Gå til innhold Gå til hovedmeny
Jostedalen, Norge - Foto: Bjørnar Bjørhusdal/ Fimbul Jostedal/ Ski Sogn
  |  
Jostedalen, Norge Foto: Bjørnar Bjørhusdal/ Fimbul Jostedal/ Ski Sogn

Vinter ved Sognefjorden

Ser du etter den ultimate vinteropplevinga i Noreg bør du reise til Sognefjorden. Den unike plasseringa gir eit kjempeutval av vinteraktivitetar.

I Sognefjordområdet har du tilgang på ikkje mindre enn tre nasjonalparkar året rundt; Jotunheimen, Jostedalsbreen og Breheimen.
 
Denne unike plasseringa, midt i ein av dei mest fantastiske destinasjonane for utandørs opplevingar i Noreg, gir eit kjempeutval av forfriskande vinteraktivitetar.

Utforsk blåis-grottene

Om vinteren er det mogeleg å utforske isgrottene under Nigardsbreen saman med lokalkjende guidar. Synet av desse særeigne, abstrakte isformasjonane i den 1000 år gamle blå isen får deg til å føle det som du har gått inn i ei anna verd.

Guidane tek deg med inn i blåisgrottene med eineståande lysspel og lydar du aldri har høyrt før. Fimbul Jostedal tilbyr guida turar til isgrottene inkludert overnatting på Jostedal Hotell.

Isklatring

Har du nokon gong prøvd isklatring i frosne fossar? Erfarne, lokale guidar kan ta deg med til dei beste stadene for å klatre heftige, frosne fossar. Du treng ikkje å ha klatra før, og guidane har alt utstyret du treng.

Toppturar og frikøyring

Førestill deg urørt, kvit snø uansett kor du drar, spektakulært fjord- og fjellandskap rundt deg på alle kantar og ikkje ein lyd utover den du lagar sjølv.
Sognefjordområdet byr på dei best tenkelege forhold for toppturar og frikøyring. Trugeturar er og eit godt alternativ viss du vil nå dei høgaste toppane og dei beste og mest urørte stadane.

Langrenn

Viss du heller vil gå langrenn, har du mange kilometer med preparerte spor å velje i, og mesteparten er lysløyper. Berre spør dei lokale etter "lysløypa", eller be om hjelp i skisentra.

Snøskred- og skikurs

Viss du vil utforske snøen og fjella på eigen hand, er det viktig at du veit korleis ein taklar vinteren i fjellet. Fleire bedrifter tilbyr skredkurs, guiding og skikurs.

Skianlegg

Det er tre skisenter i Sognefjordområdet. To av desse ligg berre ein kort køyretur frå regionssenteret Sogndal; Sogn Skisenter og Sogndal Skisenter. I tillegg er det eit anlegg i Vik.

I skisentra finn du velpreparerte og varierte løyper, og dei minste kan leike trygt i eigne barneområde. I tillegg er anlegga her kjend for utmerka laussnøkøyring.

Andre aktivitetar

Nokre av dei mest kjende turistattraksjonane er tilgjengelege også om vinteren. Ta eit lite fjordcruise på Nærøyfjorden eller ei togreise med den spektakulære Flåmsbana.

Vinterarrangement

Fjellsportfestivalen i Sogndal er den ultimate vinterfestivalen for utandørsentusiastar. Festivalen går av stabelen i februar, parallelt med studentveka, kor nokre av Noregs beste band held konsertar.

Verdt å merke seg er også Tinderittet og High Camp. Alle glimrande arrangement for den eventyrlystne skikøyraren.

Sist oppdatert:  14. januar 2013
Utforsk isgrottene under Nigardsbreen - Foto: Bjørnar Bjørhusdal/ Fimbul Jostedal/ Ski Sogn
Utforsk isgrottene under Nigardsbreen
Isklatring i frosne fossar - Foto: Bjørnar Bjørhusdal/ Fimbul Jostedal/ Ski Sogn
Isklatring i frosne fossar
Skikjøring i Molden - Foto: Fredrik Schenholm/ Ski Sogn
Skikjøring i Molden

Interesse:  Klatring, Ski, Vinter uten ski

Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Jostedalen, Norge - Foto: Bjørnar Bjørhusdal/ Fimbul Jostedal/ Ski Sogn

Vinter ved Sognefjorden

Ser du etter den ultimate vinteropplevinga i Noreg bør du reise til Sognefjorden. Den unike plasseringa gir eit kjempeutval av vinteraktivitetar.

Vinter ved Sognefjorden

Kilde:: Visitnorway

Relatert

Aktivitetar ved Sognefjorden

Sognefjorden har mange spennande alternativ for dei som vil ha aktiv ferie.

Om Sognefjorden

Sognefjorden

Sognefjorden er Norges lengste fjord. I tillegg til sjølve fjorden lokkar attraksjonar som isbrear, fossefall og stavkjyrkjer turistar.

ANNONSER

Sognefjord area

Relaterte filmer

Relatert

Klatring

Ski

Vinter uten ski

ANNONSER

TEKSTANNONSER