Gå til innhold Gå til hovedmeny
SPONSOR
Vandring i Aurlandsdalen - Foto: Field Productions
SPONSOR
  |  
Vandring i Aurlandsdalen Foto: Field Productions

Vandring i Sognefjord-området

Sognefjord-området er eit paradis for vandreentusiastar, med stor rutevariasjon for både nybegynnarar og dei meir erfarne.

Både aktivitetssøkjande og naturelskande turistar har fleire muligheiter til å nyte ein ferie full av utandørsaktivitetar i Sognefjord-området.

Fjordlandskapet har kjente steder som Nærøyfjorden, Jostedalsbreen nasjonalpark, med den spektakulære Nigardsbreen, Jotunheimen nasjonalpark, med Noregs høgaste fjell og Utladalen, med den majestetiske Vettisfossen.

Klimaet er tørt og mildt, og ein tidleg vår er oppstarten til ein lang sesong.

Andre velkjente namn for utendørsentusiastar er Rallarvegen, Aurlandsdalen, Breheimen, Stølsheimen og den historiske Kongevegen i Lærdal. På Balestrand kan du foreta ei naturminnevandring, og i Leikanger kan du rusle blant frukthagane langs fjorden.

Opplev området på eiga hand, eller verta med ein profesjonell guide til de mest eventyrlege og avsidesliggande steder. Her er det eit enormt nettverk av godt merka stiar, og fleire av turstiane strekkjer seg frå fjorden til fjelltoppane.

Den Norske Turistforening (DNT) har også fleire fjellhytter i fjellområda rundt Sognefjorden.

Jotunheimen nasjonalpark – Noregs mest populære vandreområde

Jotunheimen vert kjenneteikna av isbrear og Noregs høgste fjell, og er det mest populære utandørs reisemålet i Noreg. Det har eit enormt nettverk av merka ruter og mange fjellhytter. Vestsida, med den imponerande fjellområdet Hurrungane, tiltrekker seg mange fjellklatrarar på grunn av dei mange toppane på over 2 000 meter. Utforsk Hurrungane frå Turtagrø – norsk fjellklatring si vogge, kun nokre minuttar kjøring frå fjorden.

Ein av dei mest populære turane du kan ta på egen hand, er Turtagrø–Fanaråken (fire timer). Du kan også ta kortare turar frå Sognefjellsvegen, det høgaste og mest naturflotte fjellpasset i Nord-Europa, eller du kan gå frå hytte til hytte i fleire dagar i strekk.

Jostedalsbreen nasjonalpark – utforsk blåisens verden

Nasjonalparken består av Jostedalsbreen, den høgaste isbreen på europeisk fastland, og det nærliggande området. Jostedalsbreen nasjonalpark skiljer seg ut på grunn av stor kontrast på små områder. Området har alt frå frodige daler til nakne fjell og blå isbrear.

Du kan velje blant fleire daglege guida brevandringar på den storslåtte Nigardsbreen i Jostedal, som passer for både familiar og meir erfarne brevandrarar, eller du kan leie ein guide ved noen av brearmane i Sogndal og Luster.

Dersom du vil ta ein flott, men lett tur på egen hand, kan du gå frå Krundalen til Bergsetbreen i Jostedalen (éin time). Turen opp til Flatbreen i Fjærland er krevjande (fem timar), men løna er at du får ei fantastisk utsikt over fjorden.

Aurlandsdalen

Den berømte og historiske Aurlandsdalen var tidligare ein av hovudrutene mellom øst og vest i Noreg. Dette ville, slåande vakre området er kjent som Noregs Grand Canyon, og er rikt på plante- og dyreliv, kulturskattar, historie og geologiske trekk.

Du kan vandre gjennom dalen og overnatte i fjellhyttene, eller ta kortare turar med buss eller bil. Kvar etappe passer også som dagsturar.

Finse – Geiteryggshytta (1 222 til 1 224 m.o.h.)
Tog til Finse. Kryss jernbanelinja ved stasjonen, fortsett på vestsida av Jomfrunut og over brua over Finseåni. Ein kort avstikkar til St. Pål (oppkall etter Lord Garvagh) anbefalast. Det er nydeleg utsikt over Gausta, Hardangerjøkulen og deler av Jotunheimen. Ruta fortset mot Bakkahelleren. Du passerar ei gammal dyregrav på vegen. Fortset langs sørsida av elva til Geiteryggen fjellhytte.

  • Avstand: ca. 18 kilometer
  • Tidsbruk: ca. 5 timer
  • Utgangspunkt: Finse 
  • Køyrerettleiing til utgangspunktet: Tog til Finse
  • Oppmerka rute

Geiterygghytta – Stemmerdalen (1 224 til 1 070 m.o.h)
Ta vegen opp frå anleggsveien nord for hytta og gå opp på vestsida av Sundhellerskarvet. Her deler vegen seg, og går til Kongshelleren og Iungsdalen. Vegen til Steinbergdalhytta fortsetter nordover, og kryssar Rausdalen. Deretter er det ei ny stigning vest for Bolhovd, til Breibakka. Utsikten over Stemmerdalen er nydeleg. Vegen går diagonalt langs fjellsida, til Steinbergdalhytta.

  • Avstand: ca. 11 kilometer
  • Tidsbruk: ca. 3 timer
  • Utgangspunkt: Geiterygghytta
  • Parkering: Ved Geiteryggtunnelen på fylkesveg 50 frå Aurland til Hol
  • Køyrerettleiing til utgangspunktet: Gå tre kilometer frå parkeringsplassen til Geiterygghytta.
  • Det går fleire bussar dagleg frå mai til september.
  • Oppmerka ruter

Stemmerdalen – Østerbø (1 070 til 820 m.o.h.)
Ruta går opp skråninga nord for hytta og vidare oppover fjellsida, med fin utsikt utover Stemmerdalen. Vegen møter den gamle ruta ved inntaksdammen ved Grøna. Fortsett over Grøna bru, forbi Grønestølen og ned til Østerbø Fjellstove og Østerbø Turisthytte.

  • Avstand: ca. 10 kilometer
  • Tidsbruk: ca. 5 timer
  • Utgangspunkt: Stemmerdalen
  • Parkering: Stemmerdalen
  • Køyrerettleiing til utgangspunktet: Køyr fylkesveg 50 frå Aurland til Hol. Parker ved Steinbergdalhytta. Det går fleire bussar dagleg frå mai til september.
  • Oppmerka rute

Østerbø – Vassbygdi (820 til 50 m.o.h.)
Denne etappen er vide kjent. Gå forbi den gamle kyrkjegarden og over Langedølabrua, forbi Viki til den tidligare berømte Nesbøgalden. Dette var opphavlig skrøpelege loddrette og vassrette stiger som ble festa til sprekker i fjellet. Seinare sprengde dei ut ein brei sti i stupet langs Nesbøvatnet. Stien fortset forbi vakre Nesbø, til vegskilet ved Tirtesva.

Den gamle ruta er nå restaurert, og har ein mykje betre utsikt enn stien langs elva. Rekkverk og trappetrinn gjør turen ned frå Bjønnstigvarden litt lettare. Turen fortsetter forbi Svartatjødn. Vi anbefalar ein tur til hola Vetlahelvete på vestsida av stien. Gå ned til elva igjen, og gå langs brua over Veiverdalselvi.

Gå ned til Sinjarheimgården (som no er heilrestaurert etter å ha vært nedlagt sidan 1921). Du passerer den vesle garden Almen, som ligg nedanfor ei diger fjellblokk. Fortsett langs elva til Belle i Vassbygdi.

  • Tidsbruk: ca. 6 timer
  • Utgangspunkt: Østerbø
  • Parkering: Østerbø
  • Køyrerettleiing til utgangspunktet: Køyr fylkesveg 50 frå Aurland til Hol. Parker ved Østerbø. Det går fleire bussar dagleg frå mai til september.
  • Oppmerka ruter

Turforslag i Årdal

Hjelle – Vetti Gard – Vettisfossen – Hjelle (80 til 250 m.o.h.)
Utforsk Utladalen, porten til Jotunheimen nasjonalpark. Vegen går frå Hjelle langs ein traktorveg, gjennom den ville, vakre Utladalen, til Vetti Gard og vidare til den imponerande Vettisfossen (275 meter fall), og går tilbake same vei. På utgangspunktet finner du informasjonssenteret Utladalen Naturhus, som har opent i høgsesongen (midten av juni til slutten av august).

  • Avstand: ca. 10 kilometer (5 kilometer kvar veg)
  • Tidsbruk: ca. 4 timer
  • Utgangspunkt: Hjelle Skåri gard – Utladalen
  • Parkering: Hjelle foss 
  • Køyrerettleiing: Ta fylkesveg 53 frå Øvre Årdal, og følg skiltinga til Vetti/Utladalen. Det er seks kilometer til Hjelle.

Turforslag i Lærdal

Vindhellavegen
Vindhellavegen snor seg gjennom fjellpasset mellom Husum og Borgund stavkyrkje. Dagens vei ble bygget mellom 1840 og 1843. Kombiner Vindhellavegen med Sverrestigen for ein verkelig flott tur.

Du kan starte eller avslutte turen ved Borgsund stavkyrkje, den mest karakteristiske stavkyrkja i landet, bygd ca. 1180. Vindhellavegen tar ca. éin time. Rundturen Vindhella – Sverrestigen tar to til tre timar.

Galdane – Seltåsen
Vegen snor seg langs den ville Lærdalselva. Start frå Seltun eller Sjurhaug. For ein verkeleg vakker rundtur tar du Galdane-stien frå Selthun til Sjurhaug. Følg den gamle hovudvegen tilbake og ta stien over Seltåsen ned til Koren. Ta så gangvegen tilbake til Seltun. Denne nydelege turen tar ca. fire timer.

Vindhellavegen, Galdane og Seltåsen er vakre, historiske veger. Her finn du flotte steinmurar, hus og merker etter krig og gamle dagar. Vegen er lett, og følgjer den gamle historiske vegen.

Habben – Hognåsen – Sviggum
Start frå ferjekaia i Lærdal. Vegen er merka og skiltet med stadnamn. Denne bratte turen tar deg 900 m.o.h. og tar frå fem til sju timer. Øverst ligg ei seter, og herfrå går du ved same høgde til du kjem til den raudmerka stien ved utkanten av skogen. Utsikten til fjorden og dalen er vakker.

Stødno – Åsastølen
Du kan gå til Stødno via Mjølkeflaten eller Øya bru. Vegen til Åsen er skiltet, og går frå Hedler-stien, ca. 100 meter før du kommer til Stødno gard. Det er bratt i starten, men vert lettare etter kvart. Det er et frodig planteliv i området. Stødno-setra asen ligg 780 m.o.h., og har nydeleg utsikt.

Vandringa frå Stødno tar tre til fire timer. Det går ein merka sti over fjellet frå Åsastølen til Fodnes.

Turen til Hognåsen og Åsastølen er bratt, og tar deg ca. 800–900 m.o.h. Du bør derfor være i forholdsvis god form.

Gaularfjellet
Gaularfjellet ligger nord for Balestrand. Gaularelva renner nord for fjella, og her kan du fiske etter laks og aure. Hugs å kjøpe fiskekort.

På sørsida av fjellet passerer vegen ni hårnålssvingar på veg ned mot Balestrand. Gaularfjellet er ei imponerande oppleving både frå bilen og ute i det fri. Fjellet har gode fiskestader og lette vandreruter som passer fint til heile familien.

Stølsheimen og Vikafjellet
Dette fjelldistriktet ligger sør for Vik. Fjella er varierte, og alle dei gamle setrene kjenneteiknar – og har gitt namn til – Stølsheimen. Fleire av setrene er restaurert og vert nytta til overnatting. Stølsheimen grensar til Vikafjellet i aust. Fylkesveg 13 går gjennom området, og er ein perfekt base for vandreturar i begge fjelldistrikta.

Kart vert selt på turistkontora.

Tidspunkt for turen

Sist oppdatert:  19. november 2012
Aurlandsdalen - Foto: Shepperd
Aurlandsdalen
Vetlahelvete i Østerbø - Foto: L. A. Aasen
Vetlahelvete i Østerbø

Interesse:  Vandring, Fjell og fjorder

Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Vandring i Aurlandsdalen - Foto: Field Productions

Vandring i Sognefjord-området

Sognefjord-området er eit paradis for vandreentusiastar, med stor rutevariasjon for både nybegynnarar og dei meir erfarne.

Vandring i Sognefjord-området

Kilde:: Visitnorway

The Sognefjord area

Relaterte filmer

Relatert

Vandring

Fjell og fjorder