På dei fleste skistadane finn du fleirfoldige kilometer med langrennsløyper, alpinbakkar og barneheisar.
Alpin - snowboard - telemark
I tida frå november/desember og fram til slutten av april, kan vi som regel tilby særs flotte snøforhald i Nordfjord. Skiheisar er tilgjengelege i Stryn, Gloppen, Eid og Hornindal. Grunna dei høge fjella og det spesielle klimaet, kan du stå på ski nesten året rundt i Nordfjord!
Langrennski
Nordfjord kan tilby endelause område, dekka av puddersnø, og fleirfaldige kilometer med preparerte løyper. Vi er stolte av våre nasjonale og internasjonale løyper, som mellom anna har vore arena for NM 1996 og Junior VM i 2004. I Nordfjord kan du nyte naturen aleine, eller velje ei av dei meir folksomme løypene.
Toppturar på ski
Fjella i Nordfjord ruvar frå eit par hundre meter, til eit par tusen meter over havet. Alpinentusiastane kan velje mellom 30 ulike fjelltoppar. Bergtatt Stryn, Norway AdvenTURes og Briksdal Adventure tilbyr guida toppturar.
Stryn Skisenter
Plassert 4 km frå Stryn sentrum. To skiheisar som er 1180 og 1400 meter lange, og ein total høgdeforskjell på om lag 700 meter. Seks nedfartar med ulik vanskegrad. Barneskiheis. Kafé. 300 parkeringsplassar. Kveldskøyring. Produksjon av kunstsnø. 2 km med løyper for langrennsski på kveldstid. Perfekt startpunkt for toppturar til fjella i området.
Skianlegg på Ullsheim, Markane
Skistation, 40 km løyper for langrennski. Stor park. Heilt ny skiskyttarpark. Produksjon av kunstsnø. Kiosk/Kafé. Garderobe. Sauna. Velutstyrt kjøkken. Stor smørjingsgarasje. Funksjonshall til leige. Ullsheim var arena for NM i 1996 og Junior VM I 2004.
Nordfjord Fritidssenter, Nordsida
Aktivitetspark, langrenn og skihopp. 13 km langsrennsløype, 5 km tilgjengeleg på kveldstid kvar dag. Open kafé på søndagar. Stor arena for skihopp. Fem hopp: K10, K25, K40, K70 og K90. 400 meters tauheis. Garderobe og dusj. Overnattingsmoglegheiter. Flott utgangspunkt for langrennsturar i dei nærliggjande fjella. Arena for NM I 1996 og Junior VM I 2004.
Harpefossen Skisenter
Arena for fylkesmeisterskap i alpint. God heiskapasitet, og oppkøyrte løyper. Store områder for pudderkøyring. Skiskyttararena. Kveldskøyring tilgjengeleg for både alpin og langrenn.
Breimsbygda Skisenter
Plassert 600 meter over havet. 250 meters høgdeforskjell. Fire skiheisar: to hovudheisar, barneheis og ein handicapheis. Oppkøyrte løyper, dag- og kveldskøyring tilgjengeleg. Pipe og big jump. 3 km oppkøyrte løyper for langrenn, også tilgjengeleg på kveldstid. Kafé. Ski- og hjelmutleige.
Hornindal Skisenter
Hornindal Skisenter ligg 5 km nord for Grodås sentrum. Langrenn, alpint, skihopp. 2,5 km løyper for langrenn, tilgjengeleg også på kveldstid. 450 meters tauheis. Godt oppkøyrte løyper i vakre omgivelsar.