Handelssenteret Voss
Voss er eit regionsenter for indre Hordaland, tilrettelagt for handel og ulik tenesteyting. I sentrum av Voss finn du handlegata Vangsgata med ei rekkje butikkar av ulike slag, inkludert klesbutikkar, gull- og sølvsmed, sportsbutikkar og matvare.
Følgjer du Uttrågata, som ligg parallellt med Vangsgata, gjennom lyskrysset og austover over Langabrua, kjem du til kjøpesenteret Amfi som saman med Vangen utgjer eit allsidig handletilbod på Voss.
Sportsvarer på Voss
Nokon vil kanskje hevda at her på Voss så er me bortskjemde når det gjeld utvalet som finst når det kjem til klede og utstyr for sports- og friluftsliv. Heile sju butikkar kan knytast til denne kategorien, her i ei bygd med ca. 14 000 innbyggjarar.
Ein av butikkane er mellom anna Kari Traa-butikken vår, som ligg midt i Voss sentrum. Kari Traa er født og oppvaksen på Voss og kan vise til sportslege bragder innan kulekøyring og freestylesporten der ho har medaljar frå OL og VM. Gjennom Kari Traa AS har ho slått saman sine to interesser, sport og kreativitet, og laga eit sporty, vågalt og sprudlande kleskonsept.
Vossakunst og handverk
Er du på jakt etter noko spesielt frå lokalområdet, då har Voss ei rekkje lokalkunstnarar og handverkarar som sel produkt i frå eigne verkstad og gjennom andre salsstader.
Linda Lid
Vedbrent keramikk med særpreg. Verkstad og salsutstilling. Sentrumsnært, føl vegen langs Vangvatnet (ikkje E16).
Besøksadresse: Vikjavegen 401, Nesthus, Voss
Tlf: 56 52 00 29 / 480 79 468
E-post: lindalid@start.no
Galleri Voss
Galleri i sentrum av Voss, med skiftande utstillingar av norsk samtidskunst og sal av norsk kunst og handverk, inkludert lokal kunst.
Besøksadresse: Stallgata 6-8
Tlf: 56 51 90 18
Husfliden
Butikk i Voss sentrum med sal av lokalproduserte varer.
Besøksadresse: Vangsgata 22
Tlf: 56 51 16 19
StrandaFlid
Handverksmesse på Vinje, ca. 20 km frå Voss sentrum. Open sommarmånadane, med sal av produkt frå ca. 100 lokale leverandørar av trearbeid, rosemåling, vevnad m.m.
Besøksadresse: Vinje, 5713 Vossestrand
Tlf: 975 10 392
Opningstider (sesong juni - august):
- Måndag stengt
- Tysdag - fredag kl. 11 - 18
- Laurdag kl. 11 - 15
- Søndag kl. 12 - 18
Treskjerartunet Nymark & Mørkve
Verkstadutsal med trefigurar og grafikk. Ligg i Myrkdalen, ca 30 km frå Voss sentrum.
Besøksadresse: Tveitavegen 4, Myrkdalen, 5713 Vossestrand
Tlf: 990 35 733
E-post: arne.morkve@treskjerartunet.no
Opningstider:
- Måndag - fredag: 10 - 18
- Laurdag/sundag: Varierande opningstider. Ta kontakt på 990 35 733 for informasjon.
Kulturverkstaden Magasinet
Verkstad for ei rekkje lokale kunstnarar innan trearbeid, bilete, glas, keramikk og grafikk. Høve til å kjøpa kunst direkte frå verkstad. Gangavstand frå sentrum.
Besøksadresse: Magasinvegen 16, Voss (Tvildemoen)
Tlf: Voss Turistinformasjon: 56 52 08 00
Opningstider: Ta kontakt med Voss Turistinformasjon for meir informasjon.
Hendrieke Berg
Verkstad og galleri med ei variert salsutstilling av handgravert glas, handkolorerte koparstikk (grafikk) og smijern. Sentrumsnært, føl vegen langs Vangvatnet (ikkje E16).
Besøksadresse: Vikjavegen 709, Eimstad, Voss
Tlf: 56 51 21 50/907 20 579
E-post: hendberg@online.no
Opningstider: Måndag - laurdag
Erik Blindheim
Keramikar med verkstad og salsutstilling av kunsthandverk. Sentrumsnært, føl vegen langs Vangvatnet (ikkje E16).
Besøksadresse: Vikjavegen 714, Eimstad, Voss
Tlf: 56 51 44 41
E-post: eri-blin@online.no