Vinter i Ryfylke
Begynn vintereventyret i Sauda og Suldal, der får du det beste frå kvit og grøn vinter med skibåt, trugevandring, snøbrett- og langrennsløyper.
Medan du køyrer alpinløyper i flomlys kan du skode eit vakkert vinterlandskap med byen Sauda liggjande langt under deg. Snøbrett- og lysløyper finner du i Sauda. Her er det gode snøtilhøve frå nyttår og langt ut i april. Trugevandring kan òg prøvast. Langs fjorden er det grøn vinter og våren kjem tidleg.
Litt lengre sørover i Ryfylke finn du Gullingenområdet i Suldal kommune, med eit mindre alpinanlegg og gode preparerte langrennsløyper frå nyttår til påsketider.
Langrenn i Ryfylke
Sauda og Suldal er to område med gode tilhøve for langrenn i Ryfylke.
I Sauda finst opp til 190 km preparerte og merka langrennsløyper.
Gullingenområdet i Suldal har opptil 51 km preparerte løyper, alt etter korleis snøtilhøva er, det er vanlegvis sesong frå desember til mars.
Du kan og følgja merka vinterløyper knytta til Stavanger Turistforenings løypenett frå hytte til hytte i Ryfylkeheiane.
Lysløyper finst på Bjørdnabu i Hjelmeland og på Gullingen og Nesflaten i Suldal.
Kontakt turistkontora for meir informasjon om gode snøtilhøve i andre delar av regionen.
Legg elles merke til vinterfestivalar i Ryfylke: GullingenZporty festival i Suldal og Sauda Backcountry Challenge i Sauda. Det er mange skirenn som blir arrangert iSauda og Gullingen-området.
Alpint i Ryfylke
Sauda Skisenter er beste plassen i Ryfylke for deg med alpine ski-interesser. Fem heisar med kapasitet på 5000 personar i timen, varierte trasear med lengste nedfart på seks kilometer, urørt terreng, snowboardpark og kveldskøyring. Kuldegradar og snøkanonar gir deg snøgaranti. Den snøsikre sesongen i Sauda er frå nyttår til april, men kan starte alt frå romjula av. Om du treng ei avveksling frå skikøyring har Sauda sentrum oppvarma gater og gode handelstilbod.
På Gullingen i Suldal kan du stå på slalåmski eller køyre telemark. Flomlys i alpin- og skibakken gjer at du kan nytte kveldane til uteaktivitetar til seint på kveld.
Skibåt og båtliv
Du kan få det beste av både grøn og kvit vinter ved å ta skibåten til fjelles. Skibåt frå Stavanger via Tau og Judaberg til Sauda inkluderer heiskort, og skibuss frå sentrum i Sauda til skisenteret i Svandalen går frå nyttår og så lenge det er snø.
Eit godt alternativ er å ta med termos og mat i ryggsekken og utforske turløyper nær fjorden til fots. Eller det meir bedagelege alternativet, sjå Lysefjorden frå ein sightseeingbåt, båt frå torsdag tom sundag gjennom vinteren.
I Rogaland er det og vanleg å bruke eigen privat båt til fjells, særleg i påskeferien.
Fjordfiske om vinteren
Vinteren er ein god periode for fjordfiske i isfrie fjordar, særleg rundt Ryfylkeøyane og elles sentralt i Ryfylke. Etterpå er det tid for avkopling ved peisen i ei varm og god hytte der du kan nyte badstue eller boblebad.
Aktivitetar
I Sauda kan Saudahallen tilby symjebasseng, stupebrett, sauna, vatnsklie og idrettshall, samt treningstudio med spinning. I tillegg er det tilbod om after-ski, aktivitetar for grupper og guida turar.
Sand i Suldal kan by på kulturhus med blant anna kino, bowling, konsertar og ulike utstillingar. Dessutan er det eit godt utval av butikkar, galleri og spisestader, samt museum.
Overnatting
I Sauda er det hotell, campingplass med utleigehytter samt hytter for privat utleige. Alle overnattingsstadene ligg i kort avstand til sentrum og alle utfartsområda i Sauda.
I Suldal er det hotell, hytter og gardsovernatting.
Kontakt dei ulike turistkontora for informasjon om overnatting og aktivitetar i andre delar av Ryfylke.