år gamle. Under den nasjonale oppbyggingsprosessen på slutten av 1800-talet spela Hardangerfjordområdet ei sentral rolle.

Nasjonalromantikken nytta bunadar frå Hardanger som nasjonalsymbol. Folkemusikk og naturen i området har og vore ein viktig del av kunst, musikk og litteratur. Besøkjer du Hardanger Folkemuseum på Utne kan du sjå mange flotte eksempel på Hardangersaum.

Stavkyrkja i Røldal er den einaste bevarte i Hordaland fylke. Etter Nidarosdomen i Trondheim er Røldal den viktigaste destinasjonen for pilegrimar i Noreg.

Det er fleire historiske hotell i regionen. Utne Hotel har vore i kontinuerleg drift sidan 1722 og Jaunsen Gjestgjevarstad vart etablert allereie i 1674.

Tradisjonell og lokale produkt

Fruktdyrking i Hardanger starta opp då munkar slo seg ned i området på 1200-talet. I dag er Hardanger storprodusent av frukt og bær, hovudsakleg eple, pærer, morellar, plommer, bringebær og jordbær. Regionen vert mellom anna kalla Noregs frukthage.

Sider frå Hardanger er også velkjent i Noreg. Hardanger Saft- og Siderfabrikk produserer sider og er open for besøkjande.

Sist oppdatert:  23. september 2009
Trolltunga med Folgefonna i bakgrunnen, Norge - Foto: OpplevOdda
Trolltunga med Folgefonna i bakgrunnen, Norge
Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Sommerski på Folgefonna, Norge - Foto: Frode Dandbech

Fakta om Hardanger

Sidan 1800-talet har Hardanger vore eit viktig europeisk reisemål. Området er perfekt både for spanande naturopplevingar og avslapping.

Fakta om Hardanger

Kilde:: Visitnorway

Om Hardanger

Turistinformasjon i Hardanger

Turistkontora i Hardanger hjelper deg med informasjon om overnatting, aktivitetar og turar i området.

ANNONSER

Hardanger

Kveld
Klart, Lett bris
21°C

Relaterte filmer

ANNONSER

TEKSTANNONSER