Voss byr på adrenalinkick for store og små, med klatrepark, rafting, paragliding og fallskjermhopp som nokre av aktivitetene du kan ta del i.
Crossover på Voss
Bruken av uttrykket "crossover" er stert knytt til den årlege jazzfestivalen Vossa Jazz, gjennom så kalla Ekstremjazz-konsertar. Då ekstremjazz vart introdusert for fyrste gong, kunne publikum oppleva ein jazzkonsert på toppen av fjellet Hanguren, frå ein scene bygd av snø og is, der fallskjermhopparar og paraglidarar skapte ei fargerik ramme rundt konserten.
Med utgangspunkt i dette, har crossover blitt ein måte å forklara besøkande og lokalbefolkning at på Voss ligg det godt til rette for å oppleve særpreget i vår lokale kultur og tradisjonar gjennom aktivitetar slik som rafting, fallskjermhopping, vandring, sykling og skikøyring.
Til dømes så kan du ved større arrangement, slik som Ekstremsportveko, få ein smak av Voss gjennom Vossameny. Som besøkande til Voss har du muligheten for å utnytta mangfaldet i aktivitetstilbodet, slik at du finn fram til din crossover oppleving som passar ditt behov og utfordrar deg innan dine grenser.
Vinter
Med våre to skisenter så er me vågale nok til å påstå at Voss er eit skimetropol på vestlandet, med løyper som passar for heile familien. På Voss kan me tilby totalt 50 kilometer løyper og 19 heisar. Sesongen vil variere ut frå snø og vêrforhold, men ein kan seie at skisentra har sesongope om lag frå midten av november/desember fram til april/mai.
Voss Resort
Voss Resort er eit tradisjonsrikt og veletablert skisenter med 12 heisar, 14 løyper og terrengpark. Velkomstsenteret ligg i Bavallen, 5 kilometer frå Voss sentrum der du i gåavstand kan koma deg til skisenteret via gondolbanen Hangursbanen. Gratis buss frå Voss sentrum.
Voss Fjellandsby – Myrkdalen
Voss Fjellandsby – Myrkdalen er eit forholdsvis nytt skisenter, stadig under utbygging, med seks heisar, elleve løyper og terrengpark. Skianlegget ligg i Myrkdalen, berre ein 25 minuttars køyring frå Voss sentrum. Gratis buss frå Voss sentrum i helger og feriar.
Andre vinteraktivitetar
- Norge i eit nøtteskal. Ein rundtur med tog, buss og fjordcruise, som inkluderer Flåmsbana og Nærøyfjorden.
- Kanefart og opplevingar med hest
- Sightseeing i helikopter
- Tandem paragliding
- Utandørs boblebad og sauna
- Rappellering
- Shopping
Sommar
I nesten 200 år har Voss teke i mot besøkande på jakt etter opplevingar basert på natur og lokal kultur og tradisjonar.
Voss er òg eit framifrå utgangspunkt for å utforske regionen, lokalisert kun ein times tid frå Bergen og mellom dei kjende fjordane Hardangerfjorden og Sognefjorden. Anten du no søkjer fred og ro i vene omgjevnader eller ynskjer å utforske deg sjølv gjennom aktivitetsopplevingar, så kan Voss tilby opplevingar for dei fleste.
Vandring og fotturar
På Voss er det varierte muligheter for vandring, frå kortare turar på stølsvegar og merka stiar til lengre turar i kjende Stølsheimen eller andre fjellområde på Voss. Ta kontakt med Voss Turistinformasjon for turforslag og kart. Hugs at veret kan skifte fort i fjellet og godt utstyr er difor viktig når du tek fjellet fatt.
Guida fotturar på Voss og området rundt
- Vossafjell
- Myrkdalen Event
- Voss Rafting Senter
- Heritage Adventures
- Voss Resort
Sykling i Vossaområdet
Rallarvegen, den kjende anleggsvegen langs Bergensbanen frå Haugastøl leier òg til Voss. Om du tek toget til Finse så kan du sykle Rallarvegen til Voss på ein dag. I tillegg til rallarvegen, så finst det fleire sykkelruter, for det meste langs bygdevegar som tek deg innover i kulturlandskapet på Voss, samt område eigna for fjellsykling. Ta kontakt med Voss Turistinformasjon for meir informasjon om sykkelruter på Voss.
Andre sommaraktivitetar
- Fjellridning i Stølsheimen
- Rafting og familierafting
- Hav- og elvepadling
- Rundturar og dagsturar frå Voss til Flåm og Sognefjorden eller Hardangerfjorden
- Tandem fallskjermhopping
- Tandem paragliding
Events
Gjennom ei året kan Voss presentera ei rekkje årlege og tradisjonsrike arrangement, som har vakse seg fram til å bli velkjende både nasjonalt og internasjonalt:
- Vossa Jazz
- Ekstremsportveko
- Voss Blues & Roots Festival
- Smalahovesleppet
- Osafestivalen