|  
Kviknes Hotel i Balestrand, Norge Foto: Terje Rakke-Nordic Life AS/Fjord Norway

Overnatting ved Sognefjorden

I Sogn bur du godt langs smaragdgrøne fjordar, inntil blå brear, under mektige fossar, på idylliske gardsbruk og høgt til fjells mellom steile tindar.

Opplevingsovernatting

Overnattingsbedriftene ved Sognefjorden har ein fleire hundre år gammal tradisjon som vertskap for både rike og fattige eventyrarar, så her ventar eit stort mangfald av eksotiske overnattingsopplevingar, uavhengig av kva type overnatting du føretrekkjer.

Å sove i lekre, historiske rom og ete kortreist gourmetmat er i seg sjølv ei oppleving, men fleire stader går vertskapet endå lenger for å gjere opphaldet til ei unik oppleving for deg.

Kva med å bli med vertskapet på sykkeltur eller fjelltur, sove i telt i frukthagen, plukke bringebær til dessert, mate lam med tåteflaske, bli varta opp i badestampen utandørs eller synge med når verten spelar piano til deg?

Hotell og rom med frukost

Dei mest kjende hotella i Sognefjordområdet er dei historiske og romantiske hotella, som Kviknes i Balestrand, Walaker i Solvorn, Fretheim i Flåm, Mundal i Fjærland og Turtagrø i Jotunheimen.

I tillegg finn du mange andre heimekoselege hotell, høgfjellshotell, pensjonat, vandrarheimar, fjellstover, gjestehus og betente DNT-hytter mm. På Fanaråken finn du den høgstliggande turisthytta i Noreg, der du søv 2068 meter over havet!

Camping, hytter, feriehus og leilegheiter

Sognefjord er også spesielt kjent for å ha svært mange hytter, sjøbuer, leilegheiter og feriehus med god standard, og dei idylliske campingplassane har hytter i alle størrelsar og prisklassar. I høgfjellet finn du også eit stort tal DNT-hytter.

Kontakt turistkontoret på e-post info@sognefjord.no.

Sist oppdatert:  05. april 2011

Eksterne lenker

Interesse:  Hoteller, Camping, Leiligheter, Hytter og feriehus, Hostel og pensjonat

Del:
Lukk
Del med andre
Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Kviknes Hotel i Balestrand, Norge - Foto: Terje Rakke/Nordic Life AS/Fjord Norway

Overnatting ved Sognefjorden

I Sogn bur du godt langs smaragdgrøne fjordar, inntil blå brear, under mektige fossar, på idylliske gardsbruk og høgt til fjells mellom steile tindar.

Overnatting ved Sognefjorden

Kilde:: Visit Norway

Del dine meninger om denne artikkelen

Relatert

Overnatting i Fjell & Fjord regionen

Bo på campingplass i Hallingdal, lei en hytte eller bo på hotell ved Sognefjorden.
Interesse: Camping, Hostel og pensjonat, Hoteller, Bondegårdsferie, Hytter og feriehus

Om Sognefjorden

Sognefjorden

Sognefjorden ligg midt i hjertet av Fjord-Norge og strekkjer seg heilt inn til dei høgste fjella og den største isbreen i Norge.
Interesse: Fjell og fjorder

Sponsor

SPONSOR

Best Western Hotels Norway

Best Western Hotels er verdens største hotellkjede, med over 4 000 hoteller i 80 land.
Interesse: Hoteller, Overnatting

ANNONSER

Sognefjord area

Ettermiddag
Skyet, Flau vind
1°C

Relaterte filmer

ANNONSER

TEKSTANNONSER