I Ryfylke finn ein fleire overnattingsstader heile vegen frå Lysebotn innerst i Lysefjorden, til Sauda nord i Ryfylke.
Forsand
Ein kan få bed & breakfast på ein koseleg liten gard, bu på turisthytte eller camping i Lysebotn eller overnatte i leilegheiter i den litle bygda Flørli langs med Lysefjorden. Langs Nasjonal Turistveg Ryfylke, Rv 13 , frå Forsand og vidare inn i Ryfylke finn ein campingplassar og hytter som ligg vakkert til ved fjord og fjell.
Strand
På Preikestolen Fjellstue i spektakulær trearkitektur, søv og et ein godt heile året, og turen til Preikestolen startar like utanfor døra. I sentrum av Jørpeland finn ein Verkshotellet.
Vidare inn mot Hjelmeland, i hjartet av Ryfylke, kan ein leige hus/hytter/leilegheiter/eller mange plasser rom av trivelege vertskap som tek vare på deg. I Bjørheimsbygd kan ein t.d. bu på sommarhotellet Vaulali.
Hjelmeland
Fleire hytteeigarar ved fjorden tilbyr båt til gjestene sine både på Randøy, Fister og Jøsneset. Har ein vært på lange skogsturar, eller treng ein berre litt pleie, så kan ein få spabehandling på Spa-hotell Velvære i Hjelmeland. Her kan ein nyte smakfulle rettar og panoramautsikt over fjorden. Eller prøv eit ekte gardshotell, Høiland Gard i Årdal.
På Randøy kan du bo i hytter ved Kaadavaagen Fjordhytter og Breivik Fjordferie . Solvåg Fjordferie tilbyr utleie i Fister.
Suldal
Ferda vidare nord i Ryfylke leiar oss inn i Suldal kommune. Tek ein ein avstikkar frå Rv 13 Ryfylkevegen mot Gullingen, kjem ein til Øvre Moen. Her er startpunktet for ein flott tur i norsk terreng, til Stranddalen.
Strandalshytta er drive av Stavanger Turistforening, og her kan ein (om sommaren) få god tradisjonell norsk middag samt ei seng å sove i. Køyrer ein vidare til kommunesenteret Sand i Suldal kommune finn ein fleire overnattingsbedrifter i området, blant anna Mo Laksegard ved lakseelva Suldalslågen.
Ved Ropeidhalvøya er det oppført nye feriehus ved Dysja Fjordhytter.
Oppe på Nesflaten tilbyr Energihotellet hyggelige rom med utsikt over Suldalsvatnet. Dette er det beste stedet for å smake på Suldalsskinka.
Sauda
Nasjonale Turistveg Ryfylke tek deg vidare over fjorden og langs rv. 520 til Sauda. Her kan ein blant anna oppleva interessant industrihistorie, eller opplevingsrike naturområde. Ein kan overnatte i hytter på campingplassen, eller unne seg eit godt måltid og ei god natts søvn på Sauda Fjordhotel eller Kløver Hotell i sentrum.
Ryfylkeøyane
Øyane byr på fine sjønære hytter, leilegheiter og bed & breakfast.
Overnatt på Soltun Fjordhytter.
Sjernarøyane egnar seg godt til sykkeltur, her finn du på Norda Hidler, Sjernarøytunet og sommerrestauranten Ramsvig Handelsstad.