Gå til innhold Gå til hovedmeny
Folgefonna, Norge - Foto: Pål Hermansen
  |  
Folgefonna, Norge Foto: Pål Hermansen

Attraksjonar i Hardanger

Ta eit båtcruise på den fantastiske Hardangerfjorden, ein fjelltur over Hardangervidda eller utforsk isbreen Folgefonna.

Frukt

For mange av dei som besøkjer Hardanger er fruktblomstringa om våren hovudattraksjonen, medan andre kjem til området når frukttrea bognar av morellar, eple, pærer og plommer.

Besøkjer du ein av fruktgardane i Lofthus eller Ulvik kan du saman med familien din nyte nasjonalromantikk frå beste plass. Dei mange små bygdene der fruktdyrking er hovudnæring har inspirert kreative sjeler gjennom fleire hundre år.

Hardangerfjorden

Ta ein båttur på Hardangerfjorden og legge til ved ein av dei mange flotte bygdene. Kjenn spenninga når du passerer gjennom det tronge Fyksesundet på veg til Botnen, ein av opphavsstadane til den tradisjonelle Hardingfela.

Hardangervidda

Fjellplatået Hardangervidda er eit av dei største i Europa. Her er det eit mangfald av godt merka løyper både for fotturar, sykling og ski.

Fossefall

I Hardanger er det mange vakre fossefall som er verdt eit besøk. Gode eksempel er Låtefoss, Steinsdalsfossen og Vøringsfossen.

Isbre

Isbreen Folgefonna er den tredje største fastlandsbreen i Noreg. På breen er isklatring og brevandring populære aktivitetar. Folgefonna Sommarskisenter ligg på Folgefonna og her har du mogelegheit både til turskigåing, alpint og snowboard. Frå løypene er det ei fantastisk utsikt over fjorden og fjella.

Hardangerjøkulen er den sjuande største breen i Noreg. Utsikta frå breen gjer deg eit fantastisk overblikk over Hardangervidda og landskapet kring.

Av sikkerheitsmessige årsaker bør du vere med autoriserte breførarar dersom du ynskjer ein tur på breen. Hugs å ta med varme klede, hovudplagg, passande skotøy, hanskar og solbriller.

Sist oppdatert:  5. april 2011

Interesse:  Fjell og fjorder, Isbreer

Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Folgefonna, Norge - Foto: Pål Hermansen

Attraksjonar i Hardanger

Ta eit båtcruise på den fantastiske Hardangerfjorden, ein fjelltur over Hardangervidda eller utforsk isbreen Folgefonna.

Attraksjonar i Hardanger

Kilde:: Visitnorway

Aktivitetar i Region Hardangerfjord

Vandring på Hardangervidda, blåistur på Folgefonna og fjordcruise på Hardangerfjorden er populære måtar å oppleve Hardangerfjordområdet på.

Fjell & Fjord i 360 graders SkyCam

Nesten som å være der selv: opplev Folgefonna, Vøringsfossen, Flåmsbana og andre kjente attraksjoner i fugleperspektiv med 360 graders panoramabilder.

Hardangerfjorden

Hardangerfjorden i Hordaland er Norges nest lengste fjord. I området opplever du fruktblomstringen, Vøringsfossen, Folgefonna og Baroniet Rosendal.

Turforslag i Region Hardangerfjord

Bli med på fjordcruise, bretur på Folgefonna eller ein rundtur med bil.

Om Hardanger

Turistinformasjon i Region Hardangerfjord

Turistkontora i Hardanger hjelper deg med informasjon om overnatting, aktivitetar og turar i området.

Fakta om Region Hardangerfjord

Sidan 1800-talet har Hardanger vore eit viktig europeisk reisemål. Området er perfekt både for spanande naturopplevingar og avslapping.

Sponsor

Utne Hotel

Utne Hotel i Hardanger er et av de eldste hotellene i Norge som har vært i kontinuerlig drift siden starten.

ANNONSER

Relaterte filmer

Relatert

Fjell og fjorder

Isbreer

ANNONSER

TEKSTANNONSER