|  
Utsikt over Nordfjord, Norge Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norway

Attraksjonar i Stryn og Nordfjord

Opplev den blå isen i brearmane, majestetiske fjell, frodige dalar og den dramatiske kysten.

Blå isbrear

I Nordfjord heng glitrande brear ned i dei trange dalane som stivna fossar. Med 487 km2 er Jostedalsbreen den største isbreen på det europeiske fastlandet. Dei mest kjende brearmane i Nordfjord er Briksdalsbreen og Kjenndalsbreen. På Jostedalsbreen Nasjonalparksenter kan du lære meir om landskapet rundt breen.

Fjord og hav

I følgje National Geographic Magazine er dei norske fjordane det beste reisemålet i verda.
Du kan oppleve fjorden på nært hald i ein båt, eller frå stranda, eller frå utsiktspunkt og fjelltoppar. Køyr Panoramavegen utover til kysten.

Den beste staden for å oppleve havet er Vestkapplatået – Norges vestlegaste punkt på fastlandet. Fyra tilbyr også ei fantastisk utsikt over havet.

Innsjøar og fossar

Jostedalsbreen set farge på vatn og elvar – ein unik grønfarge som du kun finn nær breen. Nordfjord har også Europa sin djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Frå fjella som omkransar vatna renn fossane som kvite slør.

Der fjorden møter havet

Kysten av Nordfjord er rik på opplevingar. Besøk Kråkenes fyr , og opplev havet på nært hald. Stå på Vestkapp-platået, og nyt den fantastiske panoramautsikta. Besøk gamle handelsstasjonar, fasinerande øyer, eller gå berrføtt på dei kvite sandstrendene. På øya Selja kan du besøke Selje Kloster frå det tiande århundre.

Sist oppdatert:  20. november 2011
Briksdalsbreen i Nordfjord, Norge - Foto: Thomas Bickhardt
Briksdalsbreen i Nordfjord, Norge
Utsikt fra Vestkapp, Norge - Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norway
Utsikt fra Vestkapp, Norge

Eksterne lenker

Interesse:  Naturattraksjoner, Fjell og fjorder, Isbreer

Del:
Lukk
Del med andre
Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Utsikt over Nordfjord, Norge - Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norway

Attraksjonar i Stryn og Nordfjord

Opplev den blå isen i brearmane, majestetiske fjell, frodige dalar og den dramatiske kysten.

Attraksjonar i Stryn og Nordfjord

Kilde:: Visit Norway

Del dine meninger om denne artikkelen

Relatert

Aktivitetar i Stryn og Nordfjord

Prøv vandring i fjella, breklatring, sykling, fiske, hesteridning og båtturar. Etterpå kan du unne deg sjølv ein time med spa.
Interesse: Isbrevandring, Kano og kajakk, Sykling, Fisking, Fjelltur, Ridning og sledekjøring, Fjell og fjorder, Isbreer

Rundtur i hjertet av fjordene

Her er severdighetene mange. Du trenger en uke på denne turen.
Interesse: Forslag til turer, Fjell og fjorder

Turforslag i Stryn og Nordfjord

Nordfjord har mange populære rundturar som du kan gjere med eigen bil.
Interesse: Forslag til turer, Fjell og fjorder

Nordfjord

Nordfjord ligger i hjertet av Fjord Norge, mellom Geirangerfjorden og Sognefjorden. Besøk Briksdalsbreen eller prøv sommerski i Stryn.
Interesse: Naturattraksjoner, Fjell og fjorder

Om Nordfjord

Stryn og Nordfjord

Stryn og Nordfjord er kjent for isbrear, majestetiske fjell og ei vakker kystlinje.

Fakta om Stryn og Nordfjord

Nordfjord består av kommunane Stryn, Hornindal, Gloppen, Eid, Vågsøy og Selje.

Turistinformasjon i Stryn og Nordfjord

Finn dei lokale turistkontora i Stryn og Nordfjord.
Interesse: Turistinformasjon

ANNONSER

Kart over
Norge

Relaterte filmer

Relatert

Naturattraksjoner

Fjell og fjorder

Isbreer

ANNONSER

TEKSTANNONSER