|  
Sveio i Sunnhordland, Norge Foto: Sveio kommune/Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Fakta om Sunnhordland

I Sunnhordland finn ein eit av landets mest sermerkte og varierte landskap.

Her kan ein i løpet av nokre få timar flytta seg frå det opne og dramatiske havet, gjennom eit fascinerande fjordlandskap og enda opp på "Noregs tak". Sunnhordlandsnaturen ligg klar med store opplevingar for dei som ynskjer å ta den i bruk.

Havet

Ytst i regionen er det havet og kystlina som pregar landskapet. Tenk deg å oppleva havet slå inn mot fjøresteinane på Bømlo eller i Austevoll. Eller kan hende det freistar meir å sjå sola gå ned i havet frå Ryvarden fyr. Uansett ver vil ein tur i desse karrige men livskraftige delane av regionen, vera eit minne for livet.

Fjord og øyar

Kjem ein lengre inn i regionen er det eit fascinerande øy- og fjordrike som opnar seg. Det finst tusenvis av små og store øyar her i området, alle prega av det vennlege og gjestmilde sinnelaget sunnhordlendingane har.

Noregs nest lengste fjord, Hardangerfjorden, har og sin start i Sunnhordland. Den 179 kilometer lange fjorden, som ofte vert kalla "Dronninga av dei norske fjordar", har og sett sitt preg på regionen.

Fjell og bre

I den inste delen reiser dei stolte sunnhordlandsfjella seg opp. Her finn ein fjelltoppar som ragar heile 1700 meter over havet. Fjella omkransar den tredje største isbreen vi har i landet – Folgefonna. Den storslåtte breen ligg som ei stor iskake utover fjella på Folgefonnhalvøya.

Ned frå fjella stupar også nokre av dei vakraste fossane vi har i Noreg. Sommaren 2005 vart Folgefonna Nasjonalpark, den 25. nasjonalparken i Noreg, opna her.

Historie

Til liks med den sermerkte naturen, har Sunnhordland og ein mangfaldig historie å fortelja dei tilreisande. Sunnhordland var blant dei fyrste områda der folk busette seg i Noreg, og opp gjennom tidene har området hatt ein spesiell plass i historia.

Dette har gjort sitt til at Sunnhordland er mellom dei områda i landet med flest forn- og kulturminne, minne som fortel historia tusenar av år attende.

Fangstmenn og båtbyggjarar

Fangst har alltid vore viktig når folk sette bu. Slik var det også i Sunnhordland, der innbyggjarane alltid har vore flinke til å nyta dei ressursar naturen gav. Fisk frå hav og fjord og jakt frå dei flotte jaktområda har alltid vore viktige premissar for folket i denne delen av Hordaland.

Sunnhordlendingane har alltid vore eit farande folkeferd. Difor vart bygging av båtar tidleg ein viktig aktivitet her. Framleis er dette ein viktig næringsveg – no representert gjennom bygging av moderne skip og verdas største oljeinstallasjonar.

Religion

Sunnhordlendingane har alltid vore eit gudfryktig folkeferd, dette gjeld både i norrøn og nyare tid. Difor var det heller ikkje utan grunn at Olav Tryggvason steig i land i 995 på Moster for å ta over kongsmakta og starta kristninga av landet.

På denne staden finn ein framleis ei av de eldste kyrkjene vi har i landet – Moster kyrkje. På Halsnøy bygde Erling Skakke frå Etne eit av dei mektigaste augustinarklostra vi har hatt i Noreg.

Vikingtid og adelskap

Med sin sentrale geografiske plassering, var det mest ikkje til å unngå at Sunnhordland vart eit sentralt område i vikingtida. Med vikinghøvdingar som ofte for i vesterled, vart regionen eit sentralt utgangspunkt.

Det er difor ikkje få plassar ein i dag kan sjå minne frå denne tida. Seinare gjorde adelskapet sitt inntog og i 1665 stod Baroniet Rosendal ferdig – det einaste av sitt slag i Noreg.

Folkeliv

Det viktigaste i eit kvart område er likevel folket sjølv. Med den yrande aktivitet som har vore i Sunnhordland, har dette sjølvsagt gitt grobotn for eit yrande folkeliv. Den folkelege kulturen knyt folk saman og er heldigvis blitt tatt godt vare på rundt om i heile Sunnhordland.

Sist oppdatert:  06. februar 2009
Baroniet Rosendal, Norge - Foto: Samarbeidsrådet for Sunnhordland/Kjartan Pettersen
Baroniet Rosendal, Norge
Stord i Sunnhordland, Norge - Foto: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Stord i Sunnhordland, Norge
Del:
Lukk
Del med andre
Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Sveio i Sunnhordland, Norge - Foto: Sveio kommune/Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Fakta om Sunnhordland

I Sunnhordland finn ein eit av landets mest sermerkte og varierte landskap.

Fakta om Sunnhordland

Kilde:: Visit Norway

Del dine meninger om denne artikkelen

Om Sunnhordland

Turistinformasjon i Sunnhordland

Det finst turistkontor over heile Sunnhordland.
Interesse: Turistinformasjon

Fakta om Haugesund og Haugalandet

Haugalandet omfatter kommunene Haugesund, Bokn, Etne, Karmøy, Sveio, Tysvær, Utsira, Vindafjord og Sauda.

Turistinformasjon i Haugesund og Haugalandet

Turistinformasjonen ligger midt i Haugesund sentrum.
Interesse: Turistinformasjon

ANNONSER

Sunnhordaland

Natt
Regn, Stille
0°C

Aktuelle filmer

ANNONSER

TEKSTANNONSER