Gå til innhold Gå til hovedmeny
Kvalitetsprodukter frå Ryfylke - Foto: Hanne Sundbø
  |  
Kvalitetsprodukter frå Ryfylke Foto: Hanne Sundbø

Handel i Ryfylke

I Ryfylke finn du små intime handelsplassar og interessante forretningar innan handtverk; glaskunst og ikkje minst lokal ferskvare som røykelaks.

Skinke og laks

I Ryfylke finn du nydelege lokale produkt som marinert og grava laks, røykelaks, Suldalsskinke, fersk fisk og tradisjonelle bakverk som lefser og syrekaker. Fabrikutsal for lakseprodukt ligg i Hjelmeland.

Frukt og bær

Det milde fjordklimaet i Ryfylke er ideelt for dyrking av frukt og bær. Saftige og aromatiske jordbær kan vere modne alt i starten av juni, morellar og bjørnebær i august, medan det i september bognar av Ryfylke sine smakfulle plomme, eple og pærer.

Tradisjonelt handverk og husflid

På Ryfylkedagane på Sand, Strandadagane på Jørpeland og særleg på Norsk Frukt- og Laksefest på Hjelmeland, vil du finne mykje interessant å handle. Vakker treskjering, tradisjonelle vovne teppe og løpararhandlaga glaskunst"Jærstolar" og trebåtar er verkeleg verdt eit studium. I Hjelmeland finn du dessutan verdas største Jærstol. Jærstolutstilling finn du på to lokale fabrikkar..

Shopping

  • I Ryfylkebyen Jørpeland  er det eit spekter av varer frå mat til leiker og sportsutstyr, her er òg fleire galleri og utstillingar med sal av lokalproduserte varer. 
  • Sand ligg den gamle strandstaden Sand intakt med gamle kvite trehus i tette klyngjer, og Gata er plassen for hyggeleg handel
  • Sauda har eit koseleg og kompakt sentrum med isfrie fortau vinterstid. Historiske Åbøbyen ligg eit steinkast unna og er verdt ein rusletur, gjerne med guide sommarstid.
Annonse
Annonse
Sist oppdatert:  2014-04-14
Handlaga glaskunst frå Ryfylke - Foto: Astrid Vadla Ravnås
Handlaga glaskunst frå Ryfylke
Produksjon av
Produksjon av "Jærstolen", Hjelmeland i Ryfylke

Interesse:  Shopping

Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Kvalitetsprodukter frå Ryfylke - Foto: Hanne Sundbø

Handel i Ryfylke

I Ryfylke finn du små intime handelsplassar og interessante forretningar innan handtverk; glaskunst og ikkje minst lokal ferskvare som røykelaks.

Handel i Ryfylke

Kilde:: Visitnorway

Relatert

Shopping i Haugesund og Haugalandet

Mote, strikkeplagg, tekstiler og lokalprodusert mat er noe av det du kan kjøpe i Haugesund og regionen rundt.

Ryfylke

Opplev Ryfylke, som inkluderer Lysefjorden, fjellmassivet Kjerag og Preikestolen.

Relaterte filmer

Relatert

Shopping

TEKSTANNONSER
  • Annonse
  • Annonse
  • Annonse
  • Annonse
Annonse
Annonse