Du har også høve til å spele golf, eller putball, ta båtturar, eller drive med kano- og kajakkpadling. Kjem du med bil, spør etter Bilvandringskartet på hotellet eller i turistinformasjonen. Kartet gir forslag til lokale fotturar på 1-3 timar med start og stopp der du parkerer bilen. Det er også høve til å ta turar på fjorden i veteranskip eller i ei gamal seglskute.
Safari og cruise
På Åkrafjorden Oppleving opplever du traktorsafari til geitestølen på Eikemo, gardsbesøk og guida turar. Fjordcruise med spektakulære Langfoss som høgdepunkt. Smakfulle måltid med lokal mat.
Det finst og muligheiter for guiding og kursing i kajakkpadling. Bli med på padling i det fantastiske øyriket i Fitjar.
Sightseeing på fjorden
Hardangerfjordekspressen går sightseeingtur på tre timar frå Rosendal innover fjorden til Norheimsund og Fyksesundet på søndagar i juni, juli og august. Få friske opplevingar med Austevoll Sjørafting. På ein time kan ein sjå det meste av øyriket Austevoll med sine 667 øyer.
Tysnes Fiskeguiding tilbyr fiskeguiding og kurs i sjøfiske og djupvassfiske.
Ta seglturar med Seladon på 60 fot. Opplev ein eventyrleg seglas i vakker natur frå dei ytste øyar til fjordar, brear og fjell.
Breføring over Folgefonna
Ønskjer du å oppleve Folgefonna er det organiserte turar på isbreen. Norges tredje største bre har eit samla areal på 214 km2. Toppen av Folgefonna er 1662 m.o.h. Det går turvegar opp frå Sundal og Odda. I sommarsesongen har Folgefonni Breførarlag dagleg breføring over breen mellom DNT hyttene Fonnabu og Holmaskjer.
På sykkel i Sunnhordland
Den lengste skilta sykkelløypa i verda, Nordsjøruta, går gjennom sju land og rett gjennom kommunane Sveio, Stord, Fitjar, Bømlo, Austevoll. Det er fleire varierte sykkelruter i Sunnhordland. Du kan sykle på øyane ut mot havet og oppleve små og sjarmerande stader eller prøve deg på Fjord og Fjell-turen som tek deg på ein rundtur mellom Rosendal, Matre og Skånevik.
Sykkelutleige finst fleire stader i Sunnhordland.
Golf
Den ni-hols banen Haugaland Golfbane ligg ved Sveio sentrum. Prestegardsskogen Golfbane på Stord har ni hols golfbane, lengde 3796 meter.
Turforslag
I heile Sunnhordland kan du velja mellom eit stort antal turløyper. Du kan vandre langs Hardangerfjorden eller Åkrafjorden og komme til flotte utsiktspunkt der du ser utover fjorden. Landskapet i Sunnhordland endrar seg raskt frå kystlandskap til trange fjordar med høge fjell og alpint landskap.
På øyane langs kysten finn du fine turar til næraste utsiktspunkt. Ryvarden kulturfyr, Siggjo, Tysnessåto og Stordafjellet. Derfrå ser du ut mot havet og innover øyane og fjordane.
Turforslag finn du på heimesida.. Turlaga i området arrangerer også turar.