|  
Hardangerfjorden sett fra Oddland Camping nær Norheimsund, Norge Foto: Oddland Camping

Korleis kjem eg til Hardanger?

Hardangerfjordområdet er lett tilgjengeleg både med bil og offentleg transport. Fjorden ligg kun fem timar køyring frå Oslo og ein time frå Bergen.

Med fly

Ta fly til ein av dei nærliggande flyplassane anten i Bergen, Haugesund, Stord eller Stavanger.

Med båt eller ferje

I perioden 1. mai til 30. september kan du følgje passasjerbåt i rute frå Norheimsund til Eidfjord. Undervegs er det stopp i Herand, Utne, Lofthus, Kinsarvik og Ulvik. Denne ruta er i regi av selskapet Tide Reiser.

Bilferjene i Hardanger er også i regi av selskapet Tide.

Med buss

Nor-Way Bussekspress har fleire ruter til og frå Hardanger. Det er mellom anna fleire daglege avgangar mellom Bergen og Hardanger.

Organiserte turar

Noreg på tvers er ei fantastisk reise med tog, buss og båt frå Oslo til Bergen. Undervegs passerer du høgfjellsplatået Hardangervidda og Hardangerfjordområdet. Denne turen er i regi av Tide Reiser.

Frå Bergen er det fleire organiserte dagsekskursjonar som Hardanger in a Nutshell og Hardangerfjord Adventure.

Køyreavstandar til Hardangerfjorden

  • Bergen: 75 kilometer, 1 time
  • Haugesund: 120 kilometer, 2 timar
  • Stavanger: 170 kilometer, 3 timar
  • Larvik: 280 kilometer, 4 timar og 30 minuttar
  • Oslo: 300 kilometer, 5 timar
  • Kristiansand: 300 kilometer, 5 timar
  • Trondheim: 580 kilometer, 10 timar
Sist oppdatert:  21. september 2009
Klatreturen Via Ferrata i Tyssedal med OpplevOdda, Norge - Foto: OpplevOdda AS
Klatreturen Via Ferrata i Tyssedal med OpplevOdda, Norge

Interesse:  Transport

Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Hardangerfjorden sett fra Oddland Camping nær Norheimsund, Norge - Foto: Oddland Camping

Korleis kjem eg til Hardanger?

Hardangerfjordområdet er lett tilgjengeleg både med bil og offentleg transport. Fjorden ligg kun fem timar køyring frå Oslo og ein time frå Bergen.

Korleis kjem eg til Hardanger?

Kilde:: Visitnorway

Om Hardanger

Turistinformasjon i Hardanger

Turistkontora i Hardanger hjelper deg med informasjon om overnatting, aktivitetar og turar i området.

Fakta om Hardanger

Sidan 1800-talet har Hardanger vore eit viktig europeisk reisemål. Området er perfekt både for spanande naturopplevingar og avslapping.

ANNONSER

Hardanger

Kveld
Klart, Lett bris
21°C

Relaterte filmer

Relatert

Transport

ANNONSER

TEKSTANNONSER