Mellom fjordar, og under isbreen Folgefonna, ligg kulturperlene på rekke og rad.
Moster Amfi og Moster gamle kyrkje byr på Nord-Europas vakraste friluftsscene og utandørs teater, med sitjeplass til 1200 tilskodarar. Inne i Moster Amfi ligg utstillinga "Frå heidendom til kristendom".
Spelet "Kristkongane på Moster" skildrar ei dramatisk brytningstid i Noregssoga; Snorre fortel at i år 995 gjorde Olav Tryggvason strandhogg på Moster, etter ferda over Nordsjøen frå England, for å bli konge i Noreg. Her feira han messe og grunnla ei kyrkje. Moster kyrkje er truleg den norske bygdekyrkja som har lengst antikvarisk historie. Inngår i omvisinga til Moster Amfi.
Ved Hummarparken - Espevær kan ein oppleve ein katedral av stille, treverk, stein, vatn, lys og mørke. Eit utruleg byggverk på 950 m2 overdekka sjøflate. Høyr historia om hummerfisket og sjå gamle fiskereiskap. Ope kvar dag i sommarferien og elles ope etter avtale.
Tlf: 977 81 306
Langfoss og Åkrafjordenhar det femte høgaste fossefall i Noreg. Kåra til verdas flottaste foss i 2006. Total fallhøgde 612 m.
Skandinavia sitt minste slott, Baroniet Rosendal, er det einaste av sitt slag i landet og ein av dei største attraksjonane på Vestlandet. Slottet er mellom anna kjent for den storslåtte renessansehagen og for eit rikt kulturprogram med konsertar, borggårdsteater og kunstutstillingar.
Kvinnherad kyrkje frå 1250 er ei av dei eldste middelalderkyrkjene i landet.
Museum
Halsnøy kloster på Halsnøy stod ferdig i 1164. I dag er ruinane frå klosteret museum. Ny tunnel til Halsnøy i år gjer Halsnøy kloster lett å nå.
På Ryvarden finn du mellom anna Galleri Ryvarden, kunstatelier og Flokemuseum. Minnesmerke om dei 16 omkomne etter Sleipnerforliset.
Sunnhordland Museum sitt hovudtun ligg på Stord, få minuttars spasertur frå Leirvik sentrum. Der er det samla 11 gamle bygningar.
Heimen til komponisten Fartein Valen (1887-1952) ligg i Valevåg i Sveio. Heimen hans er bevart som museum.
Breen Folgefonna
Steinparken er eit populært besøksmål ved Folgefonna . Her er steinblokker bearbeidde og samstilt på ein unik måte som viser det geologiske mangfaldet på Folgefonnhalvøya. I Steinparken finn du og ein skulptur av kunstnaren Bård Breivik.
Folgefonna er Norges tredje største bre har eit samla areal på 214 km2. Toppen av Folgefonna er 1662 m.o.h. Folgefonna Nasjonalparki Rosendal informerar om nasjonalparken og kan gi råd om korleis ein kan oppleve Folgefonna Nasjonalpark.