|  
Hotel Ullensvang i Hardanger, Norge Foto: Destination Hardanger Fjord AS

Overnatting i Hardanger

Uavhengig av om du vel budsjett- eller høgstandardovernatting vil du finne ro og vakre omgjevnadar i Hardanger.

Hotel og Bed & Breakfast

I Hardanger er nokre av dei mest kjende hotella i Noreg. Det er stort mangfald av overnattingsmogelegheiter i heile området, og du vil møte eit stort mangfald med alt frå historiske hotell til moderne kjedehotell eller enklare former form overnatting.

Du vel sjølv om det skal vere i fantastisk utsikt, ei roleg bukt, dramatiske fjell eller eit romantisk lite lokalsamfunn.

Hytter og gardsovernatting

Uansett vêr kan du kose deg både utandørs og innandørs enten det er i ei triveleg hytte eller eit luksuriøst feriehus.

I hjertet av Noregs frukthage finn du mange familievenlege aktivitetar som oppleving av den fantastiske fruktblomstringa, symje eller ta del i haustinga av Hardangerfrukta. Gardsovernatting er og etter kvart blitt eit meir populært val.

Turisthytter

Vandring frå hytte til hytte er ein av mange tradisjonar som vert halde godt i hevd i Hardanger. Du finn både sjølvbeteningshytter og betente hytter. På turisthyttene kan du nyte eit godt måltid før du legg deg og kviler øm muskulatur. Nokre av hyttene er tilgjengelege med bil medan andre ligg 10 timar frå næraste veg.

Camping

Camping i Hardanger kan vere ei fantastisk naturoppleving. Det er eit stort mangfald av campingplassar og du kan finne din plass ved fjorden eller på fjellet.      

Sist oppdatert:  11. april 2011
Lofthus Camping i Hardanger, Norge - Foto: Destination Hardanger Fjord AS
Lofthus Camping i Hardanger, Norge
Oddland Camping i Hardanger, Norge - Foto: Destination Hardanger Fjord AS
Oddland Camping i Hardanger, Norge

Interesse:  Hoteller, Camping, Hytter og feriehus, Hostel og pensjonat

Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Hotel Ullensvang i Hardanger, Norge - Foto: Destination Hardanger Fjord AS

Overnatting i Hardanger

Uavhengig av om du vel budsjett- eller høgstandardovernatting vil du finne ro og vakre omgjevnadar i Hardanger.

Overnatting i Hardanger

Kilde:: Visitnorway

Relatert

Om Hardanger

Turistinformasjon i Hardanger

Turistkontora i Hardanger hjelper deg med informasjon om overnatting, aktivitetar og turar i området.

Fakta om Hardanger

Sidan 1800-talet har Hardanger vore eit viktig europeisk reisemål. Området er perfekt både for spanande naturopplevingar og avslapping.

Sponsor

SPONSOR

Rica Hotels

I dag er Rica Hotels den største og eneste landsdekkende hotellkjeden i Norge.

Utne Hotel

Utne Hotel i Hardanger er et av de eldste hotellene i Norge som har vært i kontinuerlig drift siden starten.
SPONSOR

Best Western Hotels Norway

Best Western Hotels er verdens største hotellkjede, med over 4 000 hoteller i 80 land.

ANNONSER

Hardanger

Kveld
Klart, Lett bris
21°C

Relaterte filmer

ANNONSER

TEKSTANNONSER