|  
Utsikt fra Hanguren i Voss, Norge Foto: Svein Ulvund

Attraksjonar på Voss

Stalheimskleiva og Nærøydalen, Tvindefossen, Vangskyrkja og utsikten frå Hanguren er eksempel på naturperler og kulturarv som Vossingane er stolte av.

Stalheimskleiva

Ein av dei brattaste vegane i Nord-Europa, bygd i perioden 1842-1846. Vegen slyngjer seg i 13 hårnålssvingar mot toppen, der ein finn Stalheim Hotell. På kvar side av kleiva kan ein sjå Stalheimsfossen (126 meter) og Sivlefossen (142 meter). Stalheimskleiva ligg ca. 35 km aust for Voss sentrum, langs E16 retning Oslo.

Tvindefossen

152 meter høgt fossefall ved Tvinde Camping, ca. 12 km nord-aust for Voss sentrum langs E16. Det er veg og deretter sti til toppen av fossen. Fint å kombinere opplevinga med ei lengre vandring langs sti eller stølsveg til Afdal-Prestølen eller Leidal-Hustveit. Ta kontakt med Voss Turistinformasjon for turforslag eller sjå bilvandring.no.

Utsikt frå Hanguren

I gangavstand frå Voss sentrum kan ein ta Hangursbana opp til Hanguren, 660 m.o.h. På utsiktskaféen har du panoramautsikt over Vossevangen og fjella rundt. Eit godt utgangspunkt for fjellturar i eit fint turterreng.

Vangskyrkja

Bygd i 1271 – 77 og ligg plassert midt i Voss sentrum. Vangskyrkja er ei brukskyrkje med gudsteneste kvar sundag kl. 11 og andre kyrkjelege tilskipingar. Om sommaren er kyrkja open for turistomvising. Brosjyre med nærare informasjon kan ein få i kyrkja.

Bordalsgjelet

Opplev villmarka i gangavstand frå Voss sentrum. Det djupe og dramatiske Bordalsgjelet er tilrettelagt for publikum med sti innover i gjelet, utsiktspunkt, informasjonstavler og benker. Her har du god utsikt til dei fantastiske jettegrytene, men hald deg til dei oppmerkte stiane. Fint å kombinere med eit besøk til Dagestad Museet som har ope 11 - 15, tysdag - laurdag  i juni t.o.m. 15. august.

Sist oppdatert:  05. april 2011
Tvindefossen i Voss, Norge - Foto: Svein Ulvund
Tvindefossen i Voss, Norge
Bordalsgjelet i Voss, Norge - Foto: Svein Ulvund
Bordalsgjelet i Voss, Norge

Eksterne lenker

Interesse:  Naturattraksjoner, Bygninger og monumenter

Del:
Lukk
Del med andre
Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Utsikt fra Hanguren i Voss, Norge - Foto: Svein Ulvund

Attraksjonar på Voss

Stalheimskleiva og Nærøydalen, Tvindefossen, Vangskyrkja og utsikten frå Hanguren er eksempel på naturperler og kulturarv som Vossingane er stolte av.

Attraksjonar på Voss

Kilde:: Visit Norway

Del dine meninger om denne artikkelen

Om Voss

Voss

Voss - bygd for sterke opplevingar! I nesten 200 år har Voss teke imot turistar som søkjer aktivitetar basert på natur og kultur.

Turistinformasjon på Voss

Voss Turistinformasjon kan hjelpe deg med å planlegge opphaldet ditt, både før og under reisa og ligg sentralt plassert i Voss sentrum.
Interesse: Turistinformasjon

Fakta om Voss

Voss ligg sentralt plassert på Vestlandet, langs Bergensbanen og E16 (Oslo – Bergen). Bygda er eit levande regionsenter med nær 14 000 innbyggjarar.

ANNONSER

Voss

Natt
Sludd, Flau vind
-2°C

Relaterte filmer

Relatert

Naturattraksjoner

Bygninger og monumenter

ANNONSER

TEKSTANNONSER