Gå til innhold Gå til hovedmeny
Sykling ved Brøiabreen i Fjærland, Norge - Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norway
  |  
Sykling ved Brøiabreen i Fjærland, Norge Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norway

Aktivitetar ved Sognefjorden

Sognefjorden har mange spennande alternativ for dei som vil ha aktiv ferie.

Her finn du  tilbod om fotturar, sykkelturar, brevandring, kajakkturer, golf, fiske og fjordsafari.

Vandring

Sognefjorden er eit flott turområde heile året, men juli, august og september er dei beste månadane for fotturar i høgfjellet.

Jotunheimen nasjonalpark, Jostedalsbreen nasjonalpark, Aurlandsdalen, Breheimen, Utladalen, Molden, Lærdal Historisk Rute og Stølsheimen er særleg kjende og populære vandreområde. Flotte fotturar er det og i Balestrand, Leikanger og Sogndal. Turkart får du kjøpt hjå dei lokale turistkontora.

Brevandring

Å vere med på breturar opp på Jostedalsbreen er ei fantastisk oppleving. I Luster kan du vera med på alt frå familieturar til meir krevjande turar på Nigardsbreen i Jostedalen.

I Fjærland er breturane middels til vanskelege. Begge stader er det dyktige og internasjonalt godkjende breførarar.

Jostedalsbrebussen er en dagleg buss som går tur/retur Sogndal - Nigardsbreen, med korrespondanse frå og til alle Sognefjord-destinasjonane i sommarsesongen. 

Kajakkturar på fjord og brevatn

Å padla kajakk langs bratte fjellsider og store fossar, eller mellom isfjell og grøne brevatn gjev heilt unike naturopplevingar. Det er mange kajakkselskap som tilbyr spennande turar.

Fiske ved Sognefjorden

Ved Sognefjorden er det fleire hundre gode fiskevatn, og fjellauren du får er rekna for å vere ei delikatesse.  Det er også 15 lakseelvar ved Sognefjorden. Fiskekort og informasjon i turistinformasjonane.

Sykling

Sjølv om Sognefjorden er dominert av dramatisk natur med bratte fjell, finn du mange og flotte mulegheiter for sykkelturar i dette området. Fleire stader kan du sykla på historiske vegar, og du kan ta ferje eller båt for å komma utanom dei nye tunnelane.

Mest kjent er Rallarvegen – ein 80 km lang sykkelrute der du syklar frå fjell til fjord langs Bergensbanen og Flåmsbana. Også i Luster og Lærdal er det skilta sykkelruter.

Sist oppdatert:  5. april 2011

Interesse:  Klatring, Isbrevandring, Rafting, Kano og kajakk, Sykling, Fisking, Vandring, Fjord- og kystreiser, Fjell og fjorder

Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Sykling ved Brøiabreen i Fjærland, Norge - Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norway

Aktivitetar ved Sognefjorden

Sognefjorden har mange spennande alternativ for dei som vil ha aktiv ferie.

Aktivitetar ved Sognefjorden

Kilde:: Visitnorway

Sognefjorden

Sognefjorden er Norges lengste fjord. I tillegg til sjølve fjorden lokkar attraksjonar som isbrear, fossefall og stavkjyrkjer turistar.

Aktiviteter ved fjell og fjorder

Se filmer og les artikler fra Vestlandets varierte landskap. Rafting og brevandring er to av mange spennende aktiviteter man kan gjøre i området.

Attraksjonar ved Sognefjorden

Det majestetiske landskapet innst i Sognefjorden har lokka til seg turistar, vandrarar, fjellklatrarar, eventyrarar og kunstnarar i meir enn 150 år.

Vinter ved Sognefjorden

Ser du etter den ultimate vinteropplevinga i Noreg bør du reise til Sognefjorden. Den unike plasseringa gir eit kjempeutval av vinteraktivitetar.

Sponsor

SPONSOR

Terrengsykling i Fjell & Fjord regionen

Sykle på historiske Rallarvegen og nyt landskapet med snødekte, fosser og elever. Geilo og Hemsedal er fine utgangspunkt for sykkelturer i regionen.
SPONSOR

Downhill-sykling i Fjell & Fjord regionen

Downhill-sykling passer for syklister som søker et adrenalinkick. Sjekk ut Hemsedal, Ål, Geilo og Nesbyen.

Vandring i Sognefjord-området

Sognefjord-området er eit paradis for vandreentusiastar, med stor rutevariasjon for både nybegynnarar og dei meir erfarne.

Vandring i Fjell & Fjord regionen

Tre nasjonalparker, 10 000 år gamle isbreer og Europas høyeste fjellplatå gjør at du finner vandringer i verdensklasse i Fjell & Fjord-regionen.
SPONSOR
Se slideshow

Norge i et nøtteskall®

Se vårt lille store land på Norges mest populære rundtur.

ANNONSER

Sognefjord area

Relaterte filmer

ANNONSER

TEKSTANNONSER