Med fly
Sandane Lufthamner plassert midt i Nordfjord, med gode samband til for eksempel Oslo og Bergen, med Widerøe. Widerøe tlf: 810 01 200.
Ålesund Lufthamn ligg 2,5 timar frå Nordfjord, og tilbyr gode samband til Oslo og andre norske byar.
Direkterute til/frå London og København. SAS tlf: 05400.
Med buss
Ekspressbuss til Nordfjord frå Oslo (tre daglege avgongar), Bergen (tre daglege avgongar), Trondheim (ein dagleg avgong), og Ålesund (tre daglege avgongar)
Nor-Way Bussekspress tlf: 815 44 444.
Lokale bussruter, og buss til Briksdalsbreen, sjå Fjord1 og Ruteinfo.
Med ekspressbåt frå Bergen
Ekspressbåt frå Bergen til Måløy og Selje med Fjord1.
Med Hurtigruta
Hurtigruta stopper kvar dag i Måløy, både på sørgåande og nordgåande reiser.
Hurtigruten tlf: 810 30 000.
Med tog
Du kan og kombinere turen din med tog frå Oslo eller Trondheim. Korrespondanse på Otta. Turen går vidare til Nordfjord med buss. Du kan og ta tog til Flåm eller Åndalsnes, og deretter buss til Nordfjord.
Med bil
Turen til Nordfjord er ei fantastisk oppleving i seg sjølv. Frå Oslo og Trondheim, følg E6 til Otta, og deretter RV15 over Strynefjellet. Frå Bergen og Ålesund, følg E39.
Med ferje
Nokre stader i Nordfjord er vegane delt av fjorden, og ein må ta ferje. Nyt denne avslappande pausen frå køyringa! Dei fleste ferjene serverer mat om bord, og kan tilby ei fantastisk utsikt over fjorden. Der er tre ferjeturar i Nordfjord; Lote-Anda, Stårheim-Isane og Måløy-Oldeide.
Avgongstider
For avgongstider og informasjon om ferjer, bussar og ekspressbåtar i Sogn og Fjordane, ring 177.
Veg- og køyreforhald
Informasjon om veg- og køyreforhold i heile Noreg får du på tlf. 175.
Bilutleige
- Avis (Stryn, Sandane, Måløy)
Tlf: 57 72 50 80
- Svein og Jan Bilutleige, Stryn
Tlf: 416 92 277 / 970 82 373
- Vest Bilutleige, Raudeberg
Tlf: 952 19 452
- Europcar, Sandane
Tlf: 918 16 238
Avstandar til Nordfjord frå
- Oslo via Otta: ca 480 km
- Oslo via Fagernes: ca 470 km
- Bergen via Lavik: ca 250 km
- Trondheim via Otta: ca 450 km
- Ålesund: ca 150 km
Skyssbåtar og fjordcruise
Sightseeing-båtar tek deg med på cruise på fjorden eller ein innsjø. Du kan også bli med til fantastiske øyar ved kysten.
Bestill transport og overnatting nå
Laveste pris garanteres av BookNorway.
- Fly
Søk blant alle flyvninger i Norge.
- Leiebil
Søk etter leiebil og sammenlign priser på alle norske reisemål.
- Hytter og feriehus
Søk blant mer enn 2500 hytter og feriehus.
- Hoteller
Søk etter hotell i hele Norge.