Gå til innhold Gå til hovedmeny
Flåmsbana, Norge - Foto: Visit Flåm/Morten Rakke
  |  
Flåmsbana, Norge Foto: Visit Flåm/Morten Rakke

Korleis kjem eg til Sognefjorden?

Den inste halvdelen av Sognefjorden ligg sentralt plassert i Sør-Noreg, på grensa mellom Austlandet og Vestlandet.

I tidlegare tider var fjorden nesten den einaste ferdselsåra for å komma hit, men etter kvart har moderne veganlegg gjort det lett å komma til Sognefjorden frå alle kantar av landet.

Dersom du i dag veljer dei kortaste rutene til fjorden, tek det tre til fire timar å køyra frå Bergen, fire til seks timar frå Oslo og fem til seks timar frå Trondheim.

  • Ruteinformasjon Vestlandet: tlf. 177
  • Vegtelefon Sogn og Fjordane: tlf. 175  

Fly

Widerøe har fleire daglege avgangar frå Oslo og Bergen direkte til Sogndal lufthamn. Flyturane tek om lag 30 minutt frå Bergen og 45 minutt frå Oslo.

Ekspressbåt

Heile året har moderne ekspressbåtar daglege avgangar frå Bergen sentrum til Sogndal. På turen innom er desse båtane innom både Vik, Balestrand og Leikanger. Frå 1. mai til 30. september går det også dagleg ekspressbåt frå Bergen og heilt inn til Flåm. Denne båten har i tillegg korrespondanse midtfjords med ferjer til Gudvangen, Kaupanger og Lærdal.

Tog

Fleire gonger dagleg korresponderer tog frå og til Bergen og Oslo med den bratte og spennande Flåmsbana som går frå Myrdal stasjon på Bergensbanen til Flåm ved Aurlandsfjorden.

Ekspressbuss

Komfortable ekspressbussar køyrer kvar dag til og frå Sognefjordområdet.
Frå og til Oslo, Gol, Hemsedal, Fagernes, Lillehammer, Bergen, Trondheim og Lom. Frå og til Lom over Sognefjellet i sommarsesongen. 

Bil

Det er lett å komme til Sognefjorden med bil. Å køyre dei vakre fjellovergangane som fører til Sognefjorden er ei stor oppleving i seg sjølv.

Bestill transport og overnatting nå

Laveste pris garanteres av BookNorway.

  • Fly
    Søk blant alle flyvninger i Norge.
  • Leiebil
    Søk etter leiebil og sammenlign priser på alle norske reisemål.
  • Hytter og feriehus
    Søk blant mer enn 2500 hytter og feriehus.
  • Hoteller
    Søk etter hotell i hele Norge.
 

Oppføringer for Sognefjord area

Finn tilbydere og kontaktinformasjon
Sist oppdatert:  22. februar 2013

Interesse:  Transport

Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Flåmsbana, Norge - Foto: Visit Flåm/Morten Rakke

Korleis kjem eg til Sognefjorden?

Den inste halvdelen av Sognefjorden ligg sentralt plassert i Sør-Noreg, på grensa mellom Austlandet og Vestlandet.

Korleis kjem eg til Sognefjorden?

Kilde:: Visitnorway

Om Sognefjorden

Sognefjorden

Sognefjorden er Norges lengste fjord. I tillegg til sjølve fjorden lokkar attraksjonar som isbrear, fossefall og stavkjyrkjer turistar.

ANNONSER

Sognefjord area

Relaterte filmer

Relatert

Transport

ANNONSER

TEKSTANNONSER